• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Ninja-Bob

351
Kamper / Brann-Engen - lørdag 9. juli kl. 18.00
July 10, 2016, 15:50:35 PM
Det var forresten Orlov som dytta akkaurat passe hardt i VIF-forsvararen som dermed styrte ballen i mål i staden for å få blokka skuddet.
352
Quote from: Nixon on July 09, 2016, 16:33:44 PM
I tillegg til overnevnte er jeg veldig spent på Skaanes. Vi trenger hans gode egenskaper!

Men hva med en kamprusten Acosta? Dristig av Nilsen?


Det tippar eg går heilt fint, sjølv om eg gjerne skulle sett meir til Grønner på generell basis. :)

Ellers har eg sett såpass mykje em-fotball med heilt andre tersklar for å blåse for frispark enn i tippeligaen. Spår ein kveld med mykje frustrasjon retta mot dommaren.
353
Det kan jo hende at Demidov har sagt til LAN at han ikkje har fokus hundre prosent der det skal vere no mens dei venter på ungen. I så tilfelle tenker eg at det kan vere lurt å la han kvile. I tillegg meinar eg å hugse at det stod noko om at han i tillegg hadde eit eller anna som lugga litt kroppslig før enten Sogndal-kampen eller mot Sarpsborg 08, så dei lot han kvile. Håpar Acosta er klar igjen!

--

Piotr

Nouri Acosta Grønner Kristiansen

Braaten Nilsen Barmen

Vega Skålevik Skaanes

Huseklepp innpå som spiss for Skålevik etter 60 minutt.
354
Kamper / Sv: S08-Brann, 3.juli kl 1800
July 03, 2016, 19:02:32 PM
Skal skrive noko meir gjennomtenkt på sikt, men faen i helvete for ein skandaløst elendig dommar i dag.
355
Brann / Sv: Overganger sommeren 2016
June 22, 2016, 17:57:53 PM
Ser nokon for seg at Acosta speler på Brann om to år? Om tre år? Eg trur han kjem til å forsvinne. Då er spørsmåla:

1. Forsvinn Demidov til vinteren?
2. Er Pallesen Knudsen god nok til å spele på ein førsteellever i tippeligaen til neste år?
3. Er Grønner god nok? Her meiner eg at svaret er ja.

Hvis svaret på 1 er ja, så vil eg seie at me treng Acosta med vidare. Med mindre at svaret på 2 er ja. Då kan me ha eit midtforsvar med Grønner og Pallesen Knudsen, og få inn noko ungt og spanande å ha i backup i midtforsvaret. Om to år håpar eg at desse to er midtforsvaret vårt. Eg meinar dette er bedre langsiktig sett, og eg håpar at me kan selge Acosta med profitt før den tid.

Pluss: eg kan lite om dette, men er det uhøyrt å vere proaktiv når det gjeldt å selge spelarar? Å hinte litt i dei rette kanalane, liksom.
356
Brann / Sv: Har vi ikke plass til "Kniksen" lenger?
June 04, 2016, 18:50:20 PM
Eg lurar på om ikkje Vega er ein slik speler med drøymer om. Hugsar i kampen mot Ålesund så var han både høgt og lågt og at han hadde nokre veldig gode defensive inngrep også. Kanskje til og med LAN skraut av han også, eller drøymer eg? Eg ser ikkje veldig svart på å miste korkje Larsen eller Huseklepp, egentlig. Ikkje fordi dei er spelartypar eg ikkje likar, men fordi dei ikkje har fått til det dei prøver på i Brann-trøya.
357
Kamper / Sv: Brann-FKH, 29. mai kl 1800
May 29, 2016, 22:55:42 PM
Når blei det opplest og vedtatt at fotball er underholdning? Det er jo fortsatt ein sport? Tenker de på sånn oppvisningsbasket, liksom? Harlem Globetrotters? Det blir jævlig kjedelig det også etter tjue minutts tid. Nei, takke seg til eit lag som kjemper og står på og scorer meir enn motstandaren. På ein dag som dette så er det nok for meg.

