• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Hatleking

1
Brann / Re: Thore Pedersen
March 27, 2024, 11:25:57 AM
Smart av Pedersen å bli skada for å sikre ny kontrakt.
2
Martin Hellan (20) - Rasmus Holten (19) -  Eivind Helland (18) - Jonas Torsvik (18)


Vi har no ei heil forsvarsrekke i klubben av unge, spennande spelarar som per dags dato har snittalder på under 19 år. Blir veldig spennande å følgje utviklinga deira og eventuell suksess. Gitt at dei tre som ikkje er på utlån får speletid i Brann denne sesongen, er det veldig gledeleg å sjå kva Brann har og ser ut til å satse på.
3
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
February 20, 2024, 15:50:26 PM
Eg har nok ikkje sett eit einaste sekund av Hellan, men alderen er fin og profilen med å vere ein offensiv back er passande. Men tvilar på at Brann er villig til å gå altfor langt opp i pris sidan høgrebacken har god dekning denne sesongen.
4
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
January 31, 2024, 11:22:11 AM
Hove inn hadde vore knall, og eit skikkeleg signal frå Brann. Stallen hadde vore rimeleg komplett, og eg skulle fint levd greitt med Pedersen og Crone som høgrebackar då.
5
Brann / Re: Sivert Heltne Nilsen
January 19, 2024, 13:15:39 PM
Alt treng ikkje vere ein kamp med vinnarar og taparar. Går det gjennom, trur eg det er ein avtale begge partar kan leve greitt med. Flott at den umiddelbare framtida hans verkar spikra no! Det er ikkje mykje Brann har gjort feil så langt i vindauget, men så spørs det på kven som eventuelt kjem inn.
6
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
December 21, 2023, 11:45:57 AM
Veldig gledeleg! No får vi berre håpe at kroppen speler på lag, så blir han ein knallspelar for oss (så lenge han er her).
7
Brann / Re: Dame-fotball i Brann
December 14, 2023, 10:30:50 AM
Ein annan ting er kontinuitet og toppspelarar som blir. Brann er i ein situasjon der dei beste spelarane fort går til utlandet. Då er det vanskeleg å bygge opp toppspel. Om Gaupset held seg frisk framover, blir ho fort ikkje lenge i Brann.
8
Brann / Re: Sivert Heltne Nilsen
December 12, 2023, 23:56:16 PM
Forstår at SHN ikkje er favoritten til alle Brann-supportarar, men det kan knapt overdrivast kor viktig han er for Brann. Den jobben han gjer er vital for dette Brann-laget, og det er ikkje rart at han føler han fortener betre vilkår. Han verkar å vere blodseriøs og tek vare på kroppen sin, så skulle tru han klarar å halde lengre. Samstundes må han forstå at Brann ikkje kan signere veldig lange kontraktar gitt hans situasjon og alder. Så håpar dei kjem til eit godt kompromiss som alle kan vere nøgde med.
9
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
November 29, 2023, 13:21:53 PM
God diskusjon her no! Av dei som er nevnt er vel venstreback det siste vi treng, då vi framleis har tru på Torsvik og har henta inn Soltvedt, så Oppegård er nok uaktuelt. Ser ikkje heller at Ørjasæter skal vere aktuell på Brann då vi har mange vinger. Med Castro, Warming, Blomberg og Mathisen har vi meir enn nok spennande kvalitet på kvar flanke. Ikkje er det spesielt gammalt heller, med 27, 23, 23 og 24.

Høgreback er vel den posisjonen som kan forbetrast, men også der kan ein utviklingstype som Sjåtil vere spennande og neppe spesielt dyr. Trur ikkje Brann verken treng eller kjem til å gjere noko særleg av overgangar, med mindre bærebjelker som f.eks Myhre blir solgt. Vi er i ein veldig god situasjon, med andre ord.
10
Brann / Re: Sesongen 2023
November 26, 2023, 23:50:05 PM
For ein vanvittig førsteomgang! Trur også det var dumt at Børsting måtte ut til fordel for Kartum, sjølv om sistnevnte var utkvilt. Men viss vi har ein nokonlunde skadefri tropp neste sesong, så bør det kunne gå an å bevare intensiteten nokonlunde gjennom kampen. Vi har trass alt fem moglege byte.
11
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
November 24, 2023, 16:06:55 PM
Quote from: Hickok on November 24, 2023, 16:05:46 PMHolmen bekreftet ut, med interne erstattere. Begge ungdommene tatt opp i A-stallen.

