• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Topics - Hatleking

1
Kamper / Sogndal - Brann, 20.05.17, kl 18:00
May 17, 2017, 11:00:23 AM
Etter to festforestillingar på heimebane fér me til ei bane me tradisjonelt ikkje har gjort det så veldig bra på. I fjor spelte me bra, men Acosta vart utvist og me kjempa oss til eitt poeng. No er me betre spelemessig enn i fjor, medan Sogndal er litt opp og ned. Det å slå Molde borte på 16. mai er sjølvsagt veldig bra.

Me har ingen suspensjonar og ingen skader (med mindre det var noko meir alvorleg på Wormgoor). Sogndal har hatt litt skader på stopparar, så gamle Wæhler spelar no i midtforsvaret. Kan han klare tre kampar på ei veke?

Det blir nok neppe mange forandringar på Brann-laget som knuste Sandefjord i går. På ei våt og seig matte vart det nok brukt mykje krefter sjølv om den andre omgangen var meir bedageleg. Vingane vart tidleg teke ut og startar garantert - men kven kjem til å starte av Orlov og Børven? Førstnemnde er no i best form, men Børven har også periodevis vist ein del når me klarar å ha spelet. På kunstgraset på Fosshaugane Campus bør det vere mogleg å spele fotball, og kanskje er Orlov akkurat så sleten at Børven startar?

Tenkt lag:
                  Piotr
Nouri - Wormgoor - Acosta - Kristiansen
  Haugen - Heltne Nilsen - Barmen
      Braaten - Børven - Gilli

Moglege endringar her: Grønner for Wormgoor, Orlov for Børven
4
Då kan me allereie byrje å lade opp til neste kamp. No er jo Bakke tilbake, og han bør gå rett i startelleveren etter mitt syn. Det laget eg håpar på:


                            Opdal
Sævarson - Yaw - Austin - Holmvik
       Solli - Mjelde - Bakke - Moen
          Huseklepp - Guastavino


Så kan Haugsdal kome inn for Solli når han eventuelt går tom. Og viss t.d Mjelde spelar dårleg, så kan huseklepp gå ned på venstrekant, og Hansen kjem inn og tek spissrolla i lag med Gua.
5
Kamper / Kamptråd: Molde FK - Brann 05.04 kl. 20:00
March 30, 2010, 08:42:59 AM
Ja, no er det vel ikkje anna å gjere enn å flyte på den gode bølgjen som me er på. Mi personlege tanke om kven som skal starte er:


--------------------------Opdal
-----Sævarson - Bjarnason - Yaw - Holmvik
Guastavino - Mjelde - Bakke - Vaagan Moen
-----------------Nielsen - Huseklepp


Eg synst det er den beste lagoppstillinga. Eg veit eigentleg ikkje kvifor Nilsen ikkje velde Nielsen framfor Einarson i går. Er forholdet mellom dei to ikkje all verda?