• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Ninja-Bob

401
Er me sikker på at Braaten speler indreløper og at ikkje Vega tar den posisjonen? Såg at det berre stod navn på Brann.no
402
Brann / Sv: Spillerbørs 2016
April 03, 2016, 22:12:07 PM
Leciejewski 5 kunne nok tatt målet på ein god dag, ellers solid, også på tilbakespel (!!)

Nouri 6 Kanskje vår beste speler i dag, solid defensiv, veldig god i kombinasjon med Braaten, og enorm kjemping
Acosta 5 På det jamne, men stor sett solid. Eit par dårlige klareringar.
Demidov 6 Litt defensivt rot i første omgang, men ein del veldig gode framspel også. Er sjef.
Kristiansen 4 Skuffande kamp. Blir relativt effektivt tatt ut av kampen av motstandarane, og ender opp med syte litt for mykje. Men eg har sansen for Ruben, altså. Også fantastisk til å kjempe.

Johansen 5 Svak start, men skyldar på manglande kamptrening. Målet gjer at han lett blir tilgitt! Det var ein heilt vill dupp på målet hans
Heltne Nilsen 6 Veldig god defensivt, mykje bedre offensivt. Var spesielt god mot slutten av første omgang. Pluss for fantastisk framspel til Braaten!
Haugen 4 Ok kamp defensivt, ganske dårlig offensivt. Blir ofte slik med Haugen er mitt inntrykk.

Braaten 6 Hans beste kamp for Brann så langt, veldig godt samspel med Nouri, god teknikk, veldig trygg med ball, og han gir angrepsspelet vårt ein tyngde.

Hvilsom 3 Likar kjempinga, men lite kjem ut av det.

Huseklepp 5 Mange gode tilløp, mykje god defensiv jobbing, men ikkje heilt der.

Lie Skålevik 5 God til å trekke i forsvaret, litt for dårlig teknikk på både mottak, små flater og avslutningar. Enn så lenge, forhåpentligvis!


Sent from my iPhone using Tapatalk
403
Hvilsom scora vel jamnt og trutt det året han putta 16 mål på 33 kampar for Hobro. Men ikkje fordi: eg digger Orlov og syntes at målet hans mot Strømsgodset var kjempefint. Måten han jobba med posisjoneringa i forhold til forsvaret minna mest om ein surfer som vil time inngangen til bølga perfekt. Er ein eleganse og skjønnhet i det også, sjølv om ballen endte opp i mål via skuldra hans.


Sent from my iPhone using Tapatalk
404
Altså: kor mykje kostar det å ha undervarme på i veka? Og dersom det er så forbanna viktig for svina i NFF å starte serien andre helga i mars så kan jo dei legge til rette for ein infrastruktur der det er mogleg å ha gode baner andre helga i mars? Altså subsidiert oppvarming, og hvis ikkje dei er villig til det så kan dei starte serien i april i staden.
405
Brann / Sv: Spillerbørs 2016
March 20, 2016, 22:34:59 PM
Leciewski 7 Piotr har nokre redningar som heldt oss inne i kampen, men i hvertfall to femmetere som går utover sidelinja og det må han slutte med snart (men han har jo alltid gjort det og det er ingen håp om at han skal bli bedre på det)

Nouri 4 fortsatt for utrygt defensivt og ikkje spektakulært offensivt
Acosta 6 bunnsolid
Demidov 7 styrte kampen, den besye kapteinen sidan Andresen.
Kristiansen 5 er mindre plass til hans offensive kvalitetar på ei slik matte, men veldig god innsats

Barmen 5 mykje god kjemping, men han hadde ikkje dagen
Heltne Nilsen 7 den beste kampen eg har sett av han for Brann
Haugen 5 slei nok med matta, nokre dårlige mottak og stort sett ufarlige framspel, dessverre.

Huseklepp 5 god innsats, men slit med matta og til dels kampbildet

Hvilsom 6 fantastisk fighting under elendige forhold, har trua på denne dansken!

Braaten 5 mykje bedre enn sist, gjorde ein veldig god defensiv jobb.

