• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Lasaron

1
Ja, mange spilte sammen med Andresen på midten der. Jaiteh, Gashi, Bakke, Guntveit? Fakiri? Haugen?
2
Brann / Re: Sesongen 2020
Today at 09:47:58
No kan klubbane organisere treningar igjen, men spelarane må halde ein meters avstand. Likevel, der er framgang. Dessutan, dei ni klubbane i eliteserien som har permittert spelarane sine kan ikkje organisere treningar med dei som er permittert. Brann er blant klubbane med fordel der, altså.
3
No har eg nettopp sett gjennom Brann sine mål frå 2007, og dette hadde eg gløymt:
- Kor delaktig Bengt Sæternes var om våren
- Kor mange mål Martin Andresen scora (på straffe for det meste)
- At Helstad scora tre! mål på hovudet
- Kor mange mål Brann scora via ein kroppsdel til motstandaren
4
Brann / Re: Sesongen 2020
March 26, 2020, 14:43:46 PM
Til å vere så interessert og engasjert i Brann som eg ha vore, og det meir eller mindre siden starten av 90-talet, er det forsvinnande få gangar eg har drøymt om Brann. Eg trur ingen. Men i natt skjedde det.

Brann angreip frå venstre mot høgre, i raude draktar, på ei udefinerbar bortebane utan løpebane rundt. Ballen vart etter kvart slått lavt inn fra venstre, ganske kort hald. Mange var innanfor 16-meteren, men brannspelarar stod i kø for å score. Den som til slutt satte ballen i mål for Brann var ingen ringare enn Michael Helegbe.
5
Brann / Re: Ralf Fährmann
March 25, 2020, 07:29:17 AM
Eg kjem nok til å gå når dei opnar for det, vaksine eller ei.
6
Brann / Re: Ralf Fährmann
March 24, 2020, 12:48:15 PM
Pressekonferanse med regjeringa i dag kl 16. Der får vi vite om eventuell framhald av tiltak, etc. Indirekte får vi kanskje vite noko om tyskaren i det heile tatt får ein tellande kamp for oss. Tenk at vi skaffa oss historias beste eliteseriekeeper, og så endar han kanskje opp med null kampar.
7
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 24, 2020, 08:06:45 AM
Eg meinar Sonen fekk to gule, men er usikker.
8
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 23, 2020, 13:56:34 PM
Har alle mellomrom mellom fortenna?
9
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 23, 2020, 08:06:52 AM
Quote from: gladiporno on March 22, 2020, 20:26:39 PM
Quote from: Lasaron on March 22, 2020, 20:16:53 PMOk. Inn med Ardian.

Trønder.

Ok. Ut med Rønningen og Ardian. Inn med Holmen og Nordkvelle.
10
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 23, 2020, 08:05:11 AM
Frekt med Gilbert på den lista.

Jonas Jonsson, Patrick Hansson.

Eg ville gjort alt for å fjerne Bjarki Gunnlaugsson frå den startoppstillinga.
11
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 22, 2020, 20:16:53 PM
Ok. Inn med Ardian.
12
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 22, 2020, 18:41:46 PM
Javel, så eg har gjort ein feil. Kven då?
13
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 22, 2020, 17:19:53 PM
Kva med eit lag med berre austlendingar som aldri vart det heilt store i Brann?

Ivar Rønningen
Marcus Bakke - Kristian Flittie Onstad - Ken Hasle - Stig Krohn Haaland
Per Edmund Mort - Joakim Hagabakken - Lars Grorud - Tomasz Zokolowski
Daniel Moen Hansen - Espen Musæus
14
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 22, 2020, 11:27:17 AM
Kva med å setje saman eit lag av folk som sprang på ein karakteristisk måte? Då tenkjer eg desse må med:

Bengt Sæternes: Datt ofte
Tom Sanne: Sprang ganske raskt så lenge det var rett fram, men datt når han skulle svinge
Ørn 2: Trippa på tåballene
Cato Hansen: Armane svinga som på ein skøyteløpar når han sprang
Christian Kalvenes: Sprang veldig markert
Rodolph Austin: Krumma nakken
Frank Strandli: Fram med brystkassa
Bentley: Sprang alltid med bremsene på
Ørn 1: Sprang han nokon gong alt han hadde?
Erik Huseklepp: Armane

Det gir dette offensive laget:

Keeper
Ørn 2 - Ørn 1 - Kalvenes
Sanne - Strandli - Austin - Bentley - Huseklepp
Hansen - Sæternes
15
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 22, 2020, 11:11:48 AM
Petter Furuseth Olsen
16
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 22:00:53 PM
Kan nokon setje saman eit sutrelag? Alle utlendingar som har klaga på veret, eller med koner som har klaga? Samt Runar Normann og Sutre-Petter?
17
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 18:06:35 PM
Superjack, utfrå laget ditt tippar eg du er mellom 42 og 45 år.
18
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 16:09:33 PM
Oi. Demidov. Eg byttar han inn, og ut med Zsolt.
19
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 15:08:44 PM
Eg tar ut Storvik, og inn med Torp.

