• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Hatleking

101
Brann / Sv: Spillerbørs 2017
June 20, 2017, 22:21:03 PM
Leciejewski 7

Nouri 8
Wormgoor 5
Acosta 6
Kristiansen 5

SHN 7
Barmen 6
Haugen 8

Braaten 9
Orlov 6
Gilli 5
102
Kamper / Sv: BRANN-STABÃ?K 19.06.2017 19:00
June 20, 2017, 12:41:15 PM
Det var herleg på Stadion i går. Altfor få folk, sjølvsagt, men det kom til og med solgløtt. Me er det klårt beste laget og vinn fullt fortent sjølv om - som folk seier - at 5-0 hovudsakleg skuldast god effektivitet. Me må hugse på at grunnen til at Stabæk kjem til sjansene sine, er jo at Brann faktisk går etter fleire mål. Det er ein balansegang, men viss me hadde lagt oss bakpå etter 1-0 så kunne det jo blitt farleg. Me har utvikla oss ekstremt offensivt. Då vil det naturlegvis vere litt farlegare bak når ein står høgare i bana.

No er det eigentleg slik at eg gjerne ser at Vega kan starte ein heimekamp. Gilli er god og jobbar bra, men innhoppet til den lille teknikaren var veldig, veldig lovande. Færøyingen har ikkje vore dårleg, men har heller ikkje vore like innvolvert som han har vore tidlegare. I tillegg må me hugse på at me spelar i tre turneringar, så me kan ikkje starte med dei same elleve i alle kampar framover.
103
Quote from: Jose Arrogantio on June 05, 2017, 11:13:46 AM
Mangelen på rullering kan også forklare hvorfor vi blir så slitne også. Når de samme spillerne skal spille hver kamp er det klart det tar på. LANs største svakhet i mine øyne.


Det er ein balansegang. Ein kan òg seie at det å sette eit førstelag har fått oss dit me har kome. Men eg er einig i at erstattarane gjorde ein bra jobb i går. Skaanes var ein av dei som hadde krefter heile kampen òg.
104
Me var best i den første omgangen, dei var best i den andre. Greitt med uavgjort og også greitt med poeng borte mot Odd for Brann.
105
Lurar litt på om Nilsen ikkje vil gå i Aafk-fella og ikkje tømme laget for krefter for tidleg. Viss tendensen fortset skal Odd slite med å halde teitt bak der.
106
Kamper / Sv: Cupen 2017
June 01, 2017, 19:25:37 PM
Quote from: Ricky on June 01, 2017, 19:24:00 PM
2-1 til Mjøndalen etter snaue 65 minutter..


Me heiar vel på dei i kveld?
107
Brann / Sv:
June 01, 2017, 13:48:49 PM
108
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 31, 2017, 20:30:55 PM
Mjøndalen/Strømsgodset - Brann vert neste kamp.
109
Quote from: gladiporno on May 29, 2017, 12:54:42 PM
Nilsen sier selv at spillerne ble slitne og at det var en av grunnene til at Aalesund tok mer og mer over. Det gjør at det enda mer uforståelig at ingen bytter ble gjort før i det 83. minutt.


Han sa i intervju at han synst det var ein vanskeleg kamp å byte folk inn i. Eg har ikkje nok fotballfagleg kompetanse til å sjå heilt den. Det fungerte iallfall veldig bra veldig lenge. Når me vert 10 mann så vert det òg litt vanskelegare.
110
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 28, 2017, 22:01:23 PM
Braaten skal òg stå over, og då er det nok lurt at han får spele.
111
Quote from: Ninja-Bob on May 28, 2017, 21:45:34 PM


Slike småtouch blir det gjort heile tida i kvar kamp. Det er meir typisk at det blir ein 'situasjon' for så at dommar gjer det på den lette måten og gjer kort til begge utan å gå så mykje meir inn i det.

