• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - kirsti

51
Brann / Tiårets kamp !
July 16, 2004, 18:59:30 PM
Sett målet mange, mange gongar, 99% sikker på at det ikkje var frispark. Uansett kom han inn som innbyttar nokre minutt før, det var eit fantastisk mål og ein kamp ein ikkje kan gløyma.
52
Brann / nff IGJEN
July 15, 2004, 18:51:33 PM
Brann har ingen skikkeleg erkerival. Om ikkje kanskje nff? Iallfall min personlege erkerival. VIF er eit lag ein har eit slags respekterande hat mot. Viking er vel ein slags rival, eg trur eg er for ung til å ha noko sterke kjensler der. LSK er eg vel òg for ung til å ha noko hat ovanfor.

Kva rbk angår er det ei kjøleg kjensle som ikkje kan kallast hat. Hat er ei varm kjensle som forutsett kjærleik. Kjensla ovanfor rbk kan vel samanliknast med kjensla eg hadde hatt ovanfor nokon som hadde drept mora mi. Eit kjøleg ynskje om at det heile måtte lide og forsvinne. Og nei, eg er ikkje misunneleg/sjalu, eg er berre drit lei. Eg er såpass ung at eg kan ikkje hugsa anna enn rbk-dominans. Eg vil ha andre minner.
53
Brann / Bot Til Brann
July 08, 2004, 09:23:23 AM
54
Brann / Bot Til Brann
July 07, 2004, 11:59:11 AM
Arrangera ein konkurranse er ein ting. Gi ei bot på 50 000 kr for noko ein ikkje har sjans til å kontrollera er ein annan ting. Brann vurderer sivil domstol. Med god grunn.
55
Brann / Bot Til Brann
July 07, 2004, 11:46:21 AM
Urineringseksempelet er godt. Det sett fingaren på det vesentlege her: Brann blir gitt ansvaret for Brannsupporterar. NFF erklærer Brann for "foreldra" våre. Det er å umyndiggjera oss og å påleggja Brann eit umogleg ansvar.
Kva "spyttarinna" angår har ho gjort noko jækla dumt og uansvarleg, men det trur eg ho har skjønt, og eg trur òg ho har fått ei straff som svir.

Og må eg gjenta til det kjedsommelege?
NFF - har - ikkje - hald - i - norsk - lov - til - dette
56
Brann / Mjelde som trener
July 06, 2004, 17:33:03 PM
Det de seier om Eggen her er vel akkurat normalen?

Eg støtter Mjelde. Resultata har ikkje uteblitt. Eg har hatt mange gode augeblikk med Brann med Mons Ivar som trenar.
57
Brann / Bot Til Brann
July 06, 2004, 17:14:16 PM
Brann bør absolutt ikkje saksøke damen. Ho har fått straff og den saka er oppgjort. Ein annan sak er at bota frå NFF på ingen måte må godtas, då Brann på ingen måte er ansvarleg for kva tilfeldige supporterar føretek seg rundtom i Noreg. Det bør herre Dahl forklare NFF med vennlege ord, og vil dei ikkje høyra, men framleis køyrer på for at Brann skal betala, kan det ordnast med ein liten runde i ein sivil domstol. Me lever i ein rettsstat, og det bør NFF innsjå.

Ein kan bli revolusjonær av mindre enn nff...
58
Brann / Brage - Brann 2-0
July 06, 2004, 16:52:59 PM
Stakkars Brage mista grepet i større og større grad, mot slutten var han heilt ute og kava, hadde ikkje kontroll på noko, tålte ingenting osv. Ein dårleg dommar har mykje til felles med ein dårleg lærar. Dei mister grepet, lar bøllene styre og straffer i blinde når dei prøver å visa autoritet.

