• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - MortenM

1
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 24, 2018, 13:03:36 PM
Viss Lokosa kjem, får me endeleg mogelegheit til å lage ein song på «Buffalo Soldier»-melodien.
2
Megafonen virka greit den. Det krev nok litt trening og innkjøring for at det verkeleg skal sitte, men Store stå var meir samstemt då megafonen starta sang enn utan. Den fekk òg fleire med heilt umiddelbart i sangen enn mange andre forsøk. Men noko megafonen ikkje kan gjere så mykje med er det ekstreme tempoproblemet på store stå. Det er på tide å innsjå at ikkje alle sangar er klappesangar, og viss ein absolutt skal klappe går det an å holde seg til eit jamnt tempo. Ein må ikkje alltid skru farten opp.

Til og med då me ropte "Obos! Obos!" var det tempoforskjellar som gjorde at me kom i utakt. Det er rimeleg teit.
3
Brann / Sv: �konomitråd
October 22, 2015, 11:34:39 AM
NFF sitt nye poengsystem plasserer Brann i raud sone, skriv BA.

Det er altså ekstremt viktig for klubben at det kjem folk på kampane framover, ref. denne saka.
4
Heimebillettane er utsolgt ifølge Nestsida.
5
Brann / Sv: Sesongen 2015
October 18, 2015, 10:55:44 AM
6
Eg klarer ikkje å sjå på Refugees welcome som eit veldig politisk budskap, spesielt når Brann sjølv har ein aksjon til inntekt for Syria-flyktningane. Det var forøvrig ein fin gest til dei to borna som var maskotar på kampen. Banner som tar til orde for fred i Syria blir svært fort politiske, då det mest sannsynlig må innebære ein form for militæraksjon frå andre land. Som det er nemnd over her, så er Refugees welcome noko som ønskjer folk velkommen til Noreg; det er ikkje eit innlegg i debatten om EU-debatten om byrdefordeling eller kor mange flyktningar Noreg skal ta imot.
7
Brann / Sv: Rune Soltvedt
August 15, 2015, 11:12:00 AM
Få timar etter at Soltvedt forarga mange supportarar med å seie at me var svekka "på papiret" får han Skålevik inn. Stol på strilen.
8
Brann / Sv: Overganger sommeren 2015
August 11, 2015, 17:06:45 PM
Rennie er vel meir høgrekant enn spiss?
9
Brann / Medlemsmøte i Brann, 15.6.15
June 12, 2015, 18:01:41 PM
Det blir medlemsmøte kl. 18-20, mandag 15. juni. Tema er underlag på Stadion, TV-avtale, Brann sitt samfunnsnyttige arbeid, mulighetsstudien for Brann Stadion (og eventuell ny stadion) og strategiarbeidet til klubben.

Lars Arne Nilsen kjem på møtet.

Heile saka på Brann.no.
10
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
June 09, 2015, 12:50:53 PM
Ja, saka var over for vår del; me hadde fått endra regelverket og fått flagget på plass. At NFF så klarar å rote til ei sak som eigentleg er over viser kor dårlig det står til der. Kommentaren "Action speak louder than flags" høyres ut som noko ein gutegjeng på bakerste benk i eit klasserom kan ha komt på.
11
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
June 01, 2015, 14:40:38 PM
No er flagga på plass! I dag er eg ekstra stolt over å vere medlem i SK Brann!
12
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 31, 2015, 20:00:23 PM
Det har blitt sagt om og om igjen, Giles: Dette er eit symbol for likeverd. Det er ein kampanje for likeverd. Viss du meiner at det er ei særinteresse, så får det vere. SK Brann sine lover meiner ikkje at det er det.
13
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 22, 2015, 16:57:11 PM
Eg skulle ønskje at fotballen kunne vere ein fristad frå homofobi. Det er den ikkje. Fotballen er ikkje berre eit produkt, eller rein underhaldning. Fotballen er eit samfunn som har sine problem. Det tar engasjerte folk tak i.
14
Quote from: psv-hasund on May 21, 2015, 20:29:11 PM
Styret pleier å komme til enighet om de ulike sakene, men kommer de ikke til enighet skal det stemmes over disse sakene. Det skal protokollføres hvem som er for, og hvem som stemmer mot. Vedlegger et utkast fra aksjeloven.