QuoteBrann kommer ikke til å hente inn en ny andrekeeper, men forfremmer ungguttene Martin Børsheim (18) og Mathias Klausen (16) til A-stallen. Begge spiller fast for sine aldersbestemte landslag og har trent jevnlig med A-laget denne sesongen.

- Vi har to svært lovende keepere som vi ønsker å bygge opp. De er sultne og ivrige og har vist veldig fin utvikling gjennom hele sesongen, men de trenger litt mer «mat» for å ta nye steg, sier Brann-trener Eirik Horneland.

https://www.ba.no/bekrefter-at-han-er-ferdig-i-brann-rart-og-vemodig/s/5-8-2452879

Vanskeleg å vere ueinig i denne avgjersla!
12
Med tanke på skadehistorikken til Torsvik og Kniklas er det uansvarleg å ikkje ha solid dekning i posisjonen deira. Ein ting er spelarar som til dømes Børsting som tolar å spele kamp etter kamp sjølv i teitt kampprogram. Ein annan ting er unggutar som held på å utvikle fysikken sin. Vi vil sjølvsagt satse på dei, men vi kan ikkje stå med hua i handa når dei er ute med skade igjen. Sjå korleis det gjekk i juli etter at Wolfe og Rasmussen forsvann.

Framme på bana er det ein del namn, og eg trur nok at Simba fort er på veg ut. Sande er knapt med i det reknestykket då han framleis er ute i lang tid. Myrlid kan fort ende opp med eit nytt utlån. Då står vi igjen med:

Warming/Castro - Finne/Heggebø - Blomberg/Mathisen

Her er det (forhåpentlegvis) reell konkurranse om alle plassane. Børsting kan nok primært brukast på midtbana, kanskje også som backup på høgreback om Crone forsvinn utan erstattar. Om vi skal vere eit topplag som kjemper i fleire turneringar, synst eg det må vere sopass.
13
I ein sesong med Europa (forhåpentlegvis), skader (sannsynlegvis) og suspensjoner er ein avhengig av å ha ein sterk stall. Det er også neppe lurt for Torsvik å spele alt. Kanskje kan han kome gradvis inn i det ved å til dømes spele 60-minuttarar i starten, slik som Wolfe gjorde det. Det er nok også tilfelle for Kniklas. Eg forstår ikkje problemet her.
14
Vi har naturlege erstattarar for dei som fór ut internt i troppen. Wolfe erstattast av Torsvik. Rasmussen erstattast av Kniklas. Om begge viser seg å vere kjeks, så må ein då feste sin lit til Soltvedt og Kartum.

Elles har vi forsterka oss med Warming. Blomberg, som var del av det flotte offensive i vår, kjem også tilbake. I og med at han forlenga så vil også Kristiansen vere tilgjengeleg i neste sesong. Heggebø har også vist flotte takter, og med ein problemfri oppkøyring kan han vere ein god bidragsyter. Vi har rett og slett mange spennande kort offensivt, og det kan bli eit skikkeleg luksusproblem å ta ut den offensive trioen.
15
Det er ikkje så rart at spelarane blir hylla når ein står med 10 sigrar og ein uavgjort på dei siste 11 eliteseriekampane. Vi har stort sett vore best i alle kampane. Alt i fotball er veldig samansett, men Brann har klart å bruke dei kvalitetane som er tilgjengeleg på ein veldig god måte. Akkurat no er vi best defensivt i ES. Tidlegare var vi kanskje best offensivt. Håpet er at vi kan kombinere det på ein god måte når alle forhåpentlegvis er tilgjengeleg neste sesong. Det er nok sikkert rett at xG er lågare enn tidlegare, men eg har ikkje høyrt mange klage på at Brann spelar kjedeleg denne sesongen uansett.