Alt i alt: eg synes me gjorde ein svært god kamp mot eit lag som tross alt er spådd som medaljekandidat. Er langt meir optimistisk no enn eg var for to veker sidan!
406
Ok, kanskje eg er ein kyniker (er eg? har aldri tenkt dette om meg sjølv), men eg er storfornøyd med 0-0 på heimebane mot Odd. Dei slo RBK i første runde. Lettelsen over at me ikkje blir 100% rundspelt og latterliggjort er for stor. Haugesund leder serien og eg er ganske optimistisk med tanke på å kome høgare enn dei på tabellen, for å sette ting litt i perspektiv. No er det Aalesund borte og Bodø/Glimt heime, i desse kampane håpar og trur eg at me kan styre spelet meir. Uansett - opninga er over all forventning for min del. Litt sjølvinnsikt på tampen her: eg er altså ein pessimist, ikkje ein kyniker.
407
Samme førsteellever som forrige kamp, ser det ut til.
408
Brann / Sv: Spillerbørs 2016
March 13, 2016, 23:03:51 PM
Leciejewski 4 Dårlig vurdering på 2-0, men føltes tryggare med ballen i beine enn på lenge

Nouri 2 elendig kamp defensivt, og nesten like dårlig offensivt. Vil gjerne sjå finnen etter kvart.
Acosta 4 stort sett solid, men det var nokre situasjonar der det blei ganske utrygt uti der.
Demidov 5 dårlig plassering på 1-0, ellers god, og også farlig på offensive frispark, kan fort putte eit mål eller to i løpet av året på det.
Kristiansen 5 havnar på halvdistanse på 1-0, meg eg meiner han Denidov må dele skylda med Kristiansen der. Gull verdt offensivt, bygger opp angrep og er med heile vegen.

Barmen 4 ein svak firer, men hadde ein del gode løp i første omgang når ikkje mykje anna såg bra ut.
Heltne Nilsen 4 overraskande mange pasningar i riktig retning, men det manglar litt sjølvtillit, slik som på den siste kontring til SIF, der han slår ein tildels godt tenkt ball framover, men den er for svak og SIF bryt.
Haugen 5 dårlig start, men bedre og bedre, og det er jo farlig når han kjem framover.

Braaten 3 anonym. Bedre som innbyttar mot slutten av fysiske kampar?
Hvilsom 4 Har riktig retning og er kjapp, treng kanskje nokre kampar på å kome i gang, men eg er optimistisk.
Huseklapp 7 Brann sin beste speler med mål og assist, veldig positivt!
409
Kamper / Sv: 13.03 kl 18: Strømsgodset - Brann
March 13, 2016, 20:22:13 PM
Dette var over all forventning. Eit heilt anna trøkk enn i treningskampane.

Er positivt overraska over Huse, som vel er Brann sik beste speler i dag. Kristiansen kjem på halvdistanse på første mål, men Demidov haldt ikkje mannen sin han heller der. Alt i alt synes eg at Kristiansen spelte svært bra. Utfordringa er å få i gang høgresida også. Heltne Nilsen slo også opptil fleire offensive pasningar, sjølv om spesielt den på slutten holdt på å ta livet av meg av rein skrekk.

Er glad!
410
Brann / Sv: Overganger vinteren 15/16
February 23, 2016, 12:10:42 PM
Den Demidov-videoen er aldeles fantastisk!
411
Brann / Sv: Overganger vinteren 15/16
February 19, 2016, 14:22:09 PM
Og etter Tore Strand pensjonerte seg...
412
Brann / Sv: Overganger vinteren 15/16
November 27, 2015, 08:04:20 AM
Ein del har snakka om at å gå ut med den nye lønnssystemet er å vise alle korta ein har på handa i ein forhandlingssituasjon. Er det mogleg at Soltvedten ikkje har gjort dette, og at det er meir handlingsrom og fleksibilitet enn det som har kome fram i media? Dersom media skriv at det er eit nytt rigid lønnssystem i Brann, men Soltvedt kan vise at dei kan strekke seg i ein ein til ein forhandlingssituasjon om ein spelar så vil jo han plutseleg ha eit godt utgangspunkt for å forhandle. Eller?
413
Brann / Sv: Sesongen 2016
November 26, 2015, 18:25:10 PM
No når me er i gang med å diskutere RBH igjen, har de fått med dykk den nye Lars Vaular-låten? Der rapper han (fritt etter minne): når eg kommer til klubben fucker eg alt opp, som Roald Bruun-Hansen.
414
Og her er laget:

