• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Ninja-Bob

101
Kamper / Re: Molde - Brann 12.08.2018 kl 18:00
August 12, 2018, 17:28:33 PM
Dette går tungt innpå meg. Spelarane våre er ikkje verd flybilletten oppover eingang.
102
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 11, 2018, 16:52:39 PM
Er optimist og nøgd med kjøpet av Yttergård Jensen, eg. Har trua! Og godt å bli kvitt SHN også, kjenner eg, når alt kjem til alt.
103
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 07, 2018, 10:11:29 AM
På transfermark er Bamba verdsatt til 400000 euro, og Ohi til 800000 euro, uten at det treng å bety så mykje med tanke på kva dei faktisk bille gått for.
104
Kamper / Re: Treningskamper 2018
July 29, 2018, 15:46:13 PM
Ugh. Får dessverre/heldigvis ikkje sett kampen på grunn av biltur. Kva formasjon speler me i? Kven går inn og tar Heltne Nilsen si rolle?
105
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 27, 2018, 13:10:09 PM
Kanskje salg av Sivert får inn nok pengar til å kjøpe Zachariassen? I så tilfelle vil det vel vere eit steg opp i kvalitet.
106
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 25, 2018, 20:43:03 PM
Psyché sendt heim frå prøvespelet uten kontrakt i følge BA.
107
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 23, 2018, 13:57:09 PM
Quote from: gladiporno on July 23, 2018, 10:39:41 AM
Quote from: Lasaron on July 23, 2018, 10:01:50 AMNår Grønner dro "spådde" jeg at erstatteren kom til å være eldre og ikke-lokal.

Jeg også*, men hadde aldri trodd at Brann faktisk vurderer å hente en fri-spiller. Jeg frykter at Soltvedt tror at Psyche ikke går inn i kvoten fordi han er norsk statsborger. Det vil ikke være første gang Brann gjør denne type håpløse feil.

* Bortsett fra at jeg anså Henrik Gjesdal som høyaktuell.

BT nemnar det i hvertfall i saka si om Psyché:

«Dersom Psyché skal bli Brann-spiller, vil han ta opp en plass i den såkalte utenlandskvoten. Brann kan maks benytte ni spiller utviklet utenlands, og har for øyeblikket 10 slike spillere i stallen. For å komme ned i det tillatte antallet i vår, ble Vidar Ari Jónsson lånt ut til islandske FH. Det er en løsning som med sannsynlighet blir forlenget til også å gjelde høsten.»

https://www.bt.no/100Sport/fotball/Dette-kan-bli-Branns-nye-midtstopper-258528b.html

Så ein får håpe Soltvedt les avisa.
108
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 22, 2018, 10:37:58 AM
Quote from: Billy Elliott on July 22, 2018, 01:30:41 AMAkkurat nå er jeg noe negativ.

Akkurat no? Noko negativ?
109
Brann / Re: Talentarbeid
July 13, 2018, 19:46:25 PM
Quote from: krakraHadde spillere som Vindheim, Grønner, Knudsen, Hansson, Finne, Haugen, Skaanes, Barmen, Larsen osv. vært i Molde, RBK eller Godset da de var 17-19 år er jeg ganske sikker på at flere av dem ville gjort det stort i TL, blitt solgt til utlandet og også fått spilletid for landslaget. (...)

Ehm, Vindheim, Finne, Hansson og Larsen har vel faktisk alle blitt solgt til utlandet.
110
Brann / Re: Sesongen 2018
July 07, 2018, 20:55:06 PM
Hei, me skal vel klare å slå Glimt i morgon uansett, uavhengig av at RBK har klart å slå Sandefjord i forrige runde og Tromsø i denne. Sesongen er langt frå over for vår del, og me ligg øverst på tabellen!
111
Vega var ikkje i troppen mot Molde fordi han var småskada eller sjuk eller tilsvarande, han fortalte om det på litt diffus engelsk på Ballspark før kampen, så det kan godt vere at han fortsatt slit med det same. Eller kanskje han er i ferd med å forsvinne frå klubben, men det vil vel tida vise.
112
Kamper / Re: Brann - Molde 01.07 kl 18:00
July 02, 2018, 17:37:19 PM
Kor stort problem var det at Kristiansen er skada og Gilli halvskada? Kristiansen blir lurt på 2-0 og Gilli rekk nesten å redde skuddet til Braut Håland på 3-0. Om dei hadde vore hundre prosent i form så kunne det kanskje gått annerledes.

