• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Ninja-Bob

51
Har sett situasjonane om igjen, og heile kampen er fortsatt ein skandale. Sjokkerande.
52
Brann / Re: Overganger sommeren 2019
April 12, 2019, 07:45:21 AM
Ein må sjå på motivasjonen for å hente inn EHJ, og den handla ikkje kun om kvalitet, men også om korleis EHJ skulle hjelpe Brann i det oppbyggande spelet. Det forsvinn litt i denne diskusjonen. Og nei, han har ikkje imponert med føtene sine så langt, men forhåpentligvis så kjem det.
53
Korleis ser me for oss at kampen blir? Det kan jo hende at Koomson vil få masse ledig bakrom å springe i, og i følge media så har Viking eit svakt forsvar. Kan jo hende at dette er ein god kamp for Koomson å bygge litt sjølvtillit i?
54
Me har alltid slitt mot KBK, så eg trur ikkje at 3-5-2 var satt opp i panikk, men som eit (riktignok noko eksperimentelt) mottrekk til KBK sin ganske forutsigbare defensive spelestil. Mot eit bedre lag hadde me nok tapt i dag, men då ville me heller ikkje spelt sånn. Eg skriv det opp som ein liten suksess, men det kjem til å overraske meg stort om me ikkje er tilbake i 4-3-3 mot Viking. Eventuelt med Bamba eller Berisha på ving. Kanskje heller Berisha, for han har eit overblikk og ein kreativitet som langt overgår Bamba sin.
55
Men 2-1-målet kan Eggen Rismark ta på si kappe. Utilgivelig feilpasning. Ellers så sett eg stor pris på pasningsfoten hans, og jaggu skåra han ikkje også.
56
Kampens spelarar må vere Berisha og Strand. Der har me verkelig fått inn kvalitet. Men er bekymra for kor mykje rom dei får på venstrebacken vår. Grøgaard var shaky på starten, men kom seg heldigvis litt utover.
57
Ja, enig, men det vil overraske meg dersom LAN har bytta begge backane og likevel spelar 4-3-3.
58
Ser ut til at det blir 3-5-2 utifrå uttaket. Noko slikt?


Johansen

Vito Acosta Rismark

Gilli Løkberg Ruben Strand Grøgaard

Berisha Bamba


59
Ja, fy faen me var feige i dag.
60
Enig med talaren over :)
61
Det er vel det at Koomson er ute som fører Strand opp på ving. Neste kamp har me Berisha å bruke i tillegg.
62
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
March 30, 2019, 11:37:16 AM
Rein ukvalifisert spekulasjon, men kan det hende me får sjå noko á la

Løkberg/Haugen RYJ Strand
Berisha Bamba Gilli

i ein skeiv 4-3-3 der Berisha og Bamba nesten fungerar som eit spisspar og Haugen/Løkberg kan overlappe på kant og kome med innlegg og Strand vil kome på løp inn i sekstenmeteren? Reint defensivt vil då Gilli halde meir igjen i angrepa og ha ei førsteforsvararrolle ved balltap.
63
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
March 29, 2019, 18:09:51 PM
Om nokon lagar spelertråd før det blir annonsert på Brann.no no så klikkar eg.
64
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
March 29, 2019, 17:56:51 PM
"Og nå er Berisha etter det BA erfarer altså enig om sine personlige betingelser. Selv om noen detaljer skulle gjenstå der, er det svært lite sannsynlig at det kan velte en overgang."

https://www.ba.no/sport/fotball/sk-brann/berisha-blir-brann-spiller/s/5-8-1019653

Dei verkar sikre i sin sak. Dette er jo kjempegøy!
65
Brann / Re: Talentarbeid
March 12, 2019, 12:27:29 PM
Enten det, eller jobbtilbud frå Sverige, der familien bur. Skjønar at det kan friste.
66
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
March 05, 2019, 07:11:34 AM
Trur kanskje det har med fare for skader å gjere. Fort gjort at nokon får ein albue i ansiktet og knekk nasa, for å parafrasere LAN.
67
Brann / Re: Sesongen 2019
February 17, 2019, 22:11:55 PM
Quote from: Nixon on February 17, 2019, 17:54:55 PM
Quote from: Ninja-Bob on February 17, 2019, 13:38:06 PM...men me er i det minste hundre gangar meir spiselige enn RBK. Det må jo vere verdt noko det også.