Sidespor. Kva med eit Hurra-lag? Eg plukkar her ut eit forslag, basert på spelarar som har spelt i mi tid. Dei på BT si liste kan vere med.

Piotr
Bakke - Karadas - I. Ludvigsen
Miller - Strandli - Solis - Barmen - Kvisvik
McCallister - Soltvedt
20
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 14:05:32 PM
Nytt lag:

Radlinger

Marcus Bakke - Grønner - Zsolt - Morten Pedersen
Storvik - Solis - Skaanes
Endre Hansen - Larsen - Hansson
21
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 13:12:46 PM
Ok. Eg byttar ut Bakkerud med Storvik. Vidare byttar eg ut backane med Morten Pedersen og Harri Ylönen.
22
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 21, 2020, 10:09:24 AM
Eg belite meg ikkje.
23
Brann / Re: Guilty Pleasure Favorittlag
March 20, 2020, 19:01:08 PM
Min blir eit lag som på ein god dag kunne rundspelt alle. Forøvrig gidd eg ikkje å sjekke opp mot 110-lista, og risikerer dermed å ta med nokon derfrå. Eg beklagar, og er innstilt på å rette opp i det.

Radlinger
Vindheim - Grønner - Zsolt - Agust Gylfason
Bakkerud - Solis - Skaanes
Endre Hansen - Larsen - Hansson

Edit: Du har rett, Finfin. Endre Hansen må inn.
24
Brann / Re: Sesongen 2020
March 20, 2020, 12:18:46 PM
Sesongen skal gå frå vår til haust. Den saken er berre heilt inormt grei. Å ha lengre pause i sesongen enn mellom sesongane er überteit. Ja til t-skjorte eller baris på stadion, nei til dunjakke.
25
Brann / Re: Hvor er de nå? Tidligere Brannspillere
March 18, 2020, 17:13:15 PM
Ikkje verst, for ein som er så gammal.
26
Brann / Re: Sesongen 2020
March 15, 2020, 18:39:18 PM
Det diskuterast å droppe NM. Det er lurt. Dropp NM, tillatt 30 spelarar i A-lista, ta vekk kravet om profesjonelle kontraktar, og komprimer sesongen. Då kan det gå. Ein kan også droppe alt av landskampar og U21-landskampar og sånn. Kanskje også ta pause frå e-cup.

Serien er pulsen i fotballen. Den må vernast over alt.
27
Brann / Re: Stallen 2020
March 14, 2020, 15:52:24 PM
I ein slik situasjon, jo.
28
Brann / Re: Sesongen 2020
March 14, 2020, 08:26:56 AM
I tillegg til det tragiske med Korona, er det også utruleg interessant korleis det vil påverke oss som samfunn.

Til dømes: Korleis vil folk, som hevdar fotball betyr svært mykje for seg, klara seg utan noko fotball å sjå på i lange tider? Sett at dei heldt seg frisk og sånn. Vil dei sjå gamle kampar i opptak? Vil dei tråle Youtube for snasne videoar? Vil dei utvikle andre interessar og vanar? Vil dei gå på veggane? Køyr debatt.
29
Brann / Re: Stallen 2020
March 14, 2020, 08:19:13 AM
NFF bør for denne sesongen endra reglane. Eg foreslår ei liste på 30 spelarar. Ingen B-liste. Ingen krav til proffkontrakt. Slik kan ein full sesong kanskje gjennomførast, på komprimert tid, med mange juniorar. Kampane kan komme tett, og alle klubbar har mange spelarar å ta av for å få til ein fornuftig kampbelastning.
30
Brann / Re: Positivitets-tråden
March 13, 2020, 12:44:13 PM
Quote from: kabelmann on March 13, 2020, 11:33:30 AMHybelbeboerne slipper å bli forstyrret av jubelbrus i eksamensforberedelsene.