Eg er rimelig trygg på at Soltvedt og Johannesen tenker svært langsiktig saman med LAN og at han sit trygt.
113
Kamper / Re: Brann - Molde 01.07 kl 18:00
July 01, 2018, 10:09:46 AM
Vil mykje heller ha Grønner i ei eventuell trebackslinje enn Azar, kjenner eg.
114
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 20, 2018, 10:22:21 AM
Poenget mitt var at Ranheim fort kan ende opp på åttende plass både med og uten Løkberg etter at dei oppgraderar kunstgrasdekket sitt. Dei skal jo egentlig ikkje ende på andre plass, og det er i alle fall ein diskusjon som dei sikkert har innad i klubben og som dei må vege for eller imot om.
115
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 20, 2018, 07:43:42 AM
Det kjem jo heilt an på korleis Ranheim ser på tabellplasseringa dei har no, og om dei trur at ein korreksjon uansett vil kome i løpet av haustsesongen. Sånn Lidahl virkar utad så er dei nok truande til å legge alt i potten, men det kan jo hende at dei har eit styre som er noko meir sobert og Løkberg går til oss for ein halv mill eller noko.
116
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 19, 2018, 19:22:46 PM
Me har blitt harde forhandlarar. Eg synes det er bra.
117
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 18, 2018, 17:25:03 PM
Kven er spurt? Soltvedt? Nilsen? Løkberg? Me har jo god dekning på midtbana, men Løkberg har hatt ein ordentlig god sesong så langt.
118
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 18, 2018, 17:01:51 PM
BA meldar at Brann vil hente Kristoffer Løkberg frå Ranheim.
119
Quote from: Churchill on June 09, 2018, 09:45:40 AMHvem tar backen om ikke Ruben blir klar?

Det blir vel Braaten og Gilli då, vil eg tru. Med mindre LAN ender opp med å gjenta suksessen med 3-5-2 frå LSK-kampen i cupen...
120
Haugen er på gang med mål og målgivande i dei to siste kampane, gje heller Barmen og nakken hans ein pause om ikkje den er 100% for å la Orry kome inn.
121
Kamper / Re: Lillestrøm - Brann, 21.05 kl 20.00
May 20, 2018, 15:56:20 PM
Radlinger
Gilli Wormgoor Acosta Kristiansen
Haugen Barmen Ordagic
Koomson Skålevik Marengo
122
Tenker først og fremst på å få Gilli over på høgreback slik at me speler med to backar som er trent i faget. Så det blir Kristiansen - Barmen - Marengo på venstre fløy og Gilli - Haugen - Koomson på høgre.

Ellers er eg enig i at Gilli - Marengo har meir morro i seg enn Kristiansen - Gilli, altså.
123
Talaren over såg same kamp som eg såg. Spelet var ingen krise i går, men me var reduserte og møtte ordentlig god motstand. Mykje læring i å måtte støte og støte mot eit så godt organisert og pliktoppfyllande forsvar som det FKH varta opp med. Med litt flaks hadde me vunne kampen, med ganske mykje uflaks hadde me tapt den. Uavgjort var greit, men no håpar eg Kristiansen snart er klar for å spele igjen.
124
Tøv, Skålevik kjem til skåre to i andre omgang.

(Håpar eg)
125
Brann / Re: Brann i media
May 12, 2018, 09:14:54 AM
Men kor vanskelig er det å få til intervju med spelarar og apparat? VG fekk eit langt intervju med Nilsen og TV2 lagde videosak med Koomson. Sikkert etter avtale, men det verkar vel ryddig det å lage avtalar først? Det Brann vil ha mindre av er vel sånne korte saker om at LAN er sur etter trening eller at Vega skulle ønske han fekk meir speletid, og sånne ting er jo egentlig ikkje så veldig interessant? Kunne godt tenkt meg å lest fleire lengre saker om korleis me speler og kva filosofien bak det er eller korleis ein indreløper tenker i systemet vårt enn dei fleste intervjua sånn dag-til-dag på bt.no.
126
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 19:00:13 PM
Hei Pamer, om du les dette, kan du ikkje be Nilsen utdjupe kva han meinte med denne uttalelsen til VG?
127
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 16:58:07 PM
Vel, han er jo opptatt av det defensive han der trenaren vår...
128
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 05, 2018, 13:52:57 PM
Trur du han meinar at Pettersen Olsen ikkje er eit keeperalternativ dersom Radlinger blir skada eller får karantene? Det kan eg ikkje tru at han meiner.