Grønner bør få plassen til Acosta, dersom Demidov blir, og plassen til Demidov dersom han ikkje vil signere på ny. Om to-tre år bør midtforsvaret vårt vere Pallesen Knutsen og Grønner. Dette bør bli signalisert ganske kjapt.
358
Brann / Sv: Overganger sommeren 2016
May 21, 2016, 20:59:03 PM
Høgresida vår fungerer. Venstresida fungerar ikkje. Då er spørsmålet: kven av dei på venstresida kan kome til å bli ein del av ei velfungerande venstreside? Kristiansen? Haugen? Huseklepp? Skaanes? Hvilsom? Larsen?

Av desse vil eg seie at Haugen og Skaanes er dei eg kan sjå for meg vil fungere med prinsippa til Nilsen.

Kristiansen er ikkje skandaløst dårlig, men eg trur ikkje han kjem til å ta vidare steg framover. Korleis var han i TIL og VIF? Var han noko bedre der? Eg klarte ikkje å opparbeide engasjement nok til å sjå tippeliga-fotball i fjor, og kjenner ikkje til han anna enn i Brann.

Haugen er eg usikker på. Han er jo til tider veldig bra, men eg skjønar ikkje meg heilt på han som speler. Han verkar litt slapp og grinete, og eg synes heller ikkje at han er så voldsomt kreativ, men det kan vere på grunn av eit utrent auge. Kanskje han vil opne opp motstandarlaga meir med meir bevegelig medspelarar? Han er også moglegens ein spelartype som passar bedre i 4-4-2. Eller? Han heldt lgreit tippeliganivå. Nok til å spele på eit lag som ligg midt på tabellen. Er han god nok til å spele på eit medaljelag? Eg trur ikkje det, så han må enten bli betrakteleg bedre, eller så må det kome inn nokon til neste sesong.

Huseklepp trur eg ikkje kjem til å kome på noko høgare nivå igjen. Dessverre. Dessuten er han for svak defensivt for spelet til Nilsen. Han har heller ikkje så mange kreative løysningar, det blir fort til at han drar innover langs 16-meteren og blir effektivt stoppa. Han har heller ikkje imponert med avslutningane sine.

Skaanes har løpskapasitet til å spele Nilsen sit spel. Han er ikkje god nok pr. no korkje defensivt eller offensivt, men han har potensiale dersom han får spele jamnt og trutt. Trur eg. Slik eg hugsar han frå første del av 2014-sesongen så kunne han utfordre mann mot mann, legge gjennombruddspasningar, og springe til krampen tok han. Fekk han åtte scoringar også, eller hugsar eg feil? Og spelte han høgrekant? Kanskje han og Braaten kunne ha skifta sider litt i løpet av ein kamp, eller eventuelt han og Vega? Fått til eit litt meir fleksibelt angrepsspel på den måten?

Hvilsom: eg hadde trua, men no er den borte. Ser ikkje korleis han skal matche nivået. God defensivt, dog.

Larsen: han passar ikkje inn i taktikken. Kan sikkert gå til Danmark og gjere det bedre der.

Og så bør me sjølvsagt få ein litt meir fleksibel spiss enn dei me har. Ein som er raskare og som kan utrette meir på eigenhand.

Så altså: ny venstreback og ny spiss, takk. Skjønt eg er usikker på både Haugen og Skaanes.
359
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 19:13:23 PM
Dersom Brann gir slipp på den defensive kontrollen me har så vil me ikkje ha moglegheit til å spele meir offensivt, for me vil knapt ha ballen. Det å få løfta oss offensivt kjem til å ta litt tid, og det kjem til å bli mange kampar som i kveld. Men Nilsen seier jo at me vil spele meir offensivt, og eg trur han. Me kjem til å vere bedre til hausten, og endå bedre til neste år, og kanskje året etter der igjen så byrjar det å likne på noko.
360
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 18:50:40 PM
Enig, der skal Demidov ut og presse, men trekke seg før noko slikt skjer. Er han ikkje for gamal til slike tabbar?
361
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 18:48:57 PM
Huseklepp har ikkje fått til ein drit.
362
Kamper / Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 18:47:22 PM
Faen, Demidov var altfor seint ute der. Ti minutt unna eit strålande resultat og no føles det litt bedritent. Og der var det to, ja.
363
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 18:19:20 PM
Nei, kva med å sette inn Huseklepp som midtspiss?
364
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 17:51:07 PM
Er imponert over kjempinga til Brann. Dersom me klarar å halde intensiteten kan me fort få med oss poeng herifrå.