24 Piotr  Leciejewski
4 Eirik Birkelund
5 Jonas Grønner
7 Kristoffer Larsen
8 Fredrik Haugen
9 Kasper Skaanes
10 Steffen Lie Skålevik
15 Bismar Acosta
21 Ruben Kristiansen
29 Kristoffer Barmen
33 Amin Nouri

                      Piotr

Nouri    Acosta     Grønner    Kristiansen

Birkelund       Barmen          Haugen

Skaanes        Skålevik         Larsen

Skulle ein tru då?
415
Brann / Sv: Sesongen 2015
October 21, 2015, 19:55:20 PM
Huff, dumpa innom bt-sendinga og såg Birkelund der, fekk vondt av han. Men sånn er vel livet i den bransjen.
416
Brann / Sv: Sesongen 2015
October 21, 2015, 19:46:35 PM
Kan han ikkje berre blåse av først som sist? :)
417
Kamper / Brann - Jerv, onsdag 14.10 kl 19:00
October 15, 2015, 08:36:35 AM
Over til noko heilt anna: eg fekk riktignok berre sett andre omgang, men Nouri viste gode taktar i går, gjorde han ikkje? Solid defensivt og aktiv offensivt.
418
Kamper / Sv: Brann - Jerv, onsdag 14.10 kl 19:00
October 14, 2015, 19:55:03 PM
Sinnsjukt deilig å vinne!

Men la oss snakke om drøyinga til Piotr. Jævla unødvendig med gult kort i to kampar på rad no.
419
Kamper / Sv: Brann - Jerv, onsdag 14.10 kl 19:00
October 14, 2015, 15:01:48 PM
Ollie: det pleier å vere folk på Three Lions
420
Jævla møkkadommar. Har vilt dårlig kontroll på kampen.
421
Kamper / Sv: 28.09, 25 runde: Brann - Bryne kl 19:00
September 28, 2015, 18:48:59 PM
Acosta er sub-par i dag. Kanskje Grønner bør få sjangsen i neste omgang? Han kan jo score også, noko Acosta tydelig viste at han ikkje kan her i stad.
422
Brann / Sv: Overganger vinteren 15/16
September 19, 2015, 21:03:04 PM
Det er kanskje viktig å presisere at det ikkje er enten eller, men ein meir samansatt problemstilling. Ein kan vere så god ein vil, men fotball er eit lagspel og eit fotballag må spele godt saman. Dette er sjølvsagt viktigare enn enkeltspelarar. Når det er sagt så vil det jo vere betraktelig større sjanse for at den bedre spelaren vil fungere best saman med resten av laget. Men samspelet er viktigast, og det trur eg er også er perspektivet ein god trenar vil ha.
423
Brann / Sv: Overganger sommeren 2015
August 23, 2015, 21:09:50 PM
@Corran, skitt, eg såg feil då eg las trådnavnet i kampens hete. Var sjølvsagt på jakt etter Sesongen 2015. Skylder på ei sjelden kjensle av entusiasme. Og Ranheim scora jo dessverre ikkje.
424
Brann / Sv: Overganger sommeren 2015
August 23, 2015, 18:44:47 PM
Dersom Ranheim klarar å putte eit mål no i sluttminutta så blir jo dette ein super søndagskveld!
425
Vel og bra å spikre eit førstelag, men Heltne Nilsen burde gått ut i staden for Barmen. Trur eg.
426
Og dersom eg hadde vore Kristoffer Barmen hadde eg satt inn eit ekstra gir på skuddtreninga...
427
Skift gjerne ut Heltne Nilsen, dra ned Barmen på defensiv midtbane og set innpå Birkelund.
428
Viktig å ikkje gje Hønefoss for mykje tid og rom no.