Når medaljene deles ut er det ikke verdt noe som helst. Null og niks!

Haha, ein må jo trøste seg med det ein kan!
68
Brann / Re: Sesongen 2019
February 17, 2019, 13:38:06 PM
...men me er i det minste hundre gangar meir spiselige enn RBK. Det må jo vere verdt noko det også.
69
Brann / Re: Sesongen 2019
February 11, 2019, 19:08:29 PM
Økt konkurranse er vel berre positivt? Men ja, forventar at Holmen Johansen står når sesongen byrjar, og det stemmer vel veldig godt overens med resten av det BT skriv om Nilsen sitt syn på framtida si keeperrolle.
70
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
February 10, 2019, 21:13:28 PM
Ting kan fortsatt skje...
71
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
February 07, 2019, 19:31:31 PM
Kanskje han melder overgang i pausen på treningskampen...
72
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
February 03, 2019, 02:55:20 AM
Kanskje på grunn av Kristiansen - Gilli-relasjonen eller Koomson - Teniste-relasjonen eller noko slikt. Eg trur rett og slett at LAN tenker asymmetrisk.
73
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
February 02, 2019, 18:39:44 PM
Quote from: krakra on February 02, 2019, 16:15:47 PM(...) og "forbud" mot å trekke innover vil frata ham muligheten til å spille på sine styrker og score like mange mål som han har i år.

Lurar på om LAN har ganske forskjellige reglar for høgre og venstre kant, Gilli trekk jo relativt ofte innover for å skyte ballen eit par meter over tverrliggaren. Det har nok også å gjere med Barmen vs. Haugen sine ulike indreløparroller. Og alt det kan jo vere i flux no i sesongoppkøyringa.
74
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
February 02, 2019, 14:37:36 PM
Men ville LAN brukt Finne på venstrekant når han har Koomson på høgre? Kort sagt: spring Finne nok?
75
Brann / Re: Talentarbeid
January 23, 2019, 14:54:14 PM
Her er kva Pep Guardiola har å seie om talentbruk. Kan ikkje seie at han er meir progressiv enn LAN.

https://twitter.com/guardiolatweets/status/869422566523404290?s=21

(Video frå twitter)
76
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
January 18, 2019, 18:27:56 PM
Kor mykje betalte me for RYJ? Går det opp økonomisk? Kva med å bytte han mot Acosta i staden. Er ellers heilt enig angåande Sarr: nei takk, me skal ha anstendige folk på bana.
77
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
January 15, 2019, 20:27:33 PM
Quote from: StuckedPaaOstlandet on January 15, 2019, 20:05:17 PMDet er jo allerede ganske klart at det vil bli litt taktiske endringer i år når vi ser på spillerne som kommer inn. Om de fortsatt prøver seg på Åsen tror jeg det går mot at LAN planlegger en 3511 formasjon (eller i hvert fall en formasjon der det er plass til 4 på midten), for å få plass til de beste spillerne.


--------------Johansen--------------

------Vito---Acosta---Rismark------

Teniste-------------------Kristiansen

-----Strand-----RYJ----Barmen--------

---------------Haugen-------------------

----------------Bamba-----------------


Den eneste jeg ikke helt finner plass til om de skulle prøvd seg på en slik formasjon er Koomson.

Det der er ein interessant formasjon og oppstilling. Koomson kunne kanskje konkurrert/rullert med Haugen i ei slags tierrolle, og under kontringar kan han og Bamba ligge og snuse på offsidegrensa og bruke farten sin til å springe inn mål. No fablar eg fælt, men det er jo gøy å drøyme seg bort.