112
Quote from: osoerli on May 28, 2017, 20:13:33 PM


Tull. Inntil det siste kvarteret hadde me full kontroll på det beste bortelaget i TL. Me slapp opp for krefter. Sisteintrykket kan nok fargeleggje mykje. Men eg er einig i at LAN nok burde ha bytta inn spelarar tidlegare.
113
Brann / Sv: Billettsalgstall
May 28, 2017, 19:43:07 PM
Quote from: krøvel vellevold on May 28, 2017, 19:41:50 PM
12000. Da er det bare å gratulere: Da har forbedringen fra kjedelig fotball til masse scoringer gitt oss sånn omtrent 200 ekstra tilskuere fra i fjor!


Men no vann me ikkje i dag, så då blir det nok færre igjen neste gong:

"Typisk Brann, og nettopp derfor at jeg har sluttet å gå på stadion." (frå Doddo-chatten)
114
Quote from: krakra on May 28, 2017, 19:19:25 PM
Skal Piotr få all skylden for målet? Hva med Kristiansen som nok engang mangler oversikt over hva som skjer rundt seg?


Gyasi hadde eit fantastisk førstetouch og ein utruleg heldig sleiv som gjekk inn frå død vinkel. Ja, Kristiansen kunne sjølvsagt gjort det betre, men det er i utgangspunktet ikkje det aller farlegaste Aafk-spelaren kjem til sjølv med perfekt touch. Piotr står på feil bein og er ikkje etter ballen som går på innsida eingong.
115
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 28, 2017, 19:28:05 PM
Laget?

                             Horwath
              Grønner - Karadas - Acosta
         Jonsson                -                 Vega
            Skaanes - Heltne Nilsen - Braaten
                      SkÃ¥levik - Børven
116
No byrjar det å bli ein del feil frå Polakken. Dei der skal ALDRI inn.

Sånn kan det forresten bli når me ikkje klarar å punktere kampen. Me hadde nok farlegheiter i løpet av dei første 70. Det første gule kortet til Heltne Nilsen er uansett like feil og hadde mykje å seie for avslutninga.
117
Brann / Sv: Billettsalgstall
May 28, 2017, 13:29:53 PM
Kanskje me kan begrave myta om at det berre er å spele god fotball for å fylle Stadion?
118
SÃ¥ me er tilbake til siteringskrig igjen, ja.
119
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 26, 2017, 17:10:21 PM
Nei. Me må ha folk i gang. Snart kjem cup-kampar òg. Det kan bli ein tung haust dersom me spelar med same elleve utover heile perioden.
120
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 26, 2017, 11:32:19 AM
Dette er bra. Viss Brann skal ha ambisjonar om å vinne cupen, så er ein kamp mot Nest-Sotra borte noko ein skal takle. Bortekamp er også fint for å då heller få heimekamp mot eit betre lag i den fjerde runda. Nest-Sotra er gode, men det er trass alt eit andredivisjonslag. Me er pt det nest beste laget i Noreg...
122
Quote from: Lasaron on May 24, 2017, 16:32:49 PM
Sin vane tro opplyser brann.no lagoppstillingen etter draktnummer. Jeg tror det vil se slik ut:

Horwath
Nouri - Karadas - Acosta - Ari
Haugen - SHN - Orry
Vega - Børven - Skaanes

Av uvante spillere er Bildøy og Stenevik på benken.


LAN vil nok gå for å drepe kampen tidleg for så å setje innpå dei tidleg i den andre omgangen. Men eg er einig i at det er litt rart at iallfall Stenevik er på benken.
123
Brann / Sv: Sesongen 2017
May 23, 2017, 21:58:09 PM
Quote from: OmOssSjølOgHansaøl on May 23, 2017, 21:43:14 PM
Quote from: Torvanger on May 23, 2017, 13:13:39 PM
Quote from: Gulløl on May 23, 2017, 12:54:43 PM
Brann-spiller topper børsen. Han har vært Eliteseriens beste:
- Litt overraskende

http://www.dagbladet.no/sport/brann-spiller-topper-borsen-han-har-vaert-eliteseriens-beste---litt-overraskende/67617527


En horribel børs, har ikke sett maken! Ulvestad på KBK og en eller annen Godset-tissetass?