Torsvik er framleis i klubben og vil med ein frisk kropp forhåpentlegvis få eit skikkeleg, varig gjennombrot neste sesong. Kartum kan sjølvsagt framleis bli ein suksess. Det tek ofte tid å kome inn i det relasjonelle. Kniklas har uansett sjansen til å knabbe plassen om hovudet og kroppen drar i Brann-retning. Eg ser ikkje kvifor Brann ikkje kan ha same trykk neste sesong som i denne. Akkurat no er skader ein stor del av det.
16
Med så mange ute med skader som Brann har hatt, er det ikkje rart at relasjonane ikkje er like gode som i starten av sesongen. Wolfe og Rasmussen var veldig viktige for Brann, og det hadde nok merkast uansett. Med mange spelarar ute vert nivået på treningane også dårlegare, ein må stille med suboptimale lagoppstillingar og det er lite å hive innpå frå benken. At vi står med den rekka vi faktisk har no på hausten er difor ein fantastisk prestasjon, og det er Soltvedt sjølvsagt del av. Det er ikkje lett å kome inn i eit slikt kollektiv med andre eigenskapar enn forgjengaren, men det tok ikkje lang tid før han verka å vere godt inne i laget. Tempoutfordringane hans har blitt maskert på ein særs god måte, og han blir vel fort årets venstreback i Eliteserien.

Prisen vi måtte betale for Soltvedt var sjølvsagt relativt høgt i forhold til tidlegare transaksjonar inn til Brann, men relativt til prisane her til lands no, er det ikkje spesielt mykje. Sarpsborg 08 ga jo også uttrykk for at dei ikkje hadde gjort det viss ikkje Soltvedt sjølv hadde eit inderleg ønske om dette. Kva som hadde skjedd om Brann ikkje hadde henta han kan ein sjølvsagt spekulere i, men min tanke der er at vi ikkje hadde vore i noverande posisjon mtp tilgjengeleg kvalitet og breidde i forsvaret.
17
Brann / Re: Treneren etter Horneland
November 13, 2023, 15:37:35 PM
Får Heltne Nilsen-flashbacks, men dette kan vel umogleg faktisk skje?
18
Brann / Re: Joachim Soltvedt
November 09, 2023, 12:48:30 PM
Eg veit det var (og til dels framleis er) rimeleg stor skepsis til Soltvedt, iallfall på dette forumet. Men eg tvilar sterkt på at vi hadde vore der vi er no om ein spelar ikkje hadde blitt henta på tampen der. Så kan ein sjølvsagt meine at dette burde vere ein annan og at vedkommande burde hatt ein annan profil og prisklasse, men med alt trøbbelet vi har hatt har den ekstra spelaren gjort mykje. Og Soltvedt har sanneleg x-faktor og spisskompetanse, i tillegg til fartsproblem sjølvsagt - men Brann har blitt ganske bra på å kamuflere det.

I tillegg er dette ein spelar vi kan håpe kan halde ganske mange år for Brann. Så lenge kroppen held og han er seriøs i treningsarbeidet kan dette på sett og vis bli ein signering av ein kontinuitetsberar. Vi får sjå kva det blir til, men starten hans i Brann er iallfall meir enn godkjent så langt.
19
No drar det seg til her. Haugesund kjem til å kjempe, men vi bør også vere utruleg motiverte. Håpar at avslutninga vår gir oss masse å drømme om i neste sesong, og at det ikkje fislar ut med dårlege resultat og missa medaljesjanser.
20
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
November 09, 2023, 12:21:07 PM
Quote from: gladiporno on November 08, 2023, 23:56:50 PM
Quote from: Hatleking on November 08, 2023, 23:53:59 PMAngåande arvtakar til SHN, så er det fort gjerne ikkje Hjortseth som er mannen. Det har vel kome ganske tydeleg fram at han er best offensivt og trivst lenger framme i bana, og mangelen på defensiv kompetanse har nok vore ein stor grunn til at vi ikkje har fått sett han særleg i Brann (og moglegens også Åsane). Då kan Helland heller vere ein spennande mann. Han kan spele både stoppar og defensiv midtbane, og det var midtbane han spelte under sist U-landslagssamling.

Han var egentlig omskolert til ankerrollen under Karadas, men har vært tredjestopper i Duartes 3-5-2-system. Tror Brann henter SHN sin erstatter eksternt.