Interessant å høyre forskjellen på Molde-kapteinen og Braaten, Braaten såg jo knapt sliten ut etter å ha jobba knallhardt både offensivt og defensivt, mens Toivio høyrtes heilt køyrt ut.
365
Kamper / Sv: Molde-Brann, 21.mai kl 1800
May 21, 2016, 16:10:05 PM
Laget:

Horwath

Nouri Grønner Demidov Kristiansen

Barmen Nilsen Johansen

Braaten Orlov Skaanes

?

Litt vanskelig å spå fordelingen på plassar, men navna er riktige i hvert fall. Piotr på benken og Haugen er ikkje i troppen ein gang.
366
Kan det ha noko med materialet å gjere? Når eg høyrer for meg engelske supportarsongar så høyrer eg for meg ein meir legato, bølgande sangstil enn Vi e de beste, eller å Bergen by, etc. Jo meir kompleks rytmisk ein song er, jo vanskeligare vil det vere å synge i takt mwd kvarandre.
367
Jesper Mathisen maste jo om ein annan statistikk på tven for oss som lever i eksil: Brann vant 72 prosent av alle duellar 79 proser av alle hodeduellar eller noko slikt. Altså, dei tala var berre noko eg fann på fordi eg ikkje hugsar rkva han sa, men Brann hadde klart bedre statistikk der enn Stabæk.
368
Quote from: osoerli on May 16, 2016, 21:32:27 PM
Har vi banespillet?  Stabæk har 58% ballbesittelse.
Og Stabæk har 389 vellukka pasningar, Brann har 234.


Interessant. Kor finn ein denne statistikken?
369
Altså, eg skjønar ikkje denne klaginga. Dette går jo over absolutt all forventning. At me ikkje har blitt radikalt bedre offensivt sidan forrige gang stemmer jo, men me byrjar faktisk å sjå bedring der også. Nokre fine angrep i dag med gode kombinasjonar, og også ein veldig fin gjennombruddspasning til Skålevik, som dessverre såg ut til å vere ute av stand til å avslutte med venstrefoten.

At me har spelt bedre kampar før i sesongen stemmer nok, men då var Vega med. Nouri - Braaten - Vega vil vere ei veldig kompetent høgreside som kan åpne motstandarden sit forsvar både mot kanten og innover på bana med Vega. Det kan bli veldig bra. Haugen si rolle er litt ansleis, og me havnar litt sånn midt i mellom spelemessig. Nouri og Braaten blir meir forutsigbare sånn det er no. Når me får inn Vega, drar Braaten ned som indreløpar og flyttar Haugen over på venstresida så trur eg det vil gjere venstresida meir fleksibel også. Utpå hausten, med litt flaks og fortsatt flyt så trur eg me kan sjå meir engasjerande angrepsfotball.
370
Brann / Sv: Overganger sommeren 2016
May 15, 2016, 18:08:32 PM
Spørsmålet er jo kva klubben ser for seg angåande midtforsvaret om to-tre år. På eitt sett håpar eg at me vil sjå Grønner og Pallesen Knudsen der, og då gjer det meining å fase ut enten Demidov eller Acosta etter denne sesongen. Slik eg ser det vil eg heller behalde Demidov og gje slepp på Acosta, og la Pallesen Knudsen få den plassen på benken som Grønner har pr. no. Eg reknar med at Demidov ikke kjem til å spele lenger enn to-tre år før han legg opp, i og med at han er ganske skadeutsatt og skal få kid, etc., og då håpar eg at me har eit velfungerande midtforsvar med Grønner og Pallesen Knudsen.
371
Brann / Sv: Overganger sommeren 2016
May 13, 2016, 09:22:31 AM
Men korleis skal me forklare Pedersen og hans umiddelbare sprang frå elendig spel i Brann til å bli ekstremt målfarlig i Strømsgodset meir eller mindre umiddelbart etter overgangen?
372
Kamper / Sv: Lillestrøm - Brann 11. mai kl 19:00
May 12, 2016, 12:56:25 PM
Altså, dei buksene der er nye, men sånne som kjem ferdig fadet. Det er ein uting, faden på buksene skal vere forma etter brukaren sin kropp, og ikkje etter ein eller annan standardisering.
373
Kamper / Sv: Lillestrøm - Brann 11. mai kl 19:00
May 11, 2016, 21:16:38 PM
Keeperen til LSK hadde litt trøbbel med ballen i beina eit par gangar, men ellers bra. For eksempel på skudda til Nouri og Hvilsom frå høgre side.
374
Kamper / Sv: Lillestrøm - Brann 11. mai kl 19:00
May 11, 2016, 21:15:41 PM
Trist at me ikkje klarte å få ballen i mål i slutten av første før LSK sit mål. Ellers var det interessant å sjå kor spele flytta seg frå høgre til venstre side når Braaten spelte der. Eg tenker at kanskje venstre kant og indreløper er staden å byrje. Vil gjerne sjå meir av Johansen, men han slit med nakken, var det så? Nouri - Braaten - Vega er ei bra høgreside. Har ikkje noko spesielt nært forhold til korkje Haugen eller Barmen, og Huseklepp kan bt snakke om kor mykje dei vil, men eg har ikkje trua på at han kjem til å bli i nærheten av like god som han ein gong var.

