Show Posts
This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.
Messages - Stril Power
1
Kamper / Re: VIF - Brann
August 23, 2018, 22:51:44 PM
Korleis kan Gilli i dine auge vere uaktuell samstundes som du trur han startar? Verkar litt arrogant å overprøve dei medisinske avgjerdene i Brann og påstå at klubben kjem til å bruke han trass i skade.
2
Brann / Re: Naturgress eller kunstgress på Brann Stadion?
August 23, 2018, 17:24:22 PM
Ein kan jo sjølvsagt ta «anten har dei gras, elles får dei ha det så godt». Men eg trur ikkje det er særleg produktivt. Noreg har mange små og spreidde klubbar som rykkjer både opp og ned. Investeringane ved å leggje om er heilt urealistiske, og difor er kravet automatisk veldig omfattande.
Difor må me heller godta at nokre klubbar har kunstgras, og finne andre måtar å få mest mogleg naturgras på.
Uansett går teknologien framover. Eg trur ikkje mange tenkjer over at det er hybridgras på Emirates. Etterkvart vil det tvinge seg fram fleire hybridvariantar på norske baner. Då vil me kanskje få noko anna enn potetåkrar å spele på i mars òg.

3
Brann / Re: Naturgress eller kunstgress på Brann Stadion?
August 23, 2018, 16:52:20 PM
Det er ikkje kostnaden å drive ei grasmatte som er det største problemet ved å rykkje opp, men for lag i divisjonar utan det kravet som har kunstgras av ein eller annan grunn, vil det anten vere ei stor investering å byte om til gras eller bruke ei anna heimebane. Ingen av delane er særleg bra.
Eg ønskjer at flest mogleg skal ha grasmatter, i Noreg og i resten av verda, men firkanta krav kjem ikkje til å vere bra for nokon. Sjå berre på Åsane, dei hadde såvidt råd til å oppfylle krava for å bli i førstedivisjon. Fleire krav fører til eksklusjon av fleire klubbar.

4
Brann / Re: Naturgress eller kunstgress på Brann Stadion?
August 23, 2018, 13:50:01 PM
Det blir dyrt å rykke opp med slike krav.
5
Brann / Re: Positivitets-tråden
August 23, 2018, 11:43:05 AM
Kan ikkje ta gull utan ein storskårar, song koret i vår. Steffen Lie Skålevik har åtte, Daouda Bamba har sju (jada, for eit anna lag). Rosenborg-toppskåraren Aleksander Søderlund har seks, Nicklas Bendtner fire.
6
Tifo, sanger o.l.... / Re: Når nystemten synges på stadion....
August 23, 2018, 11:05:06 AM
Songen er kanskje innarbeidd i Bergen, men for supporterane og spelarane frå Haugesund, Sarpsborg og Kristiansand, er det berre ein eller annan song. Som Brann-supporter har eg sjølvsagt ingenting imot at bergensarar står oppstilt til Nystemten, men eg har ingen problem med at både medspelarar og supporterar reagerer.
Spelarane bør førebu seg på kampen på best moglegvis for å slå Brann, fordi det er jobben deira og dei bør gjere den best mogleg. Om det er ved å stå i sirkel med medspelarane eller syngje Nystemten, skal sjølvsagt spelarane få finne ut sjølv.

8
Brann / Re: Sesongen 2018
August 17, 2018, 16:10:24 PM
Koomson og Bamba må prestere først. Difor eg seier heilt hypotetisk. Men resten ser eg ikkje kan nå ti millionar sjølv om dei presterer, med mindre me snakkar noko ekstraordinært.
Vito er på blokka til nokre Championship-klubbar, og er kanskje den einaste som kan gå frå Brann og inn på eit slikt lag. Det er sjølvsagt skilnad på Preston og Aston Villa og eg veit ikkje kven som ser på han, men i den ligaen kan dei finne på å betale ti millionar for ein tredveåring om det er ein dei trur går inn på laget. Går han tilbake til Nederland i vinter, trur eg me skal sjå eit stykke etter den summen.
Poenget var uansett å vise at det er få spelarar i Brann-stallen som kan gå for dei summane me skulle ønskje. Så å argumentere imot dei få døma eg kom på, forsterkar berre det poenget.