Sportsklubben Brann er ikkje eit aksjeselskap.
15
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 22, 2015, 15:48:43 PM
FIFA meiner at NFF tar feil i flaggsaka. Openbart. Dei har jo oversatt regelverket feil.

Josimar skriv om saka her.
16
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 21, 2015, 11:18:50 AM
Eg er ueinig i det, Torvanger. Det er greit å ha noko å samlast over, kanskje spesielt i vanskelege tider. Me er ueinige i kva styret bør gjere med Norling, men me kan samlast i kampen mot homofobi. Det tar ikkje ressursar eller noko som helst under kamp, slik me har lagt dette opp.
17
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 21, 2015, 09:50:41 AM
Quote from: Herman1 on May 19, 2015, 21:50:32 PM
Trådstarter og andre bak dette initiativet; kan ikke dere arrangere en markering fra Bataljons-feltet i stedet?

-Tifo i form av et stort banner man kan holde opp sammen ved innmarsj, homo-flagget (no pun intended) vist frem ved å holde opp ark i de respektive fargene fra hvert sete et.c.?

Jeg er gjerne med på en slik markering. (Sikkert Sportsklubben også). :)

Edit: Evt. slike fargede ark liggende klare på alle setene, om det er øk. og adm. gjennomførbart.

18
Det er svært uvanleg Ã¥ ha avstemningar i styrer. Ein diskuterer seg fram til avgjersler. Nokon tar kanskje dissens, men votering er svært uvanleg. 

Denne kommentaren frå Tormod Bergersen seier det same.
20
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 18, 2015, 13:09:57 PM
"Jævla homo" er òg eit veldig vanleg skjellsord blant skuleungdom, og fotballen har eit ansvar som forbilde. Det skriv NFF fint om i Skeiv Fotball-rapporten, men eit enkelt lite tiltak som kunne symbolisere likeverd seier dei nei til.

Viss likeverd er politikk og noko som ikkje høyrer heime å snakke om i fotballen, så er det rart at både NFF og SK Brann har det som ein kjerneverdi. Dette handlar om at NFF har vrang vilje og tolkar eit internasjonalt regelverk feil. Det er flaut å sjå på.
21
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 18, 2015, 09:28:27 AM
Torvanger: Det blir noko av regnbogeflagg på hjørnene. Det er eg heilt sikker på. Din definisjon av "politikk i vid forstand" er på viddene. At du meiner at at kamp mot homofobi ikkje er noko klubbar bør ta stilling til er trist.
22
Brann / Sv: Ny flaggnekt frå NFF.
May 18, 2015, 09:13:52 AM
Viss folk ser på likeverd som politikk, då har dei eit problem. Viss folk ser på likeverd som samanliknbart med Israel-Palestina-konflika, så har dei eit problem. viss ein ser på kamp mot homofobi som eit politisk standpunkt på lik linje med partipolitiske meiningar, så har ein misforstått. Homofobi er eit stort problem i norsk fotball, men det betyr ikkje at det er institusjonalisert eller har eit ekstremt stort omgang. Det er eit lite mindretal som er homofobe, òg i fotballen.

For meg er fotball eit samfunn som har tydelege problem med inkludering. NFF tydeleggjer problema til fotballen ved å ikkje støtte ein uavhengig markering mot homofobi. Dette blir ekstra spesielt når dei omtalar regnbogeflagget som reklame. Det blottlegg ignoransen deira.

Det negative svaret som NFF har gitt til Brann er ikkje "valid og greit". NFF sitt reglement har to oversettelsesfeil frå FIFA sine Laws of the game. I sin manglande engelskkunnskap har dei viska ut skiljet mellom kommersiell og ikkje-kommersiell reklame, samt skiljet mellom representative og ikkje-representative logoar og emblem. FIFA sitt reglement opnar for ikkje-kommersiell reklame på hjørneflagg, medan NFF sitt regelverk gjer ikkje det. Samtidig seier dei at dei lener seg på eit internasjonalt regelverk.
23
Brann / Ny flaggnekt frå NFF.
May 15, 2015, 11:02:49 AM
Eg og eit par andre Brann-supportarar ville bruke 16. mai-kampen til å markere avstand til homofobi, og feire likeverd. Det er ein sentral verdi i Brann sine lover. NFF sa derimot nei til å erstatte dagens hjørneflagg med regnbogeflagget.

Les heile saka i Josimar.