Det var også litt kommunikasjonstrøbbel mellom Braaten og Kristiansen og Hvilsom og Nouri, dersom det å skifte side skal bli ein taktikk (gjerne det!) så bør dei nok jobbe med dei relasjonane på trening.

Ja + keepertabbe og at det kastet skulle vore Brann sit og straffe i tillegg. Kjipt, altså.
375
Kamper / Sv: Lillestrøm - Brann 11. mai kl 19:00
May 11, 2016, 09:11:35 AM
Når skal Vega bli frisk?
376
Brann / Sv: Overganger sommeren 2016
May 11, 2016, 07:29:18 AM
Blir interessant å sjå kva, om nokre, konsekvensar den nye retorikken ovanfor Huseklepp får i spelet hans. Doddo og co. i bt masar jo om at han er så skjør og at han treng tillit. Kanskje det er fint for han at nokon ikkje behandlar han som ei skjør dukke, men gjer han klar beskjed. Kanskje det er det som trengst for at han skal få ut det han er god for?
377
Altså, med fare for å bli upopulær: ein ser då ikkje på norsk fotball for å bli underholdt? Å sjå norsk fotball er som å gå på konsert med støymusikk eller sjå samtidsdans eller performance-kunst: noko ein gjer fordi ein er interessert, noko ein gjer for å lære om korleis det funkar og er satt saman, eller eventuelt noko ein gjer fordi foreldra dine drog deg med på stadion då du var liten og du hugsar kjensla av å parkere på Haukeland og gå i flokk ned mot stadion. Dersom ein vil bli underholdt og imponert så er det berre å sjå på spansk liga i staden. Norsk fotball er, som det heiter på svartmetallspråket, TRVE CVLT. For dei innvidde.

Ellers: Bedre angrepsspelarar er ikkje ein universalløysning, jamfør Pedersen. Det Brann treng er å jobbe jamnt og trutt og bygge opp eit offensivt spel basert på mønstre og samspel. Om noko så trur eg problemet ligg i midtbana, i indreløparane, og eg håpar at Vega blir frisk slik at me kan fortsette arbeidet med relasjonen mellom Nouri, Braaten og Vega. På venstresida er eg meir skeptisk, og vonar at me får inn ein ny indreløper, eller eventuelt at Kristiansen får spele og visar som indreløparen som me treng. Vega, Skålevik/Orlov og Hvilsom/Huseklepp trur eg skal vere i stand til å score både to og tre mål i løpet av ein kamp.