Brage kan ta seg eit par år på lærarskula?
59
Tifo, sanger o.l.... / Sang til Robbie Winters!
July 02, 2004, 11:31:40 AM
Konge. Få han ut på lappar til måndagen sånn som dei gjorde med Soma-songen. Skal høyra folk syng, skal sjå Winters scorar!
60
Brann / SS
July 01, 2004, 11:17:37 AM
Fælt å sjå det mest fornuftige innlegget i diskusjonen komma frå ein LSK-supporter...
Alle må litt i seg sjølv. Kvar stemme gjer stor forskjell.
Honnør til "fjortisjentene" på søndag, dei er Brannsupporterar som fortener respekt. Dask på lanken til dei som gjorde narr av dei. Om dei hadde brukt stemmen til å synga skikkeleg istadenfor, hadde det vore god stemning.
Hugser på Nadderud i fjor, me tapte 6-0, men song og sto på. "6-0, seriegull" osv. Sjølvironi er ein god ting, det gjer vonde opplevingar enklare å bæra. "Vi e berømte..." burde ljoma utover Stadion mot slutten på søndag. Kampen var ikkje noko å sjå på, så ingen grunn til ikkje å konsentrera seg om å synga. Redd me kan få bruk for sjølvironien på måndag. Eg akter iallfall ikkje å sippe då, uansett korleis det måtte gå.
61
Brann / Avisers bruk av dette forumet
June 30, 2004, 17:42:17 PM
Velkommen til verda, folkens. Det er sånn journalistar arbeidar. Skjer toppane av alt som skjer, skriv det som er mest skandale. Det andre gidd ingen lesa likevel. Det er vår eiga skuld når me kjøper mest av dei avisene som tenker etikk minst.

Sorry, men slik er det.
62
Brann / Winters på vei til annen norsk klubb ?
June 28, 2004, 21:36:15 PM
For å få avklart dette ein gong for alle:
Oslo-Lillestrøm med vanleg regiontog=10-12 minutt.
Lokaltoga er litt treigare.

Kor gamal e Winters eigentleg? Er det noka form for gunstig pensjonsavtale han håper på? Eg synest Brann bør gi han god løn, men han må òg sjå realitetane, at ein ikkje får gudbetremege lønningar i Noreg (eller Bergen for den saks skuld). Tid for å kalla inn riksmeklingsmannen til Idrettsveien? Trur det trengst. Vore ein del vel steile haldningar hos såvel arbeidstakar som arbeidsgjevar der i det siste...
63
Brann / Winters på vei til annen norsk klubb ?
June 28, 2004, 16:32:16 PM
Saksopplysning: Lillestrøm ligg 10 min utanfor Oslo. Ikkje eit par timar.
64
Brann / fotballpuben
June 28, 2004, 16:25:42 PM
Så utruleg einig med siste talar. Syng og vær glad! (Kanskje litt feil tidspunkt å masa om å vera glad på, men om ei veke er LSK gløymd)
65
Brann / Sannheten om Rønningen salget
June 28, 2004, 16:18:05 PM
"(subjektiv tolkning av Mons Ivars utalelser)"

Med vekt på subjektiv. Eg tolka det ganske annleis. Uansett. Eg vil gjerne tru på det dei seier der borte i lidelsens høgborg, men eg kan ikkje anna enn tvile litt. Mister vi Winters og Soma er det over. Då grev eg eit seks fot djupt hol midt på Stadda og beordrer "dekk!"...

Kva Håkon angår er han ustabil. Det vil gå opp og ned, men totalt sett trur eg han held greit.
66
Brann / Brann videre i cupen.. JAAAAAAA!!
June 25, 2004, 20:20:24 PM
Ikkje nesten alle medaljene. Alle medaljene.
Einig med Candyman. Du får sagt det!

Kem faen e Ricardo? Kem faen e Ricardo?
For vi har HÃ¥kon Opdal...osv
Stemmer ikkje med melodien, men artig nett no!
Ricardo redda berre ei (Beckham bomma heilt sjølv), Opdal tok to!