9
Brann / Re: Sesongen 2018
August 17, 2018, 15:46:19 PMQuote from: Spelaren on August 17, 2018, 14:41:33 PMBrann får dårleg betalt for sala sine fordi Brann ikkje har nokon status internasjonalt
Dine ord. Er selvsagt enig i at et godtar navn hjelper, men det er tydeligvis nok å være en middelmådighet som engen.
Du skal sjølvsagt få lov til å vere usamd. Sjå elles posten to hakk over din, der eg viser til ulike grunnar til at spelarar går for høge summar.
Ser ein på stallen no og kven som kan gå for ti millionar eller meir, ser eg Vito, Bamba og Koomson. Heilt hypotetisk, sjølvsagt, for me snakkar eit halvt, eit heilt eller eitt og eit halvt år fram i tid. Og einskildspelarane og laga må prestere i mellomtida.
10
Brann / Re: Sesongen 2018
August 17, 2018, 13:46:19 PM
Kjartansson bøtta inn mål, Brown gjekk til kinesisk fotball, Nielsen var rekna som eit stortalent då han blei seld, Berge det same (i ettertid ser me at den eine spådomen held seg betre enn den andre, men det er ei anna sak ...) og Zahid har i ung alder levert stabilt med mål og målgjevande i fleire år.
Brann har ikkje hatt nokon som har bøtta inn mål, ikkje seld nokon til kinesisk eller annan liga som alltid betaler over kurs, ingen som andre enn supporterar reknar som stortalent, og ingen som har stabilt i ung alder levert resultat som Zahid har.
Det finst mange grunnar til at nokon blir verd mykje pengar. Men Brann har ikkje hatt einskildspelarar som har levert på nokon av dei områda. Noko er tilfeldig eller eksterne faktorar og noko er Brann skuld i sjølv, men eg kan likevel ikkje sjå kvifor nokon skulle betalt særleg mykje for nokon Brann-spelarar.

11
Brann / Re: Sesongen 2018
August 17, 2018, 13:01:07 PM
2,5-3 millionar kroner for Eggen Rismark og om lag 4 millionar kroner for RYJ. Grøgaard har eg ikkje sett nokon har rapportert tal om, men tippar me snakkar om opp imot ein million kroner. Men det er sjølvsagt vanskelegare å kjøpe ut kapteinen til eit konkurrerande lag midt i sesongen, enn ein som ikkje er i planane til trenaren i eit lag som gjer seg klar til sesongstart.
Brann får dårleg betalt for sala sine fordi Brann ikkje har nokon status internasjonalt. Vore i e-cup éin gong på ti år, og då var det rett ut mot eit lag frå ein fjellandsby i Slovakia, ikkje har hatt unge og framadstormande spelarar, ikkje hatt nokon på landslaget på lenge, ikkje hatt einskildspelarar som har fått mykje positiv omtale og momentum i marknaden.
Blir Haugen seld i vinter, går han for det mange her på forumet kjem til å omtale som småpengar. Eit år seinare kan prisen vere fleire gongar større, men då må han vise seg fram mot internasjonal motstand. Noreg har låg status internasjonalt, og Brann er ikkje akkurat det norske laget som står høgast i kurs heller.
Det er rett og slett ingen grunn til at nokon skal betale mykje for nokon Brann-spelarar.