Angåande statistikk: finnes det noko akseptert visdom kring kor mange sjansar ein treng for å score eit mål? Er eitt mål på åtte eller kor mange det var sjansar god uttelling eller dårlig?
378
Kamper / Brann - Start, lørdag 7 mai kl 20:00
May 07, 2016, 23:05:47 PM
Ein ting eg kom til å tenke på no er det annulerte målet: Nouri slår hardt på første stolpe (om eg hugsar rett) frå 30 meter (om eg hugsar rett) og Braaten styrer den i mål. Eit strålande innlegg og eit angrepsmønster som me har sett svært lite av hittil. Ser gjerne meir av det. Der einaste som trengst å endres på er det der med offsiden...
379
Kamper / Brann - Start, lørdag 7 mai kl 20:00
May 07, 2016, 22:58:10 PM
Quote from: Corran on May 07, 2016, 22:48:55 PMVar en møkkakamp kort og greit. Kan ikke skjønne hvorfor en skal legge seg bakpå etter 1-0 mot et lag som ikke har skapt noe mot dem hele kampen før det.

Tanken til Nilsen er jo åpenbart at dei skal trygge inn sigaren, og i og med at dei har blitt så gode til å ligge i denne ramma som det blir snakka så mykje om, så det gir vel ein slags meining. Men det funka jo ikkje, Brann mista kontrollen då dei la seg bakpå.
380
Mykje Hvilsom-kritikk å finne rundt omkring, men for ordens skuld må det nesten nevnes at han jobbar som ein helt defensivt. Det er ikkje så voldsomt glamorøst, men det er jo noko.

Ellers er saknet etter Vega stort. Haugen hadde nokre fine raid, spesielt det før målet, men evna Vega sin fleksibilitet i korleis han utfordrer andreleddet i motstandaren sit forsvar (eller kva det heiter med korrekt terminologi) opnar opp angrepsspelet vårt på ein måte som me ikkje får til uten han. Ingen tilfeldighet at spelet offensivt har vore såpass labert dei siste to kampane uten han, trur eg.
381
Jepp, det var nok dessverre offside.

Me har god kontroll. Håpar verkeleg at me klarar å få hol på byllen, for då kan me fort score både to og tre mål.
382
Satan!
383
Nouri er Brann sin viktigaste offensive speler. Det er han som åpnar forsvaret til Start.
384
Fin vridning av Kristiansen der framme!
385
Kamper / Sv: Brann 2 2016
May 05, 2016, 17:31:23 PM
Vel, det er jo vanskelig når han aldri får spele på a-laget...
386
Interessant. Ser for meg at Braaten kan funke godt i eit sånn type spel med god nærteknikk og godt overblikk (når han er på), men Haugen har eg inntrykk av har litt for lite overblikk. Han må liksom dempe ballen, og så sjå opp for å finne moglegheitar å spele på, ser det ut til for meg (ikkje det at eg har peil, altså). Motstandarane har stort sett skjønt at dersom ein skal møte Brann må ein legge press på ballførar, dette fører til opningar, men då må ein ha indreløparar med overblikk og nærteknikk. Korleis er Johansen på desse punkta?
387
Kan ikkje hugse at angrepsspelet satt som støypt under 4-4-2 og Norling heller.

Er det sånn at me veit noko om korleis LAN helst vil ha det framover på bana? Har han sagt noko om kva han prøver å oppnå, korleis han vil at spelet skal foregå? Må innrømme at Brann sit spel mot etablert forsvar framstår som relativt diffust pr. no, men dei må jo ha ein plan dei jobbar mot? Nei?
388
På tide med Johansen frå start mot Start? Rett tilbake på benken for Haugen, og ut med Huseklepp også. Grønner inn for Acosta dersom det blir karantene etter albuestyret hans mot Tromsø. Trur ikkje me blir voldsomt svekka av det.

Piotr

Nouri Acosta Demidov Kristiansen

Braaten Nilsen Johansen

Vega Orlov Hvilsom
389
Quote from: Lasaron on May 01, 2016, 16:04:25 PM
Jammen Torvanger sa jo at Huseklepp ikke var i troppen en gang jo!!?  :-[


Det heile er ein del av LAN sin taktikk for å forvirre Torvanger!
390
I følge Helge Børresen (@heborres) på Twitter:

"24 - @skbrann hadde flest taklinger denne runden #2FX"

"66,67 % - @skbrann hadde høyest andel avslutninger på mål denne runden #2FX"

"57,30 % - @skbrann hadde høyest andel vunnede dueller denne runden #2FX"