Det kan godt hende, men SHN held nok på ei stund til, så det er ingen garanti for at det blir henta nok ein dedikert DM med det første. Men Helland kan jo vere ein joker som backup om han imponerar i sesongoppkøyringa og ikkje blir lånt ut.
21
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
November 08, 2023, 23:53:59 PM
Angåande arvtakar til SHN, så er det fort gjerne ikkje Hjortseth som er mannen. Det har vel kome ganske tydeleg fram at han er best offensivt og trivst lenger framme i bana, og mangelen på defensiv kompetanse har nok vore ein stor grunn til at vi ikkje har fått sett han særleg i Brann (og moglegens også Åsane). Då kan Helland heller vere ein spennande mann. Han kan spele både stoppar og defensiv midtbane, og det var midtbane han spelte under sist U-landslagssamling.
22
Om Heggebø ikkje startar her, er det nok kroken på døra for hans del for motivasjon for å forbli i klubben. Eg synst uansett det er rett å prøve han no. Ein god prestasjon vil gje ein boost for både han og Brann, og om han ikkje får ting til kan vi bytte han ut underveis. Det er ikkje slik at vi har flust med realistiske alternativ som har kroppar til å spele 90 minutt. Mathisen bør få sjansen på kanten igjen. Castro kan kome inn underveis.
23
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
October 09, 2023, 09:45:39 AM
Quote from: krakra on October 09, 2023, 09:40:50 AMÅsane har en høyreback som ble kåret til årets unge spiller i OBOS-ligaen i september. Nå som Brann har speider og greier bør de klare å sjekke ut ham. Uferdig, men kvikk, aggressiv og god til å utfordre offensivt.

Har ikkje sett Åsane i år, men det ser ut til at han primært er vingback i ein 3-5-2-formasjon. Korleis hadde han passa i Brann sin 4-3-3 med fleire defensive oppgåver?
24
Det er ganske utruleg kva Brann klarte å gjere i går, gitt alle fråværa. Det skal ikkje vere mogleg å vinne sju kampar på rad i den situasjonen vi er i no. Men det seier alt om laget, om trenarane, og at folk drar i same retning. Viss ein ser på forsvaret i går, var det berre "B"-rekkespelarar:

HB: Pedersen -> Crone
HST: Larsen -> Pallesen
VST: Kristiansen -> Helland
VB: Torsvik -> Soltvedt

VIF var dårlege, sjølvsagt, men likevel svært, svært imponerande.
25
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2023/2024
October 09, 2023, 09:38:33 AM
No som både Kristiansen og Palle har fått fornyelser er det vanskeleg å sjå at det blir handla inn ny stopper, gitt at dei vil satse på Holten, som dei fort bør etter det han har vist i Obos. Eg er einig i at vi gjerne kan byte ut Crone med ein ung høgreback, men så spørs det om ein finn ein slik. Crone er uansett andrevalet.

Men kanskje dette blir forsvaret neste sesong?

HB: Pedersen, Crone/NY
VB: Torsvik, Soltvedt
ST: Larsen, Kristiansen, Holten, Palle

Helland kan dra på utlån til Åsane eller eit anna passande lag i Obos.

Det er jo dobbel dekning og burde vere nok, med mindre Kristiansen aldri klarar å kvitte seg med skadeproblema (og Larsen ikkje får enda fleire).
26
Brann / Re: Thore Pedersen
October 02, 2023, 14:34:27 PM
For ei reise han har hatt denne sesongen! Frå ein lovande sesongoppkøyring til skade og deretter fleire svake opptredner i forskjellige posisjonar og slakt av supportarane. No har han i seinare tid gjort solide jobbar i alle forsvarsposisjonane. Det er særs kjekt for Brann å ha ein slik anvendeleg og solid type i stallen - ein forsvarsvariant av Børsting. Vi er tynne i forsvar, men Pedersen er ein nøkkel for at det fungerar så godt likevel.
27
Brann / Re: Joachim Soltvedt
August 21, 2023, 23:38:25 PM
Velkommen til Soltvedt! Vi får ein veldig solid venstreback frå Sarpsborg med ein fantastisk venstrefot. Spelet mot etablert kan betrast med ein slik profil. Eg håpar iallfall at dette er ein spelar som tolar å spele mykje og ikkje har ein skummel skadehistorikk. Det seier nok også at Simba-eksperimentet fekk to kampar før det vart skrinlagt. Så får vi sjå om han vurderast som eit alternativ lenger framme i bana, eller om det blir ein trasig heimkomst for hans del.