Godt mulig at børsen er horribel, men det er sannelig også artikkelen. Den presenterer jo ikke spillerne i rekkefølge. Hvordan skal man da få oversikt over hvordan børsen egentlig ser ut?

Den andre spilleren de presenterer, Liban Abdi, har 5,50 poeng, men lenger ned på listen finner du flere spillere med høyere poengsum - blant annet Tore Reginiussen med 5,89 poeng, Babacar Sarr med 5,71 poeng og Anders Trondsen med 5,70 poeng. Meningsløst opplegg ...


Dei presenterar vel beste for kvar klubb?
124
Quote from: Lasaron on May 23, 2017, 19:05:15 PM
Hva er det med Grønner og Skålevik?


Skålevik med overtråkk. Grønner med dødsfall i familien.
125
Quote from: Nixon on May 23, 2017, 15:23:40 PM
http://www.brann.no/nyheter/lan-tar-lysekloster-pa-alvor

Nilsen tar ikke lett på oppgaven og mener at Lysekloster holder godt 2. divisjonsnivå.


Men viss me tapar dette så kjem det garantert masse med artiklar om at Brann undervurderar laget.
126
Kamper / Sv: Cupen 2017
May 22, 2017, 10:46:57 AM
Quote from: Billy Elliott on May 22, 2017, 08:54:09 AM
Håper på dette laget:

Horwath
Jønsson - Grønner - Karadas - Nouri
Orry
Skaanes - Stenevik
Vega - Skålevik (Børven inn i pausen) - Bildøy


Tippar dette:

                    Horwath
        Grønner - Karadas - Acosta
Jónsson              -                     Vega
         Larsen - Skaanes - Stenevik
                SkÃ¥levik - Børven
127
Kamper / Sv: Sogndal - Brann, 20.05.17, kl 18:00
May 21, 2017, 12:03:52 PM
Quote from: vekkreist on May 21, 2017, 11:47:44 AM
Blir ikke lei denne idag heller...

https://www.ba.no/se-hoydepunktene-fra-sogndal-brann/v/5-8-579777

Og fine greier at Haugen  hysjer pÃ¥ Sogndal publikum ved scoringen , hehe...
Han fikk vel med seg den  "hater Bergen by...osv"... "sangen"




Herleg å sjå jubelscenane blant Brann-fansen. Folk som faller utanfor plakatane, folk som klatrar og spreller i garnet.
128
Brann / Sv: Tabelltips 2017
May 20, 2017, 21:34:14 PM
Me har no unnagjort ein tredjedel av sesongen. Har folk tru på at tipset dykkar held inn?

Sjølv har eg iallfall dei tre øvste (viss Odd vinn i morgon mot Molde, noko dei plar å gjere). Eg kan nok ha undervurdert Sarpsborg og overvurdert Viking. Molde trur eg får opp dampen etter kvart.
129
Brann / Sv: Positivitets-tråden
May 20, 2017, 21:25:13 PM
Det er ikkje berre det at me har to poeng i snitt, men spelemessig har det vore vesentleg forbetring frå førre sesong. Me har til og med famla bort fem poeng på overtid - likevel ligg me der me ligg no, berre eitt poeng bak serieleiar. Det ser ut som me klarar oss fint utan Huseklepp og Demidov!

Så går me inn i ei tøffare periode. Først skal me slå Aalesund, men etter det møtar me topplaga på rekke og rad.
130
Kamper / Sv: Sogndal - Brann, 20.05.17, kl 18:00
May 20, 2017, 19:31:38 PM
Me står altså med 23 mål på 10 kampar. I heile fjorårsseongen scora me 42 mål. I 2007 fekk me inn 59. Det blir spanande å sjå om me klarar å oppretthalde dette.
131
Brann / Sv: Spillerbørs 2017
May 20, 2017, 19:22:10 PM
Leciejewski          3

Nouri                   5
Acosta                 6
Wormgoor            5
Kristiansen           5