Gler meg til å sjå meir til han. Var i ferd med å svima av, og så redda han søren meg før han sikkert dunka inn og eg kunne puste att. Så lange cupkampar er ikkje bra for helsa! Glad eg e ung og frisk.
67
Brann / Brann bygger på Stadion
June 25, 2004, 20:09:59 PM
Tomme tribuner ser kjipt ut, men det gir jo god akustikk... Er litt glad i å synge på Ullevaal. Det runger fort. Synest det er latterleg at storklubben Brann i (i norsk målestokk) storbyen Bergen, skal ha ein latterleg liten stadion på under 20 000 plasser. Om dei lagar sitjeplassar over heile fjøla blir me nødt til å finna fram skrutrekkarane og skru plastskiten ned. Særleg når det går dårleg i kampen er det lett å setja seg ned, og då stilner ein fort (erfaring frå Ullevaal).

Nei, 22-25 000, med 21% ståplassar.... >:)
68
Brann / Bryne i kvarten
June 24, 2004, 00:24:15 AM
Eg har og ei vond magekjensle kva dei neste kampane angår. Håper så inderleg at eg tek feil, men kjenst stygt. Rosenborg er Rosenborg. Lillestrøm er nokre seige jævlar. Bodø/Glimt spelte cupfinale i fjor. Men dei gjorde det generelt ganske mykje betre i fjor... Nei, det kan gå strake vegen til ein varm plass...
69
Brann / VÃ¥r skyld?
June 21, 2004, 22:46:56 PM
Ein ting eg la merke til... Ho tøtta på Fossahaugane vart utestengt frå Brann Stadion for resten av livet eller noko i den duren. Totti fekk tre kampar. Og han andre soppen fekk 15 dagar.

Gjeld ikkje ting som "likheit for lova" innan fotballverda?
70
Brann / Brann bøtelegges
June 11, 2004, 10:14:42 AM
Får frysningar på ryggen av det byråkratiet der...
Sikkert mykje av det som er viktig, men tviler sterkt på at det gjeld alt. Om trenaren vår e dårleg (noko det ikkje verkar som han er), er ikkje det vårt problem? Nei, nff er ikkje til for å forstå seg på.
71
Tifo, sanger o.l.... / Treng gamle Brannbilete!
June 11, 2004, 01:13:58 AM
Visst faen. Her er inga kjære mor.
72
Tifo, sanger o.l.... / Treng gamle Brannbilete!
June 10, 2004, 16:08:27 PM
Er det nokon som har gamle bilete av Brann/Stadion el elektronisk? Alt som er eldre enn eit par år er interessant, men jo eldre, jo betre. Bilete frå Bergen by som er eldre enn 10-20 år er òg veldig interessant.
Er til eit filmprosjekt på skula.

Om nokon har noko, send meg ei privat melding her på forumet så fort som mogleg! Tusen takk!
73
Brann / Brann bøtelegges
June 10, 2004, 11:37:30 AM
Eg har ikkje lyst til å vera med å betala på ei bot som er gitt utan hald i lovverk og rettssikkerheit.

Samstundes må ein velja sine slag. Kan Brannsupporterane få eit godt ry angåande anti-rasisme att, er det vel verd eit par kamelar i magen.
74
Brann / Brann bøtelegges
June 10, 2004, 07:47:52 AM
Ein treng ikkje vera advokat for at NFF ikkje har (burde ha?) sjans i ein sivil rettsak.
Kva ansvar har Brann for Brannsupporterar?
Kva ansvar har FrP for veljarane sine?
Kva ansvar har ein forfattar for lesarane sine?

Om NFF vinn ei slik sak kan ein seinare sei at, ja, no har me bevist at gjerningsmannen hadde ei Adidas-trøye på seg når ugjerningen vart begått, så no må Adidas betala bot.