Eg håper flest mulig kan dele denne saka på sosiale medier. NFF fortjener ikkje å sleppe unna med slike ikkje-svar som at dei ikkje vil ha markeringar inne på bana. Sjølv har dei trumfa gjennom Handshake for Peace.
24
Brann / Sv: Alle bør gå, men til enhver pris?
April 14, 2015, 15:05:31 PM
Kva er forventningane dine til a) billettprisar og b) sportslege prestasjonar? Eg har ikkje rekna på forslaget ditt, men det må vere betydelege summar her, som neppe vert henta inn av at det kjem litt fleire på kamp.

Ved å kutte billettprisane kraftig vil ein i lang tid framover underminere billettinntektene, men òg gi klar beskjed til partoutkortinnehavarane at det finst billegare måtar å sjå kamp på enn å forplikte seg for eit heilt år. Det blir feil. I tillegg vil eit ytterlegare priskutt no, samtidig som færre går på Stadion, føre til endå dårlegare inntekter. Viss Brann skal gjere sportsleg suksess utan å måtte selge dei beste når det passar minst, samtidig som ein skal bli mindre avhengig av investorar, så må nokon finne gull i Christieparken for å få reknestyrket opp.

Om ein ikkje då sikrer seg gode billettinntekter over tid.

Brann har utgifter på nivå med gode tippeligaklubbar. Viss Brann kuttar mykje meir enn det klubben allerede har gjort, kan klubben stå dårlegare stilt ved eit opprykk til Tippeligaen. Inntektene må då samsvare med det. Eg trur ikkje at det er justeringar i pris som kjem til å få publikum til å strømme på. Eg har meir tru på Alle må gå-kampanjen. Det er mulig med kompisbillett til 99 kroner, det er mulig å stå på T-feltet for 150 kr for vaksne og 50 kr for born. Det er ikkje dyrt for det ein Brannkamp skal vere.

Utfordringa vår må vere å få folk til å gå på Stadion, ikkje underminere framtidige inntekter og sette årets budsjett i spel for å kanskje lokke nokon fleire til Idrettsveien på ein av dei mange vekedagane det vert arrangert kamp der.
25
Brann / Sv: Mobilisèr via Facebook!
April 08, 2015, 12:42:32 PM
Alle må gå!
26
Brann / Sv: Årsmøte 2015
March 11, 2015, 12:21:57 PM
Quote from: Kagain on March 11, 2015, 11:25:33 AM

Så at et benkeforslag er å vise valgkomiteen mistillit synes jeg personlig høres ut som vrøvl. Men det er mulig det oppleves annerledes i det mer profesjonelle liv.


Nei, det blir det ikkje. Det er ikkje nødvendigvis vanleg i store bedrifter, men så er ikkje Brann ei vanleg stor bedrift. Dynamikken som ligg bak ein medlemsstyrt kontra aksjonærstyrt klubb er svært annleis. Utbyttet til eigarane av Brann er ikkje monetært, men emosjonelt.


Sent from my iPhone using Tapatalk
27
Brann / Sv: �rsmøte 2015
March 05, 2015, 17:03:17 PM
Quote from: Joggi Bogga on March 05, 2015, 16:22:59 PM


Eg vart spurt av NRK om eg ville kommentere dette i dag, sÃ¥ det kjem nok eit tilsvar til professoren under sporten pÃ¥ Dagsrevyen. Hovedpoenget er at supportarane ikkje er kundar pÃ¥ Ã¥rsmøtet, men eigarar pÃ¥ lik linje med alle andre medlemmer. Eigarar i ei bedrift har rett til Ã¥ jobbe for at sine syn vert ivaretatt og representert i styret. Det er det representativt demokrati er.  