Det er definitivt utrulig klønete formulert og/eller sitert, men dette handlar om neste vindu og kva me skal spele med til hausten og då er det vel ikkje utenklig at dette er meininga hans?

"Vi har god dekning på midten og kantene, men bakover har vi egentlig bare én keeper, et stopperpar og to backer. Med Ruben (Kristiansen) ute nå måtte vi bruke Gilli (Rolantsson) som back. Så vi skal ha inn flere."

Keeper: Markus Olsen Pettersen
Stopperpar: Jonas Grønner og Azar Karadas
Backer: Vidar Ari Jónsson og Gilli Rólantsson Sørensen.

Om du spør meg er det ein meir plausibel forklaring enn at trenaren går ut i media og seier at han reknar andrekeeparen og begge andrestopparane våre som ubrukelige.

Men det er definitivt veldig klønete formulert.
129
Brann / Re: Lars Arne Nilsen
May 04, 2018, 22:34:56 PM
Quote from: Billy Elliott on May 04, 2018, 14:30:54 PM- Ja. Vi har god dekning på midten og kantene, men bakover har vi egentlig bare én keeper, et stopperpar og to backer. Med Ruben (Kristiansen) ute nå måtte vi bruke Gilli (Rolantsson) som back. Så vi skal ha inn flere, sier Lars Arne Nilsen til VG.

Grip kanskje litt etter halmstrå her, men kan ha referert til kva dei har i backup på plassane? Altså: me har kun ein keeper, eit stopperpar og to backer i backup.
130
Quote from: krakra on May 03, 2018, 18:00:24 PMBrann2 trenger jo hjelp etter en tøff start. Hvorfor ikke teste denne "relasjonen" mot slutten av deres kamper hvis laget sliter? Karadas trenger visstnok mye matching siden han ikke får spille på a-laget, og Braaten trenger å spille seg i form. Hvorfor brukes de aldri på et Brann2-lag som skriker etter litt rutine?

Ein faktor her kan vel vere at det kun er lov til å bruke tre spelarar over 21 i kvar kamp for eit andrelag.
131
Kamper / Re: 15.04 kl 20:00 Sarpsborg 08 - Brann
April 11, 2018, 19:00:41 PM
Det kan hende at eg tar feil, altså. Håpar det, og håpar at me køyrer over 08 til helga. :)
132
Kamper / Re: 15.04 kl 20:00 Sarpsborg 08 - Brann
April 11, 2018, 09:35:16 AM
Eg trur at litt av grunnen til at me gjekk ut så hardt mot Strømsgodset var fordi både Ulland Andersen og Jradi var ute til den kampen. Det vil overraske (positivt) meg om Nilsen hadde planlagt det heile veka.
133
Brann / Re: Branns slagord/motto?
March 12, 2018, 19:34:52 PM
Kva med å berre gjere «de hjeleløses hjelper» til det offisielle mottoet? Det er noko fint og litt bibelsk over det...
134
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 26, 2018, 11:06:43 AM
Er de usannsynlig at me kvittar oss med to frispelarar og får inn ein ny på spissplass? Gilli og Vega for eksempel, eller Marengo kanskje? Er ikkje det ein smart omfordeling av ressursar i klubben?
135
Kamper / Re: Treningskamper 2018
February 19, 2018, 14:07:36 PM
Quote from: Huff on February 18, 2018, 13:05:56 PMHvordan var Skaanes på kant?

Svært anonym i denne kampen.
136
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 14, 2018, 21:55:26 PM
Haha, så han blei altså ikkje vraka. Jaja.
137
Brann / Re: Overganger vinteren 2017/18
February 14, 2018, 20:53:10 PM
BA har ein artikkel ute om kvifor Skålevik blei vraka til treningskampen, men eg manglar abonnement. Vil nokon hinte? Har det noko med ein eventuell overgang å gjere?