Dette kjøpet hadde ikkje skjedd om Torsvik ikkje hadde blitt skada igjen. Men det er nok lurt å ikkje legge alle egga i korga på at Torsvik skal på magisk vis bli fullt restituert og skadefri med det første. Han får heller matchast riktig og ikkje få for mykje belastning for fort. Om det viser seg at Torsvik ikkje har ein kropp som tolar fotball på dette nivået, har vi no ein naturleg venstreback likevel. Om Torsvik blir etter kvart fullt restituert er han rett og slett eit så stort talent at han nok vil få sjansen. I så fall vil han ikkje vere lenge i Bergen. Og Brann signaliserar at dei går for gode resultat. Både i Europa og nasjonalt for å kome ut i Europa igjen. Ved eit slikt sal slepp vi uansett å hamne i den same leie situasjonen som då vi solgte Wolfe.

Brann er iallfall tydeleg på at dei går etter ein lokal profil, noko som har vore etterlyst tidlegare. Så skortar det foreløpig litt på den unge profilen, men det er til dels forståeleg at det ikkje er lett når prisane også innlands har skote i vêret. Ein spelar som Gulliksen måtte Bodø/Glimt betale 25 millionar for.
28
Brann / Re: Overganger sommer 2023
July 19, 2023, 21:56:18 PM
Eg håpar at det er ein prioritert eigenskap for nyervervelser at dei tolar høg kampbelastning og har ein bra skadehistorikk, for SK Tannkjøt har knapt friske spelarar igjen.
29
Brann / Re: Overganger sommer 2023
July 19, 2023, 10:53:22 AM
Lokal, (berre) 25 år, anvendeleg, passar i systemet, billig. Det er mykje å like ved denne overgangen, eigentleg. Men det forutset sjølvsagt at det også kjem andre inn i meir kritiske posisjonar for oss.
30
Brann / Re: Overganger sommer 2023
July 18, 2023, 11:07:00 AM
Viss det er slik at han kjem etter sesongen, kan det hende at han erstattar nokon som ikkje er ute av Brann enno. Kanskje Børsting vil tilbake til Danmark?
31
Brann / Re: Overganger sommer 2023
July 03, 2023, 13:23:03 PM
Kristiansen har vore sopass bra at han kan gjerne forlenge eit år til om han ikkje har spesielt stor risiko for fleire skader. Det er veldig greitt å kunne ha han som alternativ på både backen og som stoppar. Men bærebjelke treng han ikkje vere neste sesong. Forhåpentlegvis får vi hanka inn ein skikkeleg spennande stoppar, som f.eks. Hopland. Å då ha han og Holten i laget kan vere ekstremt lovande for framtida.
32
Brann / Re: Overganger sommer 2023
July 03, 2023, 10:06:59 AM
Dyngeland/Johansen
Pedersen/Crone - Larsen/Pallesen/Holten - NY/Kristiansen - Torsvik
Wassberg/Mathisen - Nilsen/Hjorteset - Myhre/Kartum
Blomberg/Børsting - Finne/Heggebø/Myrlid - NY/Castro

Viss dei to ny-ane er to skikkelege signeringar så kan kanskje tre totalt inn i sommarvindauget vere nok. Ørjasæter ville vore veldig spennande. Av stoppar kunne Hopland på Aafk vore interessant. Det er iallfall to typar det er verdt å bruke litt pengar på.
33
Er det lov å håpe på at Hjorteset kan ta plassen til Rasmussen i neste kamp, eller er det for mykje forlangt?
34
Brann / Re: Overganger sommer 2023
June 05, 2023, 14:41:58 PM
Hopland kan absolutt vere eit spennande namn, og er ein profil Brann bør trakte etter. Det er veldig interessant å sjå korleis dette vindauget ender opp, for det kan vise kva veg Brann har tenkt å gå framover. Til dømes er det kjekt å sjå Torsvik tilbake i cupen og på benken i serien. Kan det vere håp for eit internt opprykk der likevel?
35
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
February 01, 2022, 11:49:54 AM
Quote from: gladiporno on February 01, 2022, 11:47:59 AM
Quote from: Superjack on February 01, 2022, 11:42:58 AMDet fremstår nå som åpenbart at Pallesen og Kolskogen er vårt stopperpar pr nå.