For å forstå organisasjonsdynamikken må ein må forstå at Brann ikkje berre er eit konsern med 100 mill i omsetning, men òg ein medlemsklubb. Der har det skorta ein god del på organisasjonsforståelsen til Kjell Tennfjord, for han fatter fortsatt ikkje dynamikken.
28
Brann / Sv: �rsmøte 2015
March 05, 2015, 09:30:16 AM
29
Brann / Sv: �rsmøte 2015
March 05, 2015, 00:38:41 AM
Ifølge Samnøy skal ikkje Skjeldbred ha trukket seg i protest mot ho. Det er då ein god nyhet på tampen av denne kvelden, men eg er spent på kva grunngjeving ho kjem med.

http://www.ba.no/__Det_har_v_rt_trusler-5-8-32167.html
30
Tifo, sanger o.l.... / Sv: Rikard Norling
March 26, 2014, 20:34:41 PM
Var i Barcelona nylig. Dei brukte Pippi Langstrømpe-sangen.
Kunne hatt noe á la "Her kommer Rikard Norling, ..."
31
Brann / Sv: Partoutkort 09
February 18, 2009, 14:14:49 PM
Quote from: Stian on February 14, 2009, 15:06:26 PM
Vi håper på å få unnagjort plasseringen av de som står på Bataljonen sin venteliste i løpet av et par uker. Vi venter fremdeles på endel info fra Brann før vi kan begynne.


Skal bli godt å få nervøsiteten til å gå bort. Er nummer 29 på listen.
32
Brann / Ufatteleg bra!
May 01, 2006, 22:18:04 PM
Eg hadde problem med stemma ein time før kampstart, pga heftig synging... Genialt.

Eg hadde problem med å sove om natta, pga vondt i halsen...

Slik skal det vere!!!
33
Bataljonen.no / "krise"møtet
April 28, 2006, 23:55:17 PM
Eg kjem sånn ca klokka 19:30++... Men syngegruppe skal eg i! :)
34
Quote from: "NorthsideFCDH"
Quote from: "Esskåbrann"Dette er noe du har regnet på, eller noe du bare antar?


vil tro han bruker rein fornuft uten noe form for kalkulator eller statestikk og diagrammer...

Men når det er sagt, eg vil heller ha en sang når motstanderen blir lest opp eller massiv piping enn å la bortefansen synge for seg selv mens vi ikke sier et pip


Eg trur lydhastigheten er lÃ¥gare pÃ¥ Stadion enn ellers... Det er lite anna som  kan forklare femstemt sang...  :lol:

Men angåande topictema: Det bør ikkje vere stille frå Brannsupportarane under bortelagets annonsering; det vert feil... Vi skal lage lyd, og den lyden skal vere sånn at alle veit at vi hater dette laget frå øst...
Bohemen Brenne!
35
Kamper / BRANN - VIF
April 27, 2006, 12:03:43 PM
Det blir feil å kalle Belfry-folka for supportarar. Det samme med andre som lager bråk. Dei har ikkje noko lag, men diggar bråk. Om desse bråk-supportarane går med Brann-, VIF- eller noko annan drakt er ett fett. Scums...

Kvifor VIF er upopulære i Bergen? Vel, det har med rivalisering å gjere. Men kvifor nokon er villig til å bli voldeleg, er hinsides min forstand...
36
Bataljonen.no / "krise"møtet
April 27, 2006, 12:00:47 PM
Det går jo an å sleppe folk forbi... :) Kan til tider vere vanskelig, men er gjennomførbart.


:P
37
Bataljonen.no / "krise"møtet
April 26, 2006, 22:42:10 PM
NRK blei sikkert invitert, på lik linje med andre kanalar og medium, sidan BBB sikkert vil ha ein open kommunikasjon. Det er ingen som tener på hemmeleghold eller liknande.

Kan desverre ikkje møte opp klokka 17:30 på søndag, men håper at eg kjem meg inn på midten, for å lage liv mote enga.

Til alle som har muligheten, så er det jo berre til å oppfordre om å møte tidlig på kamp, ha lungekapasiteten klar, og ikkje ha store forhåpningar om å drive aktiv stemmebruk mandagen... :)
38
Tifo, sanger o.l.... / Hey Jude
April 26, 2006, 20:02:29 PM
Eg trur vi har nok la-la pga "sjerf-over-hodet-pisset" som EsskÃ¥brann referer til...  :)
39
Bataljonen.no / Kritikk av BBB!
April 25, 2006, 20:13:22 PM
Ved å registrere deg som medlem på dette forumet aksepterer du forumet sine reglar. Om Grunnlovens §100 snakkar om ytringsfridom betyr lite, sidan du har akseptert desse reglane, som begrensar fridomen til å ytre. Gøy er det ikkje, men slik er det. Er mange andre begrensingar på ytringsfridomen i Noreg, så det er ikkje berre til å rope §100 kvar gong nokon ber deg holde kjeft, eller sletter det du skriv.