Om ein skal sjå (som NFF) firkanta på ting...
75
Brann / Gi Winters ny kontrakt NÃ?
June 07, 2004, 09:54:07 AM
Robbie Winters kjempar. Han var heilt vill mot HamKam, særleg mot slutten, og målet i går? Dei fleste andre hadde gitt opp halvvegs dit. Vil ha Winters.
76
Brann / Troen på gull
June 06, 2004, 23:38:30 PM
77
Brann / Stemning?
June 06, 2004, 15:50:33 PM
enavgutta har skjønt det. Eg trur me kan løysa mykje (ikkje alt, men mykje) på den her måten.

"No, no skal det bli leven no! Eg, meg sjølv, Brannsupporter, skal gå på Stadion, og same kor eg trur eg kan gjera best innsats, derifrå skal iallfall ikkje eg spara på noko. Eg skal oppfordra venner, familie, bekjente og alle andre for den saks skyld til å gjera det same, og INGEN skal etterpå kunne sei at eg ikkje gjorde alt eg kunne for å støtta laget mitt. Blø og dø for Brann!"

Om alle som sitt og tenkar "huff, som Brannsupporterane har tapt seg" seier dette til seg sjølv, vil Tromsø fly heim med halen mellom beina etter å ha opplevd eit helvetes trøkk på den atter frykta Brann Stadion. Entusiasme smittar, slepp kjenslene laus og kom an igjen no!
78
Brann / Brannsupporterane har tapt seg!
June 03, 2004, 19:11:11 PM
For å oppsummera litt...

Problem:
- For få folk på borteturear
- Låg gjennomsnittsalder på SS
- Lite entusiasme i supportermassa
- Lite nyskapande
- For få som ynskjer å synga for Brann

Løysingar:
- Utvikla BBB
- Ta vekk popmusikken før kampane
- Opplæring i supporterkultur
- Utval av folk frå alle tribuner ser på løysingar
- Spørjeundersøking på Bataljonen.no
- Fleire sangar (nye og eventuelt gamle)
- Reunion på Store Stå der gamle travarar viser nye korleis det skal gjerast
- Klar profil ut, mindre "lukka" miljø, meir mangfald i klientellet
- Læra av Klanen mm

Mange av løysingsforslaga er ganske vage, men absolutt noko å arbeida vidare på, for eg trur det er dei som har størst potensiale til å forandra på ting.
Eg trur spørjeundersøking er ein god idé, etter å ha gjennomført den kan ein på eit eller anna vis på spikra saman eit utval som ser på svara som har komme inn, eigne idéar og så legg fram forslag til kva BBB kan gjera og kva envt andre kan gjera. Bruka det ein har. Men kven skal setja igang? Nokon må ta initiativ. Det her er viktig, og me kan få så utruleg mykje moro utav å betra stemninga på Stadion.

I mellomtida kan folk ta til helvete og skjerpe seg!
Syng med viss du elskar Brann!

PS: Og kva popmusikken angår? Den e i beste fall irriterande.
79
Brann / Brannsupporterane har tapt seg!
June 02, 2004, 19:36:56 PM
Tenkte fyrst å skriva svar på innlegget om at det kjem for få folk på borteturar, men dette handler slik eg ser det om større ting. Eg synest at Brannsupporterane generelt har tapt seg, og det berre på eit par år. Mykje betre berre for 2-4 år sidan.

Eg har (grunna upraktisk bustad) vore kun på fire kampar hittil i år, men ingen har gitt meg grunn til å tru at det har vore noko annleis dei andre kampane. Og både mot Vålerengen, Odd, HamKam og Lyn var det generelt lite lyd, lite futt.

Nytter ikkje skulda på lite folk på bortekampane, delinga av Store Stå eller noko anna. Feks mot Lyn sto den harde kjerne som kom med bussen der og gadd ikkje synge store delar av kampen. Enkeltsjelar rundt omkring forsøkte å dra i gang, lykkast av og til, av og til ikkje. Me sang ut Bastionen, men det skulle søren meg berre mangle.