Forstår egentlig ikke behovet for 4 stoppere, om kontinuitet er målet.
Da skal i min bok Pallesen og Kolskogen spille fast, alle kamper. Med mindre det er suspensjoner og skader(forhåpentlig ikke). Altså blir stopper 4 en ren benkesliter.
Da må der være mulig å ha en Moberg eller en Kristiansen til å dekke denne mulige 4. stopperplassen om det er krise.



Med tanke på skadefrekvensen til våre utmerkede stoppere er fire stk. det man må forvente. De fleste klubbene i norsk toppfotball har det, dog gjerne hvor én av fire er lokalt talent. Jeg har bra tro på Kols i et lengre perspektiv. Palle og Hove stoler jeg ikke på.

Kristiansen var forresten en katastrofe som midtstoppervikar mot Viking i fjor, selv om Doddo la skylden på de yngre spillerne.

No er vi vel ikkje i norsk toppfotball lenger. Obos er eit godt steg ned, sjølv om bt og andre vil ha det til at ligaen er så ekstremt vanskeleg. Viss òg Moberg kan spele stoppar er det ikkje nødvendigvis krise. Men det verka vel på Jimmy at Brann har tenkt til å forsterke.
36
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
February 01, 2022, 11:46:29 AM
Einig i at viss alle tre stopparane våre hadde ungått særlege skadeplager hadde det vore nok med dei tre. Så spørs det om Brann vurderar det som sannsynleg at f.eks. Hove kjem til å vere i ein slik forfatning. Einig i at Hove nok er undervurdert.
37
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
February 01, 2022, 10:40:44 AM
Pallesen, Kolskogen og Hove (viss dei er tilgjengelege, vel å merke) skal absolutt vere godt nok i Obos. Ser ikkje heilt kva lag i vår liga som har betre alternativ der. Spørsmålet er jo kva vi mister i frispelingsfasen.
38
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 31, 2022, 17:09:52 PM
Larsen mot ein god slump pengar, videresalsprosent og Sigurd Kvile høyrast ut som ein god deal. Sistnevnte er forhåpentlegvis ikkje så skadeplaga som stopparane våre. Trur det blir vanskeleg å tvihalde på danske når landets beste lag ringer og vi er i OBOS. Men Bodø/Glimt har pengar, og dei skal ikkje få han billeg.

Larsen og Kolskogen bør vere eit spennande og komplimentært stopparpar i Obosligaen. Ein mister litt ballbehandling dog. Og viss t.d. Kvile kjem så trur eg han har mange spennande kvalitetar.
39
Brann / Re: Talentarbeid
January 23, 2022, 14:30:38 PM
Håpar Brann skaffar seg oversikt over talent rundtom, og spesielt talenta i Vestland bør kartleggast. I G18-troppen har Sogndal med to spelarar: Johan Bakke og Erik Flataker. Ser at begge er midtbanespelarar, så er nok fort ikkje plass her no mtp at fleire store lokale talent i lik alder også spelar der, men Brann bør iallfall ha kjennskap. Om nokon har utsikter til å bli ein ny Mannsverk der så hadde det vore fint om Brann var det mest naturlege neste steget.
40
Brann / Re: Sesongen 2022
January 22, 2022, 14:37:00 PM
Om no Pedersen ryk ut og blir erstatta av Moberg, får Brann-stallen ein lokal profil som mange har brølt etter i årevis:

Berre Taylor, Sery Larsen og Simba er utanlandske. Av dei verkar Taylor å vere på veg vekk.