Haugen                7
Barmen                6
Nilsen                  6

Braaten                5
Orlov                    4
Sørensen              4

Karadas                8
132
Kamper / Sv: Sogndal - Brann, 20.05.17, kl 18:00
May 20, 2017, 17:55:46 PM
Ramsland fortsette der han slapp. Fleire harde taklingar, stygge etterslengarar. Det er berre tidsspørsmål før Acosta blir utvist snart.
133
Brann / Sv: Overganger sommeren 2017
May 17, 2017, 14:16:57 PM
Quote from: Jose Arrogantio on May 17, 2017, 14:07:42 PM
Quote from: Hatleking on May 17, 2017, 13:38:45 PM
Jo Inge Berget og Eikrem verkar å vere på veg vekk frå Malmø.

http://www.tv2.no/sport/9133588/


Om de krever minst 2.2 millioner hver for å bli i Malmø så blir de nok for dyre for oss.


Det er nok ikkje veldig realistisk nei, men det er iallfall verdt å nemne.
134
Brann / Sv: Overganger sommeren 2017
May 17, 2017, 13:38:45 PM
Jo Inge Berget og Eikrem verkar å vere på veg vekk frå Malmø.

http://www.tv2.no/sport/9133588/
135
Kamper / Sogndal - Brann, 20.05.17, kl 18:00
May 17, 2017, 11:00:23 AM
Etter to festforestillingar på heimebane fér me til ei bane me tradisjonelt ikkje har gjort det så veldig bra på. I fjor spelte me bra, men Acosta vart utvist og me kjempa oss til eitt poeng. No er me betre spelemessig enn i fjor, medan Sogndal er litt opp og ned. Det å slå Molde borte på 16. mai er sjølvsagt veldig bra.

Me har ingen suspensjonar og ingen skader (med mindre det var noko meir alvorleg på Wormgoor). Sogndal har hatt litt skader på stopparar, så gamle Wæhler spelar no i midtforsvaret. Kan han klare tre kampar på ei veke?

Det blir nok neppe mange forandringar på Brann-laget som knuste Sandefjord i går. På ei våt og seig matte vart det nok brukt mykje krefter sjølv om den andre omgangen var meir bedageleg. Vingane vart tidleg teke ut og startar garantert - men kven kjem til å starte av Orlov og Børven? Førstnemnde er no i best form, men Børven har også periodevis vist ein del når me klarar å ha spelet. På kunstgraset på Fosshaugane Campus bør det vere mogleg å spele fotball, og kanskje er Orlov akkurat så sleten at Børven startar?

Tenkt lag:
                  Piotr
Nouri - Wormgoor - Acosta - Kristiansen
  Haugen - Heltne Nilsen - Barmen
      Braaten - Børven - Gilli

Moglege endringar her: Grønner for Wormgoor, Orlov for Børven
136
Brann / Sv: Sesongen 2017
May 16, 2017, 20:57:13 PM
Quote from: OmOssSjølOgHansaøl on May 16, 2017, 20:54:58 PM
På en fin fotballdag i Bergen skader det ikke at trønderne får spolert morgendagens 17.-maifeiring med tap på hjemmebane (selv om dommeren gjorde sitt for RBK og forlenget 3 tilleggminutter til 7).


Det kunne ikkje ha blitt betre!
137
Quote from: Billy Elliott on May 15, 2017, 10:24:55 AM
Quote from: Gulløl on May 15, 2017, 09:23:05 AM
Høyst tvilsomt om Wormgoor spiller. Sannynligvis gambler ikke LAN med skaden og lar Grønner spille tror jeg.


Huff, hva skal vi bruke kamptråden på å klage på da?