Ellers så høyrte eg ballspark-podcasten i dag, og der var det meir kritikk av Nouri. Eg synes dette er ganske absurd å høyre når han har tre målgivande på våre seks mål så langt i sesongen, og eitt av måla har kome på corner og eitt anna på langskudd. Han er faktisk ein essensiell del av angrepet vårt.
391
Det der gjorde godt og no er eg hes.
392
Nouri har eit høgare nivå i år enn i fjor og eg tykkjer det er galskap å bytte han ut. Han og Braaten og Vega byrjar å få ting til saman, det er meir enn ein kan seie om venstresida. Nouri har gjort ein bedre figur enn Kristiansen, spør du meg. Mitt forslag til å få i gang venstresida er å få inn Skaanes for Haugen, men eg anar ikkje om han er i kampform endå etter skaden. Johansen er vel også småskada.
393
Kva med å bytte ut Huseklepp med Hvilsom? Spelte han ikkje venstrekant når han scora så mykje i Danmark? Eg vil heller få inn Johansen på Haugen sin plass, han kan score, og eg har vondt for å sjå for meg at han gjer ein dårligare jobb enn Haugen.
394
Brann / Sv: Spillerbørs 2016
April 17, 2016, 10:40:35 AM
Leciejewski 5 holdt oss inne i kampen ein periode, kunne nok tatt straffen

Nouri 5 til tider veldig god offensiv, og ein glede å sjå han, Braaten og Vega saman på høgrekant, men har ein del å gå på defensivt, dessverre

Acosta 3 litt for mykje rot defensivt, vil gjerne sjå Grønner i hans posisjon om ikkje lenge

Demidov 5 god å ha, men heile forsvarsrekka vår blei for svak i denne kampen

Kristiansen 3 har skuffa litt så langt i år, saknar meir sprut i dei offensive løpa og meir ro i det defensive, han blir runda litt for lett.

Haugen 2 elendig kamp, elendig kroppsspråk, på tide med Johansen igjen, med mindre Skaanes er på gang.

Nilsen 5 Bunnsolid, er inne i ein veldig god periode.

Braaten 5 Veldig god, sjølvskriven på laget. Litt færre defensive løp heimover i dag enn sist, men veldig god, altså.

Vega 5 Litt sliten såg det ut til, men det er alltid eit element av fare for forsvaret når han har ballen. Dette er eit viktig våpen i forhold til å slite ut motstandaren. Med Vega og Hvilsom eller Skålevik på bana blir det eit konstant element av uro for motstandaren sin forsvar. Om dei i tillegg hadde byrja å score også ville dette vore veldig bra. :)

Orlov 4 kom aldri inn i kampen, men det skulle ikkje forundra meg om han hadde scora ut av det blå likevel, han er liksom den typen spiss

Huseklepp 3 hæ? Spelte Huseklepp i går?
395
Det er ikkje så mykje å seie om denne kampen, er det? Me blir slått av eit bedre lag. Det var først og fremst ein veldig grei realitetsorientering om kor gode me egentlig er, tenker eg.
396
Kamper / Sv: Cupen 2016
April 13, 2016, 21:11:06 PM
Det var jo ganske flaut det her, men det er ikkje noko anna å gjere enn å legge det bak seg og konsentrere seg om serien. LAN tenkte heil rett. At Larsen, Haugen, Barmen og co. ikkje har klart å bli meir effektive enn dei var i 2014 er skuffande. Eg høyrte kampen på BA si radiosending, men korleis var Grønner der bak?
397
Kamper / Sv: Cupen 2016
April 13, 2016, 19:46:08 PM
C'est la vie
398
Kamper / Sv: Den store stream tråden !!!
April 13, 2016, 17:13:40 PM
Har nokon funne stream til dagens kamp? Har lyst til å sjå dei spelarane eg ikkje har sett på ei stund!
399
Quote from: Spelaren on April 11, 2016, 13:13:17 PM
Hvordan er gresset der oppe? Vet de hadde litt utfordringer med enkelte deler av det, men er det plant og fint til vi kommer opp? Kan godt humpe litt og dra ned tempo :) .


Gjekk såvidt forbi stadion og titta inn på tur med hund i dag. Såg dessverre ganske grei ut, er eg redd.
400
Johohooo!