Eg synes ikkje det har fungert optimalt med så breie kantar som me hadde i fjor. Det blir for få gode innlegg og me er for treige/lite villige til å fylle opp boksen. Eg tar imot offensiv nytenking med takk og optimisme.
78
Brann / Re: Talentarbeid
January 13, 2019, 12:15:32 PM
Quote from: Lasaron on January 12, 2019, 17:42:06 PMJeg syns det er rart å mene at et talent må vise seg bedre enn en eldre spiller for å utkonkurere den. Det må være nok å være like god, siden potensiale da må være større. Eller?

Men to spelarar er jo aldri nøyaktig like godd, og moderne sport er eit spel som handlar om å ha fokus på kvar minste detalj, jamfør sykkelvekt i Tour de France og fargen på skøytedrata til det norske landslaget, etc. Eg veit at mykje av det eg sett pris på med fotballen er at det er mindre kvantifiserbart enn desse andre sportane, men eg skjønar også perspektivet til ein trenar som vil makse ut kvaliteten i alle ledd. Eg trur det må til for at me skal kome oss opp på eit endå høgare nivå, men tenker samtidig at på eit eller anna tidspunkt så må ein skifte frå ekspansjonsfokus til å vere ein berekraftig toppklubb.
79
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
January 10, 2019, 18:15:57 PM
Det er vel ikkje enten eller: systemet må tilpassas spelarane og spelarane må tilpasse seg systemet. Eg trur nok at begge partar burde ha nærma seg kvarandre meir enn dei har gjort. Vega har absolutt hatt sine augneblikk, men det har då vore ein del frustrasjon knytt til det å sjå på han også.
80
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
December 20, 2018, 23:44:15 PM
Han har kanskje blitt forespegla å bli kjøpt opp og så leigd ut til eit OBOS-lag, i dette tilfellet sikkert Nest-Sotra?
81
Brann / Re: Ruben Kristiansen
December 14, 2018, 18:08:55 PM
Quote from: Romarius on December 14, 2018, 11:09:13 AMMen Bergersen... bruke begge bein!? Tror ikke jeg noensinne har sett en mer enbeint spiller.

Ja, dette er ei sak for faktisk.no. Trur ein vil kome fram til at pasningsprosenten hans med høgrefoten er forsvinnande liten, og at når han først må bruke høgrefoten så slår han enten verdas kjedeligaste støttepasningar, eller bles ballen rett i beina på ein motstandar, eller eventuelt ut over sidelinja.
82
Det kjem fram frå artikkelen at det kun er kapteinen på kvart lag som har blitt spurt, ikkje heile laget.
83
Brann / Re: Brann får drakter fra Nike
December 06, 2018, 14:53:40 PM
Burde vere mulig å få området rundt Rema-logoen til å ha samme farge som resten av drakta?! Den ser ut til å ha ein annan sjattering av rødt, og det kræsjar litt. Ellers fin!
84
Brann / Re: Daniel Braaten
November 15, 2018, 17:41:14 PM
Fantastisk spelar på sitt beste. Lykke til vidare!
85
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
November 12, 2018, 18:46:17 PM
Enig med talaren over. Yttergård Jenssen er ein mykje bedre spelar. Me må berre finne ut av det defensive post-SHN, og eh, det offensive sånn generelt.
86
Brann / Re: Sesongen 2018
November 12, 2018, 18:43:51 PM
Me har visst aldri tidligare tatt like mange poeng som me har i år. Har ikkje sjekka det sjølv, men det er jo eit paradoks når me berre sitt her og syt.
87
Brann / Re: Sesongen 2018
November 04, 2018, 15:02:34 PM
Denne noko merkelege hybriden av ein kommentar og eit intervju med Vibeken er musikk i mine auge:

https://www.dagbladet.no/sport/rosenborg-er-branns-definerte-mal-sarpsborg-er-inspirasjonen/70399603/amp
88
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
October 31, 2018, 22:11:01 PM
Grunnen til at me i det heile tatt kjempa om gull er LAN. Me ser konturane av eit mykje bedre og meir dynamisk angrepsspel med RYJ heller enn SHN, jamfør for eksempel 2-1 mot Stabæk, og det er jo det folk vil ha, er det ikkje? Enten klagar ein på det eine, eller så klagar ein på det andre.