Ikkje undervurder folk. Tenk om Lorentzen kjem innpå og scorar sigersmålet. Då kjem det til å florere av ilsinte bergensarar som meiner at leiinga må gå for at dei lot han fare.
138
Brann / Sv: Sesongen 2017
May 14, 2017, 00:30:03 AM
Me har altså scora nest mest i ES, berre to mål bak Sarpsborg. Rosenborg har to mål mindre igjen. Og det i ei innleiing som har til dels vore litt stang ut (helst baklengs, då). Alt kan framleis skje, men det ser ganske bra ut. Det var utruleg viktig at me slo skikkeleg tilbake etter det som kunne følast som litt motgang.
139
Brann / Sv: Spillerbørs 2017
May 14, 2017, 00:16:02 AM
Leciejewski         5

Nouri                  6
Acosta                5
Grønner              6
Kristiansen          6

Nilsen                 6
Barmen              5
Haugen              6

Sørensen             4
Børven                3
Braaten               6

Orlov                   8
140
Nesten litt godt at utlikninga ikkje kom i slutten av andre, for at Molde kom til å score var gitt. Viss me klarar å gire litt opp i den andre, så kan me fint vinne dette her.
141
Quote from: krakra on May 09, 2017, 13:43:58 PM
Han beveger seg ikke bare. Han oppsøker duellen. At han dukker akkurat i det ballen går forbi betyr ikke at det ikke er offside. Det var en riktig avgjørelse. RBK fikk forøvrig to annullerte mål mot AaFK. Det ene var tvilsomt. Så at alle marginer går RBKs vei er ikke riktig. Det er forøvrig merkelig å skylde på marginene etter en kamp der vi blir rundspilt, taper sjansestatistikken 7-1 og nesten raner til oss ett poeng. Da gikk marginene virkelig vår vei i Lillestrøm. For tapet mot RBK var mer fortjent enn seieren mot LSK.


Staberg og andre er ueinig med deg. Så kan det godt hende at andre kompetente er ueinige med dei igjen, men dette er på alle måtar fullt mogleg å diskutere. Det skal seiast at eg berre såg den andre omgangen, men der var me iallfall rimeleg gode. Korleis tel du sjanser, forresten? Viss ikkje Acosta si avslutning på bakre er ein sjanse, så er det svært lite som er det.
142
Quote from: gladiporno on May 09, 2017, 11:31:58 AM
Quote from: Corran on May 09, 2017, 11:19:06 AM
Quote from: Nixon on May 09, 2017, 07:06:02 AM
Quote from: Corran on May 08, 2017, 22:32:27 PM
Acosta er ikke i en duell


Vi blir nok aldri enige om denne. Men jeg finner det litt rart å mene at Acosta på en offensiv dødball ikke er i en duell. Hva driver han egentlig med der fremme da? Husk på at han aner ikke at han er i offside og prøver derfor ikke å late som han ikke er med i spillet.

Du kan jo være med framme uten å være i en duell. Du er ikke nødvendigvis i en duell om du er foran en motspiller. Han tjuvstartet (derav offside plassert) og ligger foran rbk spilleren På siden av ham kommer en som duellerer med Vito. Og han bøyer seg når ballen kommer så enten skriker Vito eller så vet han at han tjuvstartet. Men han unngår bevist ballen kan det se ut som
Men du har nok rett Vi blir nok ikke enige.


Tidligere toppdommer Per Ivar Staberg er i hvert fall enig med deg.


Bengt Eriksen meinte også at målet burde blitt godkjend. At det er 'udiskutabelt' offside, er det iallfall ikkje. Igjen - marginar på Lerkendal går som regel i favør heimelaget.
143
Brann / Sv: Sesongen 2017
May 08, 2017, 11:19:11 AM
Det har skjedd i tre kampar, men det er altfor tidleg å kalle det eit problem. Ein kan sjølvsagt sjå ein tendens, men det er mykje marginar i spel. Eg synst ikkje at me vart veldig sletne på slutten, heller. Det går litt på marginar, konsentrasjon og at ting stemmer til dei grader for motstandarlaget.
144
Quote from: Nixon on May 08, 2017, 08:45:21 AM
Quote from: osoerli on May 08, 2017, 08:07:12 AM
Quote from: Nixon on May 08, 2017, 07:36:22 AM
https://www.ba.no/sport/sk-brann/eliteserien2017/vi-har-aldri-vart-sa-narme-rosenborg/s/5-8-569964

Vi har aldri vært så nærme Rosenborg, sier Nilsen. Det er vel en sannhet med modifikasjoner. Hadde Rosenborg skårt ett par mål til i første omgang på de store sjansene sine hadde Gilli sin skåring blitt betydningsløs.