Ellers las eg på twitter at Brann angivelig skal ha lagt inn bud på ein ny spelar.
138
Kamper / Re: Treningskamper 2018
February 13, 2018, 14:45:25 PM
Kristiansen er igjen i Norge på grunn av at han skal bli far, las eg på brann.no, så det er nok ikkje avslørande om han ikkje speler akkurat denne kampen. :)
139
Brann / Re: Fredrik Haugen
February 09, 2018, 08:30:05 AM
Hmm, det ser ut til at Haugen har fått ny agent mellom forhandlingane også. I sakene om at han ikkje kom til å forlenge står det at Atta Aneke er hans agent, mens han har tagga ein annan agent, med det slicke namnet Dan M. Ihlen-Hansen, i instagram-posten om at han hadde forlenga.
140
Brann / Re: Talentarbeid
February 08, 2018, 19:15:45 PM
Marthinussen gjorde ikkje så mykje ut av seg, men eg la merke til at ein av dei første pasningane var hardt og presist slått til sidemannen hans Vito W. Alltid godt med spelarar som slår harde pasningar og ikkje berre dyttar avgårde ballen sånn halvvegs engasjert.
141
Brann / Overganger vinteren 2017/18
November 26, 2017, 20:49:14 PM
Quote from: Corran on November 26, 2017, 20:41:55 PME det mulig å få 6 straffer i løpet av en sesong?????????? Sjokkert
Og denne Åsen imponerte ikke voldsomt i dag. Men det kan jo bety at interessen for ham hos andre daler.

Ganske off topic i denne tråden, men dersom Marengo speler fast så må me jo etter kvart få fleire straffar. Han kjem jo støtt og stadig forbi både ein og to spelarar inne i motstandarden sin 16-meter.
142
Kamper / Sv: Brann-Tromsø, 26.11 kl 18
November 26, 2017, 14:40:09 PM
I følge BT så er Barmen fortsatt skada. Eg trur ikkje det er lov å bruke Skålevik no sjølv om sesongen i Obos er ferdig, men eg har egentlig ikkje peiling, altså.
143
Brann / Sv: Overganger vinteren 2017/18
November 23, 2017, 18:56:56 PM
Her er forøvrig lenke til ei svært interessant sak Josimar hadde om og med Sarpsborg og Thomas Berntsen sit arbeid som sportsdirektør.

http://www.josimar.no/artikler/for-fa-er-henning-berg/4437/
144
Brann / Sv: Overganger vinteren 2017/18
November 23, 2017, 18:55:48 PM
Blei det ikkje hinta til at det delvis var økonomiske årsaker til at Birkelund endte opp i Songdal også? Kontrakten hans gjekk ut på eit tidspunkt der me ikkje hadde råd til å forlenge eller nokl tilsvarande?
145
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 19, 2017, 10:50:42 AM
Ja, om me ikkje går for siger i dag så blir eg sur.
146
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 16, 2017, 18:40:05 PM
Haha, så lite veit eg.
147
Brann / Lars Arne Nilsen
November 16, 2017, 17:58:31 PM
Sånn apropos ingenting, men eg traff faktisk ein venn av ein venn heromdagen som hadde hatt Nilsen som trenar og spelt på lag med SHN på aldersbestemte lag i Volda. Eg benytta moglegheiten til å spørre og grave litt om korleis det hadde vore, og han sa at LAN var ein rolig, tålmodig og fair trenar den gangen. Sivert, derimot, var visst like rabiat på bana då som han er no, og blei fly forbanna støtt og stadig.
148
Kamper / Sv: Strømsgodset - Brann, 19.11.17 kl 18:00
November 16, 2017, 17:55:30 PM
Ja, det blir vel Orry, men eg trur også at Grønner kunne blitt ein god defensiv midt. Og sånn for LAN sin del så er ein vel ikkje så avhengig av centimeter over bakken der som ein er som midtstoppar.
149
Kamper / Sv: Brann - Lillestrøm 05.11.17 kl 18:00
November 05, 2017, 20:00:42 PM
Med både Molde og Sarpsborg-tap og Brann-seier så er jo dette ein god runde for vår del. Kampen borte mot Strømsgodset blir viktig.
150
Kamper / Sv: Brann - Lillestrøm 05.11.17 kl 18:00
November 05, 2017, 12:39:25 PM
Hohoi, det er ganske iskaldt sagt. Får det liksom ikkje til å gå opp med at han samtidig seier at han er meir opptatt av å beholde dei han har en å få inn nye spelarar.