Kva for eksamensførebuingar? Viss du skjønar kva eg meiner....
31
Brann / Re: Sesongen 2020
March 12, 2020, 18:12:01 PM
Eg har eit tips til NFF. At dei for denne sesongen lempar kraftig på krava for kva som skal til for å kunne spele kampar i eliteserien. No er det A-liste med 25 spelarar på proffkontrakt + 5 amatørjuniorar på B-liste. Om dei lempar på krava og tillet at mange fleire juniorar frå klubbane kan spele kampar, kan dei kanskje gjennomføre heile serien i eit komprimert tidsrom, med mykje rullering. Det kan gå. Kanskje.
32
Brann / Re: Stallen 2020
March 12, 2020, 16:10:11 PM
Oppdatert. Hustad er framleis på lista fordi korkje Brann eller Ulf har stadfesta utlånet på sine sider. Tyskaren er inne.
33
Brann / Re: Overganger vinteren 2020
March 12, 2020, 06:42:36 AM
Ja, for dei som lir av det same som Øyvind Alsaker. Om Gilli gjer noko fiks-fakseri med hælen gir Alsaker blaffen. Om ein brasilianar gjer nett det same, skriker han SSAAAAAAAAAAAMMBAAA!!!!
34
Brann / Re: Sesongen 2020
March 11, 2020, 18:27:10 PM
Arrangement med over 500 er no forbode ut april. Usikker på om det bare gjeldt innandørs.
35
Brann / Re: Sesongen 2020
March 11, 2020, 14:26:56 PM
Det er eg interessert i, type u.
36
Brann / Re: Håkon Opdal
March 11, 2020, 13:35:05 PM
Kom ikkje, han kjem, håpar vi.
37
Brann / Re: Billettsalgstall
March 11, 2020, 12:17:15 PM
Nei, det blir styrete. Byt ut med cup. Kjør på utan publikum.
38
Brann / Re: Sesongen 2020
March 11, 2020, 06:02:45 AM
Dei som har kjøpt billett til landskampen får refundert.

Dei ser på om det er muleg å byte ut dei første serierundane med dei første cuprundane. Lurt. Men ingenting er avgjort for april.
39
Kamper / Re: Treningskamper 2020
March 10, 2020, 14:47:10 PM
Dårleg av Brann å ikkje vinne.
40
Brann / Re: Overganger vinteren 2020
March 10, 2020, 10:17:28 AM
Ingen tyskar med i dagens kamptropp.
41
Brann / Re: Overganger vinteren 2020
March 10, 2020, 10:16:46 AM
Då trur eg det skal gå.
42
Brann / Re: Overganger vinteren 2020
March 10, 2020, 08:38:23 AM
Kanskje han ikkje vert signert?
43
Brann / Re: Sesongen 2020
March 09, 2020, 18:40:33 PM
Mannen på tv sa at tiltak for å begrense smitte kjem til å bli intensivert i Noreg etter kvart. På spørsmål om eliteserien i fotball svara han diplomatisk at gjennomføring absolutt må vurderast.
44
Brann / Re: Talentarbeid
March 09, 2020, 17:46:50 PM
Henrik Steinseide og Mikal Kvinge tatt ut på G17-landslag.

Ole Martin Kolskogen tatt ut på G19-landslag. Noah Holm også, forsåvidt.

45
Brann / Re: Overganger vinteren 2020
March 09, 2020, 17:34:43 PM
Det drar ut med signeringa...
46
Brann / Re: Sesongen 2020
March 09, 2020, 15:08:49 PM
Deko e morsomme
47
Brann / Re: Sesongen 2020
March 09, 2020, 12:39:07 PM
Ja, men dei må også ta ein annan risikovurdering. Det kan tenkjast ting skjer medan dei er der nede, som gjer at dei vert sitjande Koronafast. Det vil dei nok helst unngå.
48
Trendy var klønete sagt. Eg trekk det tilbake. Det eg meinte er at det er mykje meir vanleg å stå fram som homofil no enn før, men ikkje i fotballen.
49
Det er vel litt todelt.

På den eine sida er fotballen relativt sett eit homofobt miljø. Det virkar jo nærmast trendy no til dags å stå fram som homo, men ingen fotballspelarar gjer det, sjølv om det mest sannsynleg er nokon. Eg tenkjer herrefotball. Eg trur det er ein grunn til at "ingen" står fram i herrefotballen. Det er også leit at homo, homse, etc blir brukt som skjellsord eller liknande. Det er ein uting, og noko eg sjølv motarbeidar i skulen. Dermed kan det vere greitt at Brann markerer seg.

På den andre sida står det ein bevegelse og organisasjon bak Pride som absolutt jobbar politisk, for politiske endringar. Blant anna handlar det om at barnehagebarn skal bli undervist i flytande kjønnsidentitet, at alle formar for kjærleik er like naturleg, "kor homo er du?"-undersøkjingar for barn, unisex-løysingar i det vide og breie. Etc. Nokon vil tillate polygami. Etc. Pride har også tildels eit vulgært uttrykk som ein del reagerer på, sjølv om dei ikkje bryr seg om kva vaksne gjer med kvarandre frivillig på soveromma.

Eg trur nok det er rett å vurdere Pride som noko meir politisk enn til dømes ein demonstrasjon mot rasisme. Dog trur eg mange er ueinig med meg i det. Uansett, Harald Johannessen har nokre poeng når han vurderer Pride som politisk. Så kan ein sjølvsagt hevde at Brann ikkje skal ha det vedtaket i statuttane sine, og jobbe for det.
50
Brann / Re: Sesongen 2020
March 07, 2020, 08:28:55 AM
LAN er jo oppteken av liten risiko. Unge spelarar gjer gjerne fleire tabbar. Men Eggen gjer jo mange tabber og. Ein kan jo ikkje spele med ein tabbespelar berre fordi han er langt over 25 år?