Defensivt må me finne ein arbeidsfordeling der me klarar å demme bedre opp no når SHN er borte. Det brukar me vinteren til.
89
Kamper / Re: Brann-Rosenborg, 28. oktober klokken 20:00
October 29, 2018, 09:10:32 AM
Kom igjen, folkens, dette var ingen skandaløs kamp. Er så klart jævlig skuffande å ikkje klare å gripe moglegheiten når den er der, men laget kjempa, trenaren satsa offensivt og kampen var intens. RBK kan få inn kven som helst som trenar til neste år og eg trur likevel ikkje at dei kjem til å kome tilbake der dei var med Eggen, så me kjem til å få moglegheiten igjen. Ein treng erfaring i sånne kampar som det her, og det fekk me i går. Litt meir trua på at me faktisk kan hamle opp med Rosenborg, og motivasjon til å trene endå hardare, kjempe endå hardare, bli meir effektive foran boksen. Og masse unge i Bergens-området fekk kjenne på eit fullsatt stadion. Dette handar om å bygge kultur og det er det me gjer. LAN, Soltvedt og Johannesen sitt prosjekt er langsiktig og det er sånn det skal og må vere.

Av dei tre laga i toppen på eliteserien (Brann, RBK og Molde) så er det Brann som utviklar seg mest. Ser ikkje for meg at Molde plutselig skal bli så mykje bedre, sjølv om dei har råd til å kjøpe inn dyre spelarar etter Braut Håland-salet så har dei fortsatt Solskjær som trenar, og som me veit så er jo han ein bløff. RBK har strukturelle problem med eit styre som famlar i blinde og drøymer om gamal storheit og eit lag som ikkje opererar som ein einheit. Sjølv om dei får inn ein ny fancy ny trenar så er det ikkje gitt at dei dermed plutselig får ut potensialet sitt. Det sitt ikkje i veggane der på samme måte som det har gjort tidligare.

Så opp med haka og fortsatt å kjemp, ein kamp om gangen. Om me klarar å ha samme toppnivå som i år, men å unngå det lågaste botnnivået så er me bedre enn RBK. Om me hadde slått Lillestrøm og Tromsø så hadde me vore forbi dei. Dei tapa må me prøve å unngå neste år.
90
Kamper / Re: Brann-Rosenborg, 28. oktober klokken 20:00
October 22, 2018, 15:10:15 PM
Kva med Barmen som anker, det gjorde han med bravur på Lerkendal i fjor, Orry inn for Barmen som venstre indreløper og Ruben inn for Haugen som høgre indreløper? Eventuelt bytte side på Orry og RYJ, om det passar bedre for venstrefoten til RYJ.
91
Kamper / Re: Stabæk-Brann 21. oktober klokken 20:00
October 21, 2018, 21:41:59 PM
Sinnsjukt at dette gjekk bra. Eg skjønar ingenting.
92
Kamper / Re: Stabæk-Brann 21. oktober klokken 20:00
October 21, 2018, 18:57:31 PM
Laguttaket er overraskande, men det skal LAN ha, han forheldt seg ikkje passiv til denne kampen. Mot LSK og Tromsø følte eg at han hadde gitt litt opp og starta med same lag tre kampar på råd, om ikkje meir, men no har han i alle fall tatt grep. Det er då noko.
93
Kamper / Re: Stabæk-Brann 21. oktober klokken 20:00
October 21, 2018, 18:40:51 PM
Gilli hadde landskamp for Færøyene og gjekk glipp av litt av treningsveka sa dei på Ballspark. Er plutselig skikkelig nervøs igjen, etter å vore litt likegyldig nokre dagar.
94
Kamper / Re: BRANN-LILLESTRØM 07.10.2018 20:00
October 07, 2018, 15:36:00 PM
Haha, ja, det farga nok utsagnet mitt noko. Endrar frå «Skålevik legg gode innlegg» til «Skålevik la godt innlegg»
95
Kamper / Re: BRANN-LILLESTRØM 07.10.2018 20:00
October 07, 2018, 10:38:16 AM
Skålevik legg faktisk gode innlegg også. Eg har ingenting imot å sjå Bamba og Skålevik samtidig, men ein bør jo gjerne ha ein teknisk ving på den andre flanken. Ein kan også sjå for seg i angrep mot etablert at venstre indreløpar hamnar meir på venstre flanke og at ein speler med to midtspissar.
96
Kamper / Re: TROMSØ-BRANN 01.10.2018 19:00
September 25, 2018, 17:13:03 PM
Quote from: ACHTUNG on September 25, 2018, 16:45:18 PMVi har vel sluttet fred, sist jeg sjekket, Corran? Det er i år Brann har sjansen, for jeg tror Vito +,+ forsvinner ved årsskiftet. Sølv er nedtur, men det er en nedtur som er levelig.