Men no skÃ¥rte ikkje Rosenborg.  Og hadde ikkje Piotr lekt Bjarte Flem, og hadde Acosta skÃ¥rt pÃ¥ sin 99% sjanse, og hadde linjemannen sett forskjell pÃ¥ Acosta og Wormgoor......
Dette var eit par hakk opp frÃ¥ i fjor.  Me kunne fort fÃ¥tt med oss bÃ¥de 1 og 3 poeng i gÃ¥r.  I fjor var det meir sjanselaust.  Ein ting er i alle fall sikkert.  Me knuser dei pÃ¥ Stadion.


Joda, vi har kanskje nærmet oss, men resultatet lyger likevel om hvor nære vi er. Det var dessverre en fullt fortjent seier i går etter min mening. Men måten Brann jobbet seg inn i kampen var bra. Det var tross alt en del positivt å ta med seg fra kampen.

Men annulleringen var helt grei. Linjemanne ser nok forskjell, men når en offisdeplassert Acosta aktivt jobber i samme duell som Vito er det da en klar offside?


Det vart diskusjonar på både offsiden og straffesituasjonen. I begge tilfelle kunne det godt blitt dømt i fordel Brann, medan det sjølvsagt også er ei sak den andre vegen. På slike frispark generelt har det ofte - slik eg hugsar det - vore slik at spelarar stiller seg i offside i forkant og på ein måte 'forstyrrar' litt, utan at det blir dømt noko. Acosta spring framover, men det er Vito som header.

Eg såg ikkje den første omgangen, men den andre synst eg var bra. Det hadde på ingen måte vore eit ran om me hadde fått med oss poeng derfrå.
145
Elles vil eg seie at me har utvikla oss i år på ein del område, men me har ikkje fått særleg godt betalt. Likevel står er me på fjerdeplass, to poeng bak andre. Det er ikkje veldig mange forbetringar som skal til for å få oss godt opp på medalje.
146
Marginar og avgjersler går med RBK som vanleg på heimebane.
147
Brann / Sv: Sesongen 2017
April 30, 2017, 22:41:44 PM
Me er fortsatt på fjerdeplass etter denne runda. Med andre ord er med på alle måtar fullt med.
148
Brann / Sv: Karantener:
April 30, 2017, 12:30:24 PM
Quote from: Ninja-Bob on April 30, 2017, 12:28:01 PM
Men strengt tatt så må han rive ned motspelaren fordi han er for treigt oppe i situasjonen. Hadde han vore litt meir påslått så hadde han ikkje trengt å rive han ned bakifrå.


Det var vel heller ei dårleg pasning som gjorde at han måtte gjere det. Viking-spelaren hadde vel i tillegg eit temposkifte Sivert ikkje hadde. Dersom Viking-spelaren hadde kome fri der, hadde det blitt ein veldig farleg overgang.
149
Brann / Sv: Karantener:
April 29, 2017, 20:11:23 PM
Quote from: Torvanger on April 29, 2017, 20:04:57 PM
Så kom det bebudede, unødvendige tredje gule kortet til SHN. Overrasket?

Horribelt at Barmen fikk gult.


Sivert hindra ein overgang. Det var då på ingen måte eit unødvendig då han kom i den situasjonen. Eit taktisk og riktig gult kort.
150
Kamper / Sv: Brann-Viking laurdag 29.04 kl 18
April 29, 2017, 20:10:38 PM
Det folk kanskje ikkje forstår, er at LAN ikkje vil at me skal synke langt bak i bana. Når me ikkje får spelet til å sitte mot eit aggresivt og godt Viking-lag er det håplaust å liksom kaste folk fram i fånytte. Viking er gode på å utnytte fatale feil. Viking hadde ein andreomgang utan målsjanser så vidt eg fekk med meg, så taktisk er det lite å utsette på kampen.