Brannsupporterar skal gi lyd frå seg, vera mange, raude og dominerande. Eg e skuffa, flau og forundra. Kva er det som skjer? Kva kan me gjera med det?
80
Brann / enige?
May 29, 2004, 18:10:05 PM
Litt kjedelig om alle skulle vært enige?
Har folk i Bergen rykte på seg for å vera spesielt einige om ting og tang? Kor lenge vart den blå steinen diskutert? (Er me ferdige forresten?) Ein STEIN! Buekorps òg. Lesarinnlegg i kvar einaste utgåve av BT eller BA om buekorps om våren. Osv. Me har både dette forumet og det på skbrann.org som begge er i intens bruk. Hovudsakleg av Brannsupportere som slettes ikkje er einige om alt.

Trur ikkje det er grunn til å engste seg.

Og kva rbk og Pi-mannen/damen angår? Heiderleg omtale til sistnemde for god debatteknikk. Heilt kjøleg og fatta (i motsetning til litt meir tempramentsfulle sjeler her). Du har litt rett, men eg håper du ser det er noko i det folk seier her.

Fyrstnemde fungerer som gamaldags adel. Det er dyrt å vera fattig og fantastisk innbringande å vera rik. Til helvete med rbk. Den kom frå hjartet.
81
Brann / Helstad til RBK!
May 28, 2004, 12:05:14 PM
Utru menn definerast som sleskar

Elles er eg einig med siste taler.
82
Brann / øhm...
May 28, 2004, 11:52:16 AM
Har diskusjonen sklidd litt ut? Havna på eit litt vel lavt nivå?

"Jeg snakka med han såh!"
"Han er en slæsk såh!"
"Jammen, tenk for atte jeg såh!"
"Du må'kke tro du er no' såh!"
83
Brann / rasistisk?
May 28, 2004, 11:37:03 AM
Om det å antyde at nokon tilhøyrer eit visst folkeslag blir brukt som ein måte å slenge dritt på, då er det rasisme.

MEN dette er uskuldig meint (håper eg då), og i og med at dei fleste i (sør) Noreg ser på same og nordlending som to sider av same sak, blir det noko så uskuldig som vanleg patriotisme.

Eigentleg burde me jo joika til Lyn, det er jo i Oslo det bur flest samer ;)
84
Brann / VG-svingen
May 28, 2004, 11:24:22 AM
Det er VG-svingen, ja.
Kjøp billett på førehand og kom tidleg, så rekk du kampen som bonus
85
Brann / SLUTT!!!
May 26, 2004, 09:00:47 AM
SLUTT å snakka om gull som noe vi går for/rekner med!!!
Det betyr ulykke! Hold opp! Vi rykkar ned om de ikkje gir dykk!
I fjor gjekk det heilt konge etter sommarferien, så var det ein liten sideartikkel i Dagbladet mot uttaler frå Brannspelarar som sa at no går me for medalje, og bom! Tap. 40 år har me snakka om gull. 40 år har me tapt og tapt.

Men samstundes...
Det er best å ta sigaren på forskot, elles er det ikkje sikkert du får nokon...
86
Brann / To support, or not to support
May 25, 2004, 20:50:20 PM
Vel, tilbake til tema...

Eg skal på kamp! Skal ikkje på tur med Bataljonen, då eg BUR i området (tragisk nok), men eg skal i VG-svingen og synge ut Bastionen. Rekner med at eg klarer det aleine (sjølv som jente), men håper likevel på selskap!