Horn Myhre, Johansen, Rasmussen, Delaveris, Hustad og Kristiansen er dei einaste som ikkje høyrer til Vestland.
Hove er einaste frå Vestland som ikkje kjem frå Bergen eller umiddelbar nærleik. Det er rimeleg ekstremt.

Stor andel av troppen er 25 år eller yngre, og det er fleire lokale talent som verkar å vere førsteval (Aune, Wassberg), kan bli det (Wolfe, Kolskogen) eller generelt har realistiske utsikter til speletid (Blomberg, Haaland, Kvinge m.fl.). Det er langt frå dagligdags når det kjem til Brann, historisk sett. Sery Larsen og Simba er også veldig spennande, unge spelarar. Det er det som gir håp til ein Brann-supportar sjølv om ein må handtere det knusande nedrykket.
41
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 22, 2022, 13:44:54 PM
Quote from: Billy Elliott on January 22, 2022, 13:39:06 PMPedersen på vei bort, ifølge Horneland sitert i BT.

Da gir Moberg inn mer mening.

Pedersen kunne ein vel ikkje rekne med noko særleg uansett denne sesongen, så Moberg inn for Pedersen høyrast veldig bra ut.
42
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 21, 2022, 18:00:45 PM
Quote from: Lasaron on January 21, 2022, 17:50:43 PMLa oss si at Moberg ikke kommer, og at Sønnen blir ute en kamp eller flere. Hva er da alternativene? Pedersen så klart, når han er skadefri, noe han ikke alltid er. Felix, og så sette Blomberg inn på backen - noe som sannsynligvis vil fungere fint. I Obos, med sine ferdigheter og fotballintelligens, vil også Ruben Kristiansen fungere der. Mathias Rasmussen også, og så kan Skaanes gå inn som indreløper.

Mange bra alternativ altså.

Men om Pedersen forsvinner, så er det ok om Moberg kommer på en ettårskontrakt.

Viss Kristiansen som defensivt anker blir ett på som eit bra alternativ, er det iallfall signal på at noko manglar. Trenarteamet har vel tydeleg signalisert at Felix blir back, og då blir han nok back. Rasmussen kan nok gjere ein grei jobb, det er ei rolle han har løyst før. Men det blir ganske annleis enn Heltne Nilsen.
43
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 21, 2022, 17:58:59 PM
Quote from: Lasaron on January 21, 2022, 17:46:14 PM
Quote from: Hatleking on January 21, 2022, 17:44:05 PM
Quote from: Lasaron on January 21, 2022, 17:33:49 PMOm Sønnen er sentral, med Kniksen og Rasmussen som indreløpere, så tror jeg det blir mye kreativt boltrerom for indreløperne.

Kommentar til Hatleking: Det er bedre om et talent må slite benken til fordel for en 30-åring som er mye bedre, enn til fordel for en 30-åring som knapt er bedre.

Ikkje for Haaland. Poenget her er at eg trur at Haaland då ikkje treng å slite benken i like stor grad. Det aller viktigaste for Brann no er å rykke opp. Om Brann meiner at det er nok å hente ein som Moberg for å realisere det, så er det økonomisk lurt. Igjen: Moberg har fått skryt for seriøsiteten og bidrag i treningsmiljøet i Glimt. Treng ikkje vere dumt det. Så tvilar eg på at Moberg blir f.eks. kasta innpå i ein avgjort kamp kontra Haaland. Men om Brann stanger imot og treng duellstyrke i motstanders boks blir det fort Moberg.

Nå spør jeg fordi jeg ikke vet: Av skikkelig gode spillere, når de var unge, ble de bare hevet innpå når kampene var avgjorte?

Nei, men det var eit eksempel. Moberg har sjølvsagt andre eigenskapar og ferdigheiter enn Haaland og kan nok prioriterast i spesielle tilfelle, men om Haaland blir sett på som klar av trenarteamet er det vel liten grunn til at han skal hamne bak i køen der. Tvilar på at Huseklepp ønskjer seg noko slikt.
44
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 21, 2022, 17:44:05 PM
Quote from: Lasaron on January 21, 2022, 17:33:49 PMOm Sønnen er sentral, med Kniksen og Rasmussen som indreløpere, så tror jeg det blir mye kreativt boltrerom for indreløperne.