Kjenner at eg byrjar å bli litt lei av Vito etter Molde- og Sarpsborg-kampane, faktisk. Det hjalp heller ikkje at han stilte opp med bleika goatee mot Sarpsborg. Javisst, han er god, men han er ikkje umogleg å erstatte.
97
Brann / Re: Sesongen 2018
September 17, 2018, 14:38:44 PM
Quote from: Morkel on September 17, 2018, 13:39:01 PM(...) selvfølgelig blir Abu skadet (...)

Altså, det var heilt klart ein bevisst taktikk frå RBK å få Abu av bana med skade. Skammelig opplegg, og om det er det som endar opp med å ta gullet frå oss så får dei berre ta det. Me har i allefall eit minstemål av ære i behald.
98
Kamper / Re: Haugesund - Brann 15.9.2018
September 16, 2018, 08:01:39 AM
For ein fantastisk kamp! Utrulig herleg å sjå oss spele så godt og ikkje minst utrulig herlig å få ingen mål på dødball, men gjennom godt oppbygde angrep og reint tæl. Det skal rett nok seies at Haugesund ga oss mykje rom, men jaggu var me gode til å utnytte det også.

Komsoon var veldig god på venstrekanten og Gilli gjorde ein fantastisk jobb på høgre. Me var fleire her som tidligare foreslo ein slags omvendt trear på midten med Barmen og RYJ bakerst, men å putte Haugen bak til RYJ og ha Barmen lenger framme på bana var svært vellukka. Alle dei tre hadde ein kanonkamp. Dette lovar godt framover!
99
Kamper / Re: Treningskamper 2018
September 09, 2018, 10:08:07 AM
Blei det ingen treningskamp? Meinar at dei sa noko om det på Ballespark eller kor det var, men så blei det stille.
100
Brann / Re: Sesongen 2018
September 02, 2018, 10:08:09 AM
Kanskje begge to har litt rett. Måten Brann speler på krever samspelte enkeltspelarar og SHN hadde utvilsomt ei sentral rolle før han drog, den gjøken, og det at han ikkje er der lenger og Barmen har blitt flytta bak fører til ein usikkerhet som fører til at dme ikkje speler med like mykje overskudd og glede lenger, som Vito påpeiker.

Eg er i høgste grad ein lekmann, men eg tenker at det er på tide å tenke litt ansleis no når me møter eit lag som er vant til å spele på ei bedriten kunstgrasbane og som kjem til å legge seg bakpå. Få inn Jenssen som midtbaneanker og la han strø ballar framover. Barmen tar venstre indreløperrolle, så har me lang ball som han kan stusse på repetoaret, men også å spele til Haugen langs bakken og derifrå vidare til Skålevik eller vingane. Eg trur også at dette er ein kamp for å få Eggen Rismark innpå. Jo meir balltrygghet der bak jo bedre, så la Acosta få fri ein kamp. Wormgoor, Rismark og Radlinger kan drive småspel, men samtidig har ein to truslar som kan slå presise pasningar eller forsere motstandarane sitt førsteledd og skape litt strekk i laget deira slik st Jenssen kan bruke pasningsfoten sin.

Men trur eg at me kjem til å spele slik? Nei. Men det kunne jo kanskje ha funka?