De er med dette velkommen til austlandet!
87
Brann / Kom på Lyn-Brann!!!
May 24, 2004, 17:15:40 PM
Brann spelar godt på heimebane og mindre godt på bortebane. I grove trekk. Publikum KAN vera medverkande årsak. Ergo: gjer no iallfall det de kan for å hjelpa Brann! Dra på Lyn-Brann (og sjølvsagt heimekampane) og støtt opp! God akustikk på Ullevål, la det runge Brannhyllest over heile jævla Oslo!
88
Brann / Det var stemning
May 18, 2004, 07:57:35 AM
KAMMA:
Hadde du gått ut på bana (hadde du blitt plukka av att) hadde du høyrd Store Stå. Det VAR stemning. Er rett og slett ikkje noko å diskutera. Kunne sjølvsagt vore betre, men det kan det jo alltid.

Bortetribuna er fæl, ja, men det var fullt. Sorry, men sånn er det.
89
Brann / Fantastisk!
May 16, 2004, 20:10:04 PM
Det var god fotball heile kampen (med unntak av små perioder av 2. omg) Lenge sidan ein fotballkamp har underhaldt meg slik! Fantastisk moro å vera med på, spelarane var jo heilt ville. Og når Arve Walde endeleg puttar, forsvinn den frustrasjonen som har byrja murre pga ballen ikkje vil inn.

Fantastisk!
90
Brann / Sittesvin, publikumssnitt og møkkalag
May 14, 2004, 10:31:14 AM
Stadion hadde vore litt rar med berre ståplassar òg... Er noko eiget med når til og med hovudtribuna reiser seg OG klappar på ein gong. Då er det stor stas. Sjølv om eg personleg anser det å sitja som å føya seg etter facistforbundet.

Publikumssnittet til HamKam er bra (hittil) i år. Hamar Kommune har noko sånt som 26 000 innbyggjarar. Bergen har vel 130 000? Mykje folk frå nærområda òg på Briskeby, det skal vera nemd. Må nok ta med innbyggjarane i Ringsaker, Stange og Løten i opprekninga, sjølv om det framleis er få.

Grunnen til at eg veit dette er at eg bur i Hamar. Ein by der eg nesten vart kasta ut etter å ha kalla supporterane til både HamKam og Storhamar medgangssupporterar. Det er dei òg. Ikkje den indre kjerna, men dei er få. Den (i bygdemålestokk) store hopen som no syng "Vi er Kaaaammaaa" består i hovudsak av folk som knapt ofra HamKam ei tanke i fjor.

Ishockey er ein drittsport.

HamKam imponerte meg i treningskamp mot rbk i vår, dei tapte 0-3, men me kjenner rbk... HamKam spelte iallfall så bra at eg er ikkje overraska over dei resultata dei har oppnådd. Men det held ikkje slik heilt ut. Eg tippa 11. plass på Kamma før sesongen, og det står eg for.
91
Brann / All makt i himmel og på jord
May 13, 2004, 11:38:24 AM
Dette har eg vore oppteken av lenge. Hadde ein kræsj med Facistforbundet i fjor, grunna ein ferie som måtte ombestillast totalt av di NFF hadde flytta to kampar. Det var peanuts. No er det heilt ekstremt.

Eg meiner me ikkje bør godta det her. Diverre blir me nok ganske så aleine om å protestera, av di andre i stor grad sitt på ræva og heier på laget sitt. Eg meiner dette må sjåast i samanheng med 80/20-regelen, dårleg dømming, stivbeint saksbehandling og andre ting NFF er kjend for. Det er anten revolusjon eller konkurranseutsetting som må til her. Så får ein velja ut frå politisk standpunkt :)
92
Brann / 16 år og vaksen?
December 09, 2003, 20:38:53 PM
Alltid 16 år som er grensa mellom vaksen og barn? Når ein skal inn på pub òg? Gledeleg nyhende til alle på 16 og 17 der...
93
Brann / Brann meir elska enn du trur
November 09, 2003, 21:30:28 PM
Bergen sin gutt:
Det er faktisk ein del rundt omkring i Noreg som elskar Brann. Det ser ein tydeleg på feks Lillestrøm-Brann og likanade. Eg snakkar òg om meg sjølv. I tillegg til halvbergensarar, wannabebergensarar, sjelebergensarar, Bergenselskarar ol på Austlandet, er det jo dei som bur uti huttaheiti i Hordaland som ikkje har moglegheit til å dra på Brannkamp kvar veke, før dei ENDELEG flyttar til Bergen for å studera, kanskje berre to år (dvs då ein og to halve sesongar)