Kommentar til Hatleking: Det er bedre om et talent må slite benken til fordel for en 30-åring som er mye bedre, enn til fordel for en 30-åring som knapt er bedre.

Ikkje for Haaland. Poenget her er at eg trur at Haaland då ikkje treng å slite benken i like stor grad. Det aller viktigaste for Brann no er å rykke opp. Om Brann meiner at det er nok å hente ein som Moberg for å realisere det, så er det økonomisk lurt. Igjen: Moberg har fått skryt for seriøsiteten og bidrag i treningsmiljøet i Glimt. Treng ikkje vere dumt det. Så tvilar eg på at Moberg blir f.eks. kasta innpå i ein avgjort kamp kontra Haaland. Men om Brann stanger imot og treng duellstyrke i motstanders boks blir det fort Moberg.
45
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 21, 2022, 16:48:12 PM
Quote from: Superjack on January 21, 2022, 16:44:02 PM
Quote from: Lissabon on January 21, 2022, 15:19:41 PMHeldigvis er Mjelde negativ til Moberg, men Brann hører aldri på fornuft når de først har bestemt seg, håpløst.

Trolig vil en slik overgang ødelegge minst 1 talent, frykter jeg.

https://www.ba.no/er-moberg-en-spiller-som-kan-heve-brann/s/5-8-1799499



Det er helt klart en fare at en slik signering vil gjøre at Horneland velger en "trygg" der han ellers måtte valgt en mer risikabel løsning som Haaland eller noe i enkelte kamper.

Og her er utfordringen som er nevnt så mange ganger. Brann MÅ rykke opp.
Det betyr at frykten for å mislykkes kan gå ut over evnen å vinne.

Men viss eit større namn blir henta, så vil Haaland få enda færre minutt.
46
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 21, 2022, 14:03:37 PM
Kva slags skadehistorikk har eigentleg Moberg? Ser det er viss antakelser her, men at speletida i Bodø/Glimt ikkje har vore noko særleg har jo mildt sagt andre moglege grunnar.
47
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 20, 2022, 15:37:08 PM
Det var voldsomt til krisemaksimering her. For å ta det først: kor mykje erfaring, rutine og leiartypar er det i Brann-laget akkurat no? Heltne Nilsen og Pedersen er vel dei første namna, men sistnevnte er ikkje akkurat tilgjengeleg så mykje. Viss dette skjer, blir det fort ein eittårskontrakt på låg løn, og han kan bidra i spelargruppa. Han vart jo henta frå Sverige (trur eg) tilbake til Glimt for å bidra i spelargruppa først og framst.

Wassberg blir satsa på. Det er det ingen tvil om. Moberg kjem ikkje til å sperre for juvelen. Korleis Haaland står veit berre han og trenarteamet, men det er liten grunn til å tru at Brann kjem til å i nokon grad 'satse' på Moberg om det blir ein avtale der.

Om videresal uansett ikkje er eit tema, kvifor er det dumt å ha spelarar i stallen med erfaring?
48
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 20, 2022, 14:23:40 PM
Lokal, ein bra fyr å ha i treningsmiljøet, sikkert liten løn og ein som forstår at han ikkje blir prioritert framfor dei unge, håpefulle. Om ein ikkje får Sakor treng ikkje dette vere dårleg. Har spelt veldig lite dei siste åra, så ser ikkje heilt at han er henta for å gå rett inn som førsteval på indreløparplassen.
49
Brann / Re: Overganger Vinteren 21/22
January 19, 2022, 16:18:59 PM
Enda ein midtstopper er vel ikkje nødvendig, og viss han erstattar Hove så ender vi opp med fire stopparar som strengt talt bør spele regelmessig. Med mindre det kan bety at Larsen er på veg ut.
50
Brann / Re: Sesongen 2022
January 18, 2022, 14:08:07 PM
Med endeleg omskolering på Myhre har vi Nilsen, Wassberg, Rasmussen, Skaanes og Pedersen som midtbanespelarar p.t. Fem spelarar på tre plassar er ikkje enormt, og Pedersen har som kjent ein del skadeutfordringar. Hadde gjerne sett Sakor inn her. Så kan kanskje folk som Haaland luske i buskene bak der.