12
Kamper / Re: Brann - Sarpsborg08, 19.08 kl 18.00
August 17, 2018, 11:17:34 AM
I mine auge er Grøgaard inn på venstrebacken den einaste sikre endringa med dei nye spelarane. Marengo eller Gilli på venstreving, avhengig av forma til Gilli. Ny venstreback har vore heilt akutt å få i sommar, sånn sett er Grøgaard den kanskje viktigaste signeringa.
13
Kamper / Re: Brann - Sarpsborg08, 19.08 kl 18.00
August 17, 2018, 08:17:51 AMQuote from: Jose Arrogantio on August 16, 2018, 18:29:05 PMHvorfor gir han Löfgren 5?
Det var mykje rart i dei karakterane frå Huseklepp, så best å ikkje leggje så mykje i det. Men han gav Löfgren 5 fordi han er ung og spennande, samstundes som han skriv at han ikkje veit noko om han. Løkberg får tre fordi han berre har eit halvt år erfaring i eliteserien, medan Löfgren som aldri har spelt høgare enn tredje nivå i Sverige. Og erfaringa Løkberg har frå Sheffield United tel ikkje med. Det finst mange plussar og minusar med alle signeringane til Brann, men Huseklepp fordeler dei veldig skeivt.
14
Kamper / Re: Brann - Sarpsborg08, 19.08 kl 18.00
August 16, 2018, 14:33:03 PM
Her er karakterane han har gjeve dei, på skalaen 1-6:
Thomas Grøgaard - 3
Kristoffer Løkberg - 3
Håkon Opdal - 4
Christian Eggen Rismark - 4
Ruben Yttergård Jenssen - 4
Jesper Löfgren - 5
Daouda Bamba - 5
Thomas Grøgaard - 3
Kristoffer Løkberg - 3
Håkon Opdal - 4
Christian Eggen Rismark - 4
Ruben Yttergård Jenssen - 4
Jesper Löfgren - 5
Daouda Bamba - 5
15
Brann / Re: Overganger vinteren 2019
August 16, 2018, 00:26:52 AM
Orry, Stenevik, Azar, Braaten, Kristiansen.
17
Kamper / Re: Brann - Sarpsborg08, 19.08 kl 18.00
August 15, 2018, 09:20:13 AM
Jenssen hadde vel første trening i går? Grøgaard møter på første arbeidsdag i dag. Kan hende dei startar, men ingen har vore her lenge. Eventuelle Bamba og Eggen Rismark kjem tidlegast på trening i morgon, så ingen av dei startar på sundag.
Edit: Eg ser BT melder at Jenssen har første trening i dag. Poenget var uansett at han ikkje har trent lenge med klubben.
Edit: Eg ser BT melder at Jenssen har første trening i dag. Poenget var uansett at han ikkje har trent lenge med klubben.
18
Brann / Re: Håkon Opdal
August 14, 2018, 22:35:56 PM
Opdal kjem etter sesongen. Sist sesong var eg inne på tanken om Opdal, men vart likevel overraska no. Spesielt sidan han har vore så lenge skadd. Men etter å ha fundert litt på det i dag, har eg landa på at eg likar signeringa. Det var òg gøy å lese intervjuet i BT. Det er ein tydeleg offensiv Opdal som kjem tilbake til Brann.
No stiller Brann seg i ein betre situasjon overfor Hannover om dei vil forhandle om pris på Radlinger. Det er soleklar heving av keepertreningane. Om Brann ikkje hentar Radlinger, kan han gje Pettersen reell konkurranse, i staden for soleklart hierarki. Om dei hentar Radlinger, opnar det for å låne ut Pettersen. Truleg treng han å spele fast på høgare nivå før han er klar for Brann.
Uansett kva for vinkel eg ser det frå, verkar det som eit klokt val.
Og så er jo Opdal ein såkalla type som passar inn i strileregimet. Eg trur dette blir bra.
Velkomen tilbake, Håkon.

19
Kamper / Re: Brann 2 2018
August 11, 2018, 21:24:06 PM
Pettersen var einaste frå A-laget.
Kampfakta her: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6903898
Kampfakta her: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6903898
20
Kamper / Re: Brann 2 2018
August 11, 2018, 21:06:11 PM
Brann 2 slo Sogndal 2 3-0. Korkje Bildøy eller Stenevik var i troppen. Det gjev vel større sjanse for at me finn dei på benken i morgon.
Ian Bull kom inn og skåra to, Westrheim skåra eitt.
Sogndal 2 hadde mellom andre Jonas Fredriksen, Joachim Soltvedt og Ulrik Flo i aksjon.
(Posta dette i ein feil tråd tidlegare i kveld av ein eