• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Kid-A

1
Brann / Sv: Hvor blir vi tippet av "ekspertene"?
March 24, 2014, 08:38:31 AM
Er det eigentlig nokon som har fått rett i tabelltipsa sine før sesongstart? Neppe... For min del kan dei tippe Brann på 12 plass, når alt kjem til alt blir det overraskelsar uansett. Kjenner det sitrer i kroppen når eg tenkjer på at det er 6 dagar att til seriestart. Om Norling, Hanstveit, Leciejewski og resten av klubben sitt mål om gull skal ha noko realitet i seg bør vi ha 7-9 poeng på dei tre første kampane. Vi kan ikkje få ein dårleg start som vi må jobbe inn att helg etter helg!

Forøvrig tippar eg at VG har satt oss på den bitre 4 plassen...
2
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 31, 2014, 13:02:46 PM
Quote from: pidre on January 31, 2014, 12:54:05 PM
Quote from: Kjell249 on January 31, 2014, 12:48:34 PM
Vi må uansett ha inn en reell utfordrer til Haugen og Badji på midten.


Kind Bendiksen. Han vil vekk og er Bosman til hausten. Bør være mulig å få til.




Støtter denne. Thomas Kind Bendiksen er ein klassespelar målt i TL-nivå. Om han vil til Bergen er det berre å snakke med Nilsen og gjengen
3
Kamper / Sv: Mandagskampen droppes!! Halleluja!
January 29, 2014, 23:16:44 PM
Det beste hadde sjølvsagt vore å latt fotballen gå sin gang laurdag + søndag og lagt kampar utanom helga når det ikkje let seg gjere med helgekamp, typ helligdagar o.l., men når ein først skal kvitte seg med ein kampdag er mandagen ein grei plass å starte. Om ein spelar bortekamp i Kr.sand, Bodø eller Trondheim for den saks skyld, slepp ein i det minste å sitje på ein bedriten buss heile natta for så å gå rett på arbeid på tirsdag.

Små gleder i kvardagen.
4
Kamper / Sv: Mandagskampen droppes!! Halleluja!
January 29, 2014, 22:39:24 PM
Quote from: Nixon on January 29, 2014, 22:18:09 PM
Er det ikke en uskreven regel her på forumet at vi ikke skal linke til Adresseavisen i slike saker, men heller ta oss bryet med å finne saken hos BT?

Ikke?

Det burde være det!:)


Whatever, første linken om saka som kom i Twitter-feeden min...
6
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 29, 2014, 19:00:30 PM
7
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 29, 2014, 18:50:02 PM
Vi har forsterka oss klart siste par vekene. Sjølvsagt vil mykje ha meir, men kven skulle det vere? Har såppass stor tru på RN at han ikkje sender RBH i forhandlingar med nokon utan at eit grundig grunnarbeid på ein speler er gjort.
8
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 24, 2014, 16:56:59 PM
Har aldri sagt at han var det, var berre nokon lengre oppe som meinte at vi kanskje burde ha følerar ute for han sidan han har avbrutt kontraktsforhandlingane i Tyrkia og var på veg heim til Noreg.

Eg trur ikkje at Kamara nokon gong kjem til å skje, men OM det skulle skje er det vel ingen som takkar nei?

9
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 24, 2014, 16:24:04 PM
Om Kamara skulle vere aktuell og samstundes på veg til Bergen blir det nesten FOR
10
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 24, 2014, 12:17:30 PM
Forøvrig burde vi lære oss at Kongen heiter Rikard Norling, og ikkje Richard eller Nordling. Greit å få på plass først som sist  ;D

I dag sprakk nyheita om at LSK óg må kutte i økonomien. Så langt er det nedgangstider for VIF, RBK, LSK og til dels Molde i og med at dei har mista (etter all sannsyn), 2 av dei beste spelerane sine frå i fjor, kanskje fleire etter kvart som tida går. Heck, dei mista mannen dei henta inn for å erstatte den klart beste midtbanespeleren i Noreg i forfjor, og i tillegg har dei mista den beste treneren i TL.

Det ser ut til å rakne for dei fleste av dei som er våre naturlege utfordrarar. Godset, Viking, AaFK og Haugesund held stand. Ikkje det at Molde kjem til å havne i eit økonomisk uføre rett så snart, for det gjer dei ikkje, men det er fortsatt deilig å sjå at folk forlét den klubben til betre jaktmarkar samstundes som at dei ikkje forsterkar laget nemneverdig.

Vi derimot; vi forsterkar på spelerfronten, vi henter inn det som er udiskutabelt, eitt av Skandinavias største trenernamn (i mine auge berre forbigått av OGS, Michael Laudrup, Erik Hamrén og Ståle Solbakken). Vi verkar å vere på fote økonomisk, entusiasmen er komen tilbake til Bergen og vi er på gong.

Det er ein deilig følelse.

No håper eg berre at Demidov snart blir bekrefta.
11
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 23, 2014, 22:14:57 PM
Om Demidov blir bekrefta i morgon er spørsmålet om vi er nøgde med dei to som har kome inn, eller om vi bør bruke eit par millionar på den siste touchen for å komplementtere troppen?

Kor mykje pengar har vi eigentleg igjen til spelerkjøp? Nokon som veit? Demidov er riktignok gratis, men skal jo ha ei lønn som plasserer han i toppen der nede i Idrettsvegen?
12
Brann / Sv: kaptein 2014
January 23, 2014, 13:24:14 PM
Heilt einig! At Erlend Hanstveit blir kaptein er heilt greit, han er lokal, mykje rutine og ein solid spelar. At Huseklepp er valgt som visekaptein skjøner eg mindre av, men reknar med at Kong Rikard veit kva han driv med...
13
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 23, 2014, 13:05:13 PM
Veldig kjedelig om det viser seg at vi missar Badji for ei god periode...
14
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 23, 2014, 00:44:51 AM
Tviler på at Anzji set seg på bakbeina, kvifor skulle dei det? Ikkje blir Demidov brukt og han sjølv vil til Brann.

Håper på ein særs oppegåande torsdag :D
15
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 22, 2014, 21:27:31 PM
Så klart gjer han det, han er agent, det er jobben hanna. Verste som kan skje for hass eigen del er at han framstår som ein elendig agent utad som ikkje klarar å få meir for spelerane sine.

16
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 22, 2014, 15:04:14 PM
Fy faen så deilig!
17
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 22, 2014, 15:00:10 PM
Ut i frå det eg har sett på YouTube av Orlov, er han ein som kan både score mål og gjere medspelarane betre. Det er ein flott eigenskap å inneha.

Eg har trua på både Huse og Orlov, men dei må få tid på seg til å køyre inn samspelet dei i mellom.

Dette blir bra, folkens!
18
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 21, 2014, 15:42:49 PM
Quote"Nu har den nyrika Tippeligaklubben tröttnat och känner sig tvingade att gå vidare med andra namn.


Haha, lurer på kvar dei har kildene sine frå? Ny-rike??
19
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 13:13:40 PM
Misforstå meg rett, sei ikkje bastant "nei takk" til spelerar mellom 29-32 om dei er solide overgangar - långt derifrå. Det er månge rutinerte namn der ute som kunne gjort ein god jobb, absolutt, eg berre meiner at å hente PVM tilbake ikkje nødvendigvis kjem til å bli ei suksesshistorie, og vi har jo uansett ein Kristoffer Larsen som skal utvikle seg vidare også i tillegg til at om vi skal hente ein venstrekant, kan vi hente ein med vidersalspotensiale.

Og jada; eg veit at det også kan stagge utviklinga osv, men vi må tenke langsiktig. Ein fotballklubb er avhengig av sal med mindre dei er eigd av nokon frå midtausten, å få potensielt inn 20 millionar kontra 1-2 millionar på eit videresal av ein spelar er ein viss forskjell.
20
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 13:04:45 PM
Quote from: dudo on January 19, 2014, 12:59:03 PM
1. Nettopp! Med PVM kunne vi fått en spiller som kunne levert på høyt TL-nivå i 5 år. Ikke en eller annen jypling som brenner etter å komme seg utenlands og slår til på det første og beste tilbudet etter en halv sesong med prestasjoner på relativt bra nivå.

3. Hvem?


1) Joda, men PVM har vel 2 år igjen av kontrakta der nede, skal vi kjøpe han fri? Trur ikkje LSK vil selge heller, han er visekaptein under Haglund.

3) Mohammed Elyounussi? Yan-Erik De Lanlay? Thomas Drage? Skal ikkje nødvendigvis påstå at to av dei nemnde tre er billigare enn PVM, sikkert ikkje, men dei har større potensial og vi kan tjene ein slant om dei skal selgast. Det er realiteten i TL uansett, unge folk vil ut etterkvart. Heller ungt talent enn aldrende fotballpensjonist
21
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 12:59:12 PM
Quote from: dudo on January 19, 2014, 12:56:30 PM
Drage er en bra spiller som jeg fint kunne tenkt meg i Brann - om Norling ikke var en 442-mann. I det systemet er det ikke plass til han.


Om Huseklepp skal opp på spissplass, noko som er 99% sannynleg, er K.Larsen einaste alternativet på venstrekant. Drage har spelt månge gode kampar på venstrevingen til Tromsø før, klart det er plass til han i 4-4-2?
22
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 12:55:21 PM
23
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 12:40:13 PM
Nei takk til MGP.

Nei, sant skal seiast; eg var einig med deg, ein spiss som kunne levere rundt 15-20 mål kvar sesong har vore førstepri. ganske lenge, men når moglegheita med å signere ein klassespelar som Demidov dukkar opp, takkar eg ikkje nei til det. Men håpar sjølvsagt at spissplassen ikkje går på bekostning av Demidov, meir enn likeprioritert.

Svenskane sei det kjem ei avklaring iløpet av veka på Orlov-situasjonen, då får vi berre stole på det. Reknar med at både RBH og RN har andre namn i bakhand og at dei jobbar med fleire enn berre Orlov.

Midtbana har eg trua på, ser ikkje at vi treng ei umiddelbar forsterking der, men klart; det finst både eitt og to namn oppe i Tromsø eg gjerne skulle sett kom sørover til byen mellom dei 7 fjell - som kunne gått inn og forsterka midtbana right from the get-go. Thomas Kind-Bendiksen for eksempel. Thomas Drage, ein særs undervurdert ving. Ung er han óg, det er dei begge.

Men vi får berre sjå kva som skjer...
24
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 19, 2014, 12:02:11 PM
Om Demidov kjem inn skal ein ikkje sjå heilt vekk frå at kanskje nokre av investorane er med på å betale deler av løna til han. Reknar med dei er like gira på å sjå Brann prestere stort igjen og med entusiasmen rundt ansettelsen av Rikard Norling så er vel potensialet med å få inn ein class-A fotballspelar til Brann på høgde for å få dei til å bidra igjen, frivillig heller enn motvillig.
25
Bataljonen.no / Sv: Ny outlook på forumet?
January 17, 2014, 21:41:37 PM
Har forøvrig pusla med å lage ein ny header til forumet.

Om dei høge herrar som administrerar forumet har lyst å bytte ut den som er på sida no, berre gi meg eit vink så skal eg fjerne vannmerket frå det eksempelet som ligg under. Eventuelt om dei vil ha endringar/forbetringer er det berre å sei frå. Kan gjere andre grafiske ting også om nødvendig.

26
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 17, 2014, 21:16:27 PM
OM det stemmer at budet er på 5,5 mill, bør vi det ja. Om RBH snakkar sant - at budet ikkje er i nærheita av det som har kome fram, kan det vere noko anna.

Ein digresjon: Morosamt at på BT.no står det om Fana-talentet Matias Totland som var på trening i dag:

Quote from: BT.no- Dette er en drøm


medan BA.no skriv:

Quote from: BA.noStortalent lunken til Brann


Guten sjølv har eit poeng, å kome til oss for å spele på same nivå som han gjer no, med kanskje mindre speletid ikkje er kjempelurt. På den andre sida, lokal + stortalent = win!
27
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 17, 2014, 17:14:54 PM
Trur faktisk eg heller ville hatt Mos enn Mush. Gode spelerar begge to, for all del...
28
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 17, 2014, 16:41:49 PM
29
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 17, 2014, 00:57:46 AM
30
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 16, 2014, 21:58:34 PM
Tipper Jonas Grønner (evt. Gjesdal), ender opp med å gå på lån til ein Adecco-klubb, typ Nest-Sotra. Merkeleg om ikkje verken Brann eller Nest nyttar høvet med å få sendt spelerar over brua slik at dei som ikkje er gode nok for TL og fór gode for 2 div., får kamptrening på eit lag som verkeleg treng dei for å overleve.
31
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 16, 2014, 20:28:21 PM
Mojsov er ikkje direkte dårlig. Tykkjer han har klart seg bra i Bergen med unntak av Molde-kampen der oppe.

Men vi signerte han gratis og kan få litt penger for han, good piece of business vil eg kalle det for. Har trua på at Demidov kjem til Bergen. Spørsmålet er kven som skal inn. Jonsson har litt å bevise til tross for at RN kjenner han godt frå før, Wangberg eller Gjesdal? HG gjorde sakene sine solid i fjor, håper og trur at RN vil satse på lokalt og ungt og talent, noko han har ymta frampå fleire gonger mtp sistnevnte
32
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 16, 2014, 15:26:30 PM
Quote from: aleksanderhjelleseth on January 16, 2014, 15:01:36 PM
Vanskelig å hacke faxmaskiner!



Hahaha!!

Håper det går i boks, vi treng ein mann som Demidov baki der. Blir vel det siste vi ser av Markus Jonsson då. Håper på fleire store namn inn
33
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 16, 2014, 14:20:58 PM
Meinte sjølvsagt Demir og Gala, ikkje Demidov og Gala  ;D

Er einig med nero, foretrekk å behalde Demir i alle fall eitt år til, men om vi får greit betalt, kven er då eg til å klage? Blir nok lånt tilbake eller noko når dei finn ut at han ikkje er god nok for det nivået heilt enno.

Liker at vi er ute etter profilar. Har eit håp om at det kan skje på spissplass også, har ikkje høyrt noko meir om Orlov på eit par dager, kan hende det var hald i at kona ikkje ville flytte til Noreg sidan ho var gravid og dermed usikker på kva som venta ho her. Den andre halvdel med påverknad har vi hatt nok av her i byen
34
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 16, 2014, 14:09:08 PM
Tviler på at Demidov og Galatasaray har noko hold. Så god er han ikkje, enno vel og merke. Hadde vore tidenes bombe om det faktisk var hold i det.

Demidov har eg ingenting i mot, om han kjem til Brann er det berre eit stort pluss.
35
Brann / Sv: Sesongen 2014
January 16, 2014, 00:32:59 AM
Kjellemann i Stavanger har ein fellesnemnar i karriera si. Han gjer det særs bra i 1-2 sesongar med eit lag, gjerne overpresterer litt, før kvardagen kjem for ein dag. Trur ikkje Viking kjem til å vere ein stor utfordrar, men at dei kan blande seg inn i topp 7 er ikkje umogeleg.

AaFK skal sluttforhandle med FCK i morgon og iflg. ein god kompis som er journalist for SMP og har gode kontaktar er det berre formaliteter igjen før kontrakta signerast i løpet av dagen i morgon. Med andre ord så er fjorårets toppscorer vekk samstundes som det klart svekkar AaFK.

Eg trur personleg ikkje på gull i år, men at topp-3 er ei god moglegheit er eg meir sikker på, spesielt sidan OGS ikkje er i Molde lengre. Assistenten til assistenten klarar nok ikkje å heve Molde til tross for ein særs sterk spelerstall. Sjølv om Godset har mista Johansen trur eg dei klarar å erstatte både han og Dio som reiste til Ukraina. Eg held ein knapp på dei som seriemester i år igjen. For mykje rot og tull i Trondheim til at det går deira veg, takk og lov for det.

Håpar å vakne i morgon til nyhende om at Brann er i sluttforhandlingar med ein eller annan grade-A player.
36
Brann / Sv: Sesongen 2014
January 15, 2014, 20:05:12 PM
Hehe, for ein klovn.

Har nett sendt ein e-post til Summetonen kor eg svarar han konsist og konstruktivt. Får sjå om dei gidd å ta det med eller ikkje.
37
Brann / Sv: Sesongen 2014
January 15, 2014, 13:44:37 PM
Frå eit økonomisk perspektiv forstår eg kvifor tv-selskapa gjer det, dei eig trossalt rettigheitene. Men det betyr ikkje at eg er det minste einig i det. Fotball SKAL spelast i helga, ikkje på mandager, slik er det berre.
38
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 15, 2014, 13:28:15 PM
Han var ein av spelerane eg lista i eit tidligere innlegg over potensielle kjøp frå Sverige. RN kjenner han særs godt, og det kan tale til vår fordel. Om det er realistisk er ei anna sak, han har vore i søkelyset til langt større klubbar i langt større ligaer.

On a side note; Harmeet Singh står fritt til å forlate Feyenoord. Kunne han vore ei potensiell forsterkning eller er vi godt dekt på midtbana og framover? Minuset er at han og Haugen ville kjempe om same plassen, det positive er at han har plenty med erfaring og gode kampar frå den posisjonen i Noreg frå før
39
Brann / Sv: kaptein 2014
January 15, 2014, 12:24:16 PM
Pr i dag ser ikkje eg heller kvifor Haugen skulle blitt valgt til kaptein. Kanskje ein gong i framtida, men han har jo enno ikkje etablert seg i Tippeligaen ein gong om ein set ting på spissen
40
Brann / Sv: kaptein 2014
January 14, 2014, 17:18:53 PM
Sidan Kong Rikard skal ha eit kapteinsteam med 2 kapteinar (slik det burde vere over alt), er det i mine auge er det tre alternativ pr. i dag:

Erlend Hanstveit, Markus Jonsson og Piotr Leciejewski.

Men for å sitere BA ang. Leciejewski:
Quote from: BA.no"Møte sponsorer og være den som ofte må stå å svare på de vanskelige spørsmålene fra media. Ikke noe av det står på listen over hva Leciejewski vil bruke tiden sin på."


Det har dei heilt rett i. Trur nok at det blir Hanstveit, ja. Ikkje nødvendigvis negativt. Hadde heller ikkje hatt noko i mot om Jonsson fekk prøve seg for tredje året på rad, men mtp. skadehistorikken til MJ skjer nok ikkje det. Men tek ein rutine og leierskap i betraktning er han eit godt val.
41
Bataljonen.no / Sv: Ny outlook på forumet?
January 14, 2014, 13:06:15 PM
Nei, sjølvsagt ikkje. Men andre sider med forum eg er medlem på som har oppdatert, har køyrt inn oppdateringane gradvis og heile tida med tilbakemeldinger frå brukerar i fokus for å nettopp skulle unngå det du nemner, Nero; at ei oppgradering ikkje skal bli ei nedgradering frå det ein hadde, men faktisk som ordet tilsei; ei oppgradering.

AtleticoMadrid.no gjorde det nettopp for eksempel, dei tok det gradvis og lot heile tida tilbakemeldingane ha ei påverkningskraft på det endelege resultatet.

Det finst andre forum-oppsett som kan gjere det estetisk reinare og meir oversiktleg enn det som er tilfelle i dag.

Igjen, kan ikkje stresse dette her nok, det var berre eit forslag for å føle på stemninga for noko slikt, og mi personlige meining er at både forumet og heimesida til Bataljonen kunne hatt godt av eit ansiktsløft for å gjere sida betre, men om folk flest vil ha det som det er i dag så skal ikkje eg vere vanskeleg.
42
Bataljonen.no / Sv: Ny outlook på forumet?
January 14, 2014, 11:00:35 AM
Quote from: Nixon on January 14, 2014, 09:29:51 AM
Hvilke valgmuligheter tenker egentlig trådstarter på? Og hvorfor er dette forumet mer tungvint enn de andre som han linket til? Hva kan de som ikke vi kan?


Nei, valgmoglegheiter var vel kanskje feil formulert. Tek det på mi kappe, men står for det andre eg nemnte. Som sagt, det er berre mi personlege meining og eg føyer meg for fleirtalet utan protester, berre tykkjer at utsjånaden og estetikken er utdatert, vi kunne hatt eit mykje finare forum sånn sett.

Blir heile tida automatisk utlogga óg, sjølv om eg har haka av for at det aldri skal skje. Det er sikkert berre ei innstilling frå mi side som skal til for at det problemet forsvinn og har dermed ikkje noko med sjølve forumet per say å seie. Men grafisk sett tykkjer eg forumet står tilbake. Eg har brukt forumet før, hadde ein annan brukar då som eg ikkje hugsar passordet til og ikkje har eg e-post adressa eg registrerte meg med heller lengre, så eg måtte opprette ny bruker. Eg var aktiv før, men tok meg ei lang pause. Meiner å hugse at forumet var omtrent det same då og? Tenkte kanskje det berre var på tide med ei oppgradering.
43
Bataljonen.no / Ny outlook på forumet?
January 14, 2014, 08:22:22 AM
Tornekrattet
Stormen

Anar ikkje, er alle nøgde og einige om at det type forumet vi har no er tipp topp tommel opp?

Som sagt, berre ei personleg meining og eg anar ikkje om det er bestemt at dette er slik det skal vere, ferdig arbeid.
44
Brann / Sv: Startelveren 2014
January 13, 2014, 17:58:56 PM
Quote from: abe78 on January 13, 2014, 17:51:42 PM
Kvaliteten på innleggene her inne er ikke helt på topp for tiden..

Vi kommer nesten garantert til å spille 4-4-2, eller noe lignende. Bredde i midtbanen og to mann på topp. Blir ikke overrasket om Mojsov forlater Brann neste uke.
45
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 13, 2014, 16:58:42 PM
Dei to førstnevnte reknar eg med Norling har fått med seg, mtp. kort veg frå Malmø til København samt at Moa (om enn urealistisk), har levert i ein større liga enn TL
46
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 13, 2014, 16:51:26 PM
Kall meg gjerne galen, men hadde ikkje protestert om det hadde skjedd. Ser på sjansen som særs liten, uansett...
47
Brann / Sv: Startelveren 2014
January 13, 2014, 16:18:32 PM
Haha! Sant vel? Finst ingen i dag av spissane som kan gå rett inn på laget. Alternativt er det å bruke Barmen på midten saman med Badji...
48
Brann / Sv: Startelveren 2014
January 13, 2014, 15:52:20 PM
Gitt stallen pr 13/1-14 er mitt forslag slik:

                                     Leciejewski


Sævarsson          Mojsov                     Hanstveit            Demir


                                        Badji

Askar                                                                            Larsen

                                       Haugen

                             Huseklepp        Pusic


M.A.O.: Vi treng å forsterke fleire plassar, dette laget er ikkje godt nok til å utfordre om topp-3 pr. i dag.
                                 
49
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 13, 2014, 15:37:52 PM
50
Brann / Sv: Overganger vinteren 2014
January 03, 2014, 13:21:26 PM