Endå ein positiv ting etter dette overgangsvindauget er at Kristiansen kan slå ordentlige corner. Han er eit betraktelig bedre alternativ enn Huse når Larsen ikkje speler.
429
Og endå eitt. Denne gangen etter ein glitrande angrep! Det skjer ikkje for ofte. Gøy!
430
Wow, for eit mål!
431
Brann / Sv: Overganger sommeren 2015
August 13, 2015, 10:55:39 AM
Men om ein tenker tilbake til korleis Ojo var på slutten av Brann-perioden sin så spelte han jo heilt ubegripelig elendig.
432
Brann / Sesongen 2015
August 09, 2015, 21:17:39 PM
Ja, men altså, så lenge Brann slår Åsane, helst med to-tre mål, uten kort og skader, så er jo ingenting bedre enn at Åsane slo Hødd!

Så då gjenstår det berre å slå Åsane med to-tre mål, uten kort og skader.
433
Quote from: Lasaron on July 12, 2015, 22:43:57 PM
Det regner langt over dobbelt så mye i Bergen som i Trondheim. Noen som vet hvordan treningsbanene til bartene er?


Eg bur faktisk to hundre meter unna treningsbana til RBK. Den er av naturgras. Men i tillegg har dei ei kunstgrasbane som blir brukt av rekruttlaga, og også litt av a-laget.
434
Kamper / Sv: Brann - Kristiansund 6. juli kl 19.00
July 03, 2015, 20:23:47 PM
Likar forslaget over veldig mykje bedre enn lange baller opp mot Karadas.
435
Brann / Sv: Treneren etter Norling
May 25, 2015, 14:43:08 PM
Quote from: posemedsnopi on May 25, 2015, 13:51:50 PM
Mitt inntrykk er at tett oppfølging og gode relasjoner til spillerne er Norlings største styrke.


Kanskje du har rett, men då skjønar eg ikkje kvifor det ikkje er meir energi og offervilje i laget. Og kvifor er spelarane våre så dårlige til å stille opp for kvarandre i kampsituasjonen, kvifor så lite bevegelse når me har ballen på midtbana og skal til å bygge opp eit angrep, kvifor tar ingen ansvar og gjer seg sjølv spelbare på innkast? Når ein speler på lag må ein vere villig til å ofre seg sjølv for laget, og det føler eg ikkje at Brann gjer. Det har dei ikkje gjort sidan sånn cirka 2007, riktignok (og kanskje knapt nok då også), men det er noko som manglar i haldningane til spelarane og dette gjenspeiler seg også i forhold til treningsmengde, byturar, fancy bilar, etc.
436
Brann / Sv: Treneren etter Norling
May 25, 2015, 12:13:40 PM
Vel, grunnen til at eg posta det klippet med Bradley hadde meir å gjere med at den haldningen til yrket han forfekta føles som det som trengst i sportsklubben. Det treng ikkje nødvendigvis å vere Bradley som trener oss (og eg har fortsatt ikkje gitt opp Norling 100%), men det trengst nokon som er tett på spelarane og pushar dei heile tida, og eg trur nok at Norling har hatt litt for lite tett oppfølging på spelarane i forhold til haldningar og offervilje.
437
Brann / Sv: Treneren etter Norling
May 25, 2015, 08:44:13 AM
Må innrømme at ein filosofi som den Bob Bradley forfekter her er tiltalande. Og det verste er at eg ikkje trur at Norling er så langt unna å ha det same synet på ting når alt kjem til alt. Kanskje ting kjem til å løsne dersom me får sjå endå meir av grumpy Norling?

http://www.tv2.no/v/919603
438
Brann / Ny flaggnekt frå NFF.
May 15, 2015, 17:12:49 PM
Offentlig kudos til Bærtur!
439
Kamper / Sv: Hønefoss - Brann 12.05
May 12, 2015, 18:35:30 PM
Men morosamt å høyre Skarsfjord klikke og rope "Dommer. Dommer. DOMMMER!" for å få blåst av kampen eit halvt minutt etter at HBK-spelaren låg og vrei seg i 90 sekund.

Ellers er det jo ingenting å skrive heim om dette.
440
Kamper / Sv: Hønefoss - Brann 12.05
May 12, 2015, 18:31:03 PM
Nivået på avsluttingane er jo heilt bak mål. HE HE
441
Kamper / Sv: Hønefoss - Brann 12.05
May 12, 2015, 18:05:46 PM
Det var jo ein hårreisande stygg takling, rett bakifrå med knottane opp, men raudt kort var kanskje i overkant strengt.