Alt for Bergen, alt for Brann
94
Brann / Halvsesongkort!
November 03, 2003, 12:32:32 PM
95
Brann / musikk eller ikkje musikk
October 22, 2003, 12:10:00 PM
Eg får ei kjensle av å vera på kjøpesenter, ikkje fotballkamp, når dei spelar The ketchup song, Britney og anna fjortispop. Det ein då gjer på Store Stå, er å setja seg ned/stå og skravle med folk rundt seg, lesa kampprogram, drøyme seg bort eller på anna vis vera lite nyttige for stemninga på stadion.
Om dei derimot hadde slått av levenet og sett på Brannmusikk/ingenting, hadde det vorte betre. Eg var i alle fall på ein kamp der dei spelte den 12. mann og viste musikkvideo på storskjermen, og då gira ein seg opp veldig, sang med og gaula og hylte og vart heiltent på å vinna kamp. (kombinasjonen lyd&bilete verkar sterkt på menneske...uansett)

Musikk frå det augeblikk dei spelar den vesle Tippeligajingelen, rister på teppet og spelarane kjem inn og til og med dommaren bles i fløyta, er SYND SYND SYND uansett. Berre patetiske lag som Molde som nedverdigar seg til sånt. Det er handballkultur og har ingenting med fotball å gjera!!!!!
96
Brann / Store Stå
October 13, 2003, 13:35:15 PM
JhonnyBeGood, e du mann? I så fall kunne du jo stille deg midt på Store Stå og ta ansvar sjølv? Det skjer ingenting før nokon byrjar...
97
Brann / ytringsfridom
October 11, 2003, 12:59:05 PM
Ein eller annan plass må ein sei det ein har å sei, ein eller annan plass må ein få diskutera. Det ligg i mennesket (kanskje spesielt bergenseren? :p) sin natur å ytre sine meininger, og forsøk på å hindra det er brot på menneskerettane. Men ytringsfridomen begrensast av omsynet til andre menneske.
Eg meiner at det å skriva rett frå levra på forumet her er greit, berre ein får ut sinne og frustrasjon her i staden for å la det hagle på stadion der det går utover spelarane sin sjølvtillit og kampmoral, Brannsupporterane sitt rykte og stemninga på stadion. Dessuten, om spelarane går inn her, så er det eit val dei tek, og dei bør vera førebudd på kva som venter.

Og når det er sagt, eg får blir eit nervevrak av å ha Rønningen i mål. Føler meg mykje meir trygg med Opdal. Robbie Winters har spalta personlegheit, ei viste han mot Molde, ei mot Stabæk. Ikkje faen om det var same mann...
98
Brann / 3-3
August 17, 2003, 00:50:26 AM
Legge opp? Supporterar står teorien fritt til å legge opp. Lei av Brann. NO??? Før sommarferien, nja, kanskje på grensen til ok, men NO??? No e det jo morromorro!!!
99
Brann / sponsorer: ja, men...
July 25, 2003, 19:37:49 PM
Sponsorar e ok. Men det e eit par ting ein bør tenke på:
- Ikkje bli avhengige av dei sånn at de går konk om dei ikkje gidd meir
- Annonser/linker på heimesider og i medlemsblad er ok. Same med annonsering av tursponsor når ein startar turen og ved påmelding. Elles må ein vera forsiktig
- Sponsorar som i høgast mogleg grad har noko med Bergen å gjera. Vil ikkje bli som enga, som sponses av Bergensbryggeriet Hansa. Snakk om å selgja sjela... ser for meg Brann sponsa av Ringnes, uakseptabelt.

Lykke til!