• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Hatleking

3851
Brann / Sv: Overganger 2010
March 15, 2010, 17:34:37 PM
Kan ikkje ein rik sjeik eller prins redde Bergen då?
3852
Tenk om dei hadde fått Hoås. Men akk ja. Får håpe på ein betre kamp mot Viking borte. Eg må berre presisere noko som eg alltid har sagt: Brann kan både tape og vinne mot alle.
3853
Quote from: 1908 on March 14, 2010, 11:07:59 AM
Austin - 6
Fakiri - 6 poeng
Sævarson - 4 poeng
Opdal - 6 poeng
Huseklepp - 5 poeng
Bakke - 6 poeng
Mjelde - 5 poeng
Bjarnason - 5 poeng
Guastavino - 6 poeng
Haugsdal - 6 poeng
Jaiteh - 5 poeng

Jevnt over var hele lager elendig..


Du kan ikkje meine at Sævarson avr den dårlegaste og at Jaiteh var like god som Huseklepp
3854
Nja. Brann var trass alt det førande laget.
3855
Fakiri og Sævarson gjorde ein god kamp. Det kan ingen ta frå dei. Opdal var sikker i det han gjorde, og Huseklepp viste takter av storheit. Austin spelte jo bra. Eg vil ikkje seie at ein 5'ar er ein superkarakter.
3856
Ja, akkurat. Han gjorde det greitt, men vanskeleg å setje karakter på han ut i frå så kort tid. :)
3857
Då spela me 0 - 0 mot Haugesund heime. Det er eigentleg litt for dumt, men viss me ser på statistikkane så slit alltid Brann i starten. Det andre me skal ta med oss er at Brann eigentleg spela ganske bra, og særleg bakover. Viss me tek ein gjennomgong av spelarane:

Opdal: Gjorde ein god kamp. Han slurva litt i utspark, men i feltarbeid og det andre VIKTIGE var han sikker. Det er heilt klart det viktigaste. Han spelte godt.

Sævarsson: Spelte ein oppløftande kamp. Viss han klarar å slå litt meir presise innlegg, så skal eg ikkje klage på den plassen meir. Mangla litt defensivt.

Austin: Spelte godt og var sikker. Me såg heilt klårt korleis han spelte fram, og det er viktig at Brann har ein som kan setje i gong angrepspelet bak. Var dog litt røff, og har ein tendens til å kome på etterslengar.

Bjarnason: Var litt anonym, men klarte ting greitt. Ser heilt klart at han er prega av tidas tann, men får godkjend.

Fakiri: Veldig god kamp av Fakiri. Sjølv om han er høgrebeint så løyste han oppgåva utmerka. Han gjekk på løp framover og jobba godt bakover.

Haugsdal: Gjorde det greitt. Ikkje meir enn ein kunne forvente, men kom til nokre innlegg. Sleit defensivt.

Bakke: Oppløftande for Bakke. Slo litt for mange upresise pasningar, men jobba godt. Spelte relativt roleg og beherska. Så absolutt godkjend av Bakke.

Jaiteh: Spelte dessverre skuffande. Hadde vel kanskje enno litt støre håp for han denne sesongen, men det er nok noko som ikkje stemmer. Eg vil seie at han var Branns dårlegaste denne dagen.

Mjelde: Viser små glimt av potensialet, men eg meiner at ein mellomrolle av spiss og midtbane hadde vore bra for han. Kom til eit par gode sjansar, men misbrukte dei.

Huseklepp: Heldigvis ser me at han ikkje har miste formen frå i fjor. Han gjekk på lure løp, drivla fleire mann og la mange skumle innlegg. Dessverre hang ikkje lagkameratane heilt med på kva han gjorde, og fylde ikkje boksen etc.

Guastavino: Eg ser at han er litt ukomfortabel. Viss han hadde vorte plassert litt lenger bak i bana, så hadde ting vorte betre. Eg ser at han slår lekre pasningar ut mot sidene med stor sikkerheit, så ein burde bruke det potensialet betre. Misbrukte litt for mange sjansar.

Innbyttarar:

Guntveit: Ein ser at han er på veg ut av laget. Ganske svak dei minuttane han var innpå.

Nielsen: Han fekk ikkje mange minuttane, men han gjorde det greitt.



Karakter frå 1 til 10

Branns beste: Austin - 8+ poeng

Fakiri - 8 poeng
Sævarson - 8 poeng
Opdal - 7 poeng
Huseklepp - 7 poeng
Bakke - 6 poeng
Mjelde - 5 poeng
Bjarnason - 5 poeng
Guastavino - 5 poeng
Haugsdal - 5 poeng
Jaiteh - 3 poeng

Hugs at dette berre er ein relativ skala, så Austin var liksom ikkje trippelt så god som Jaiteh etc, men det er i frohold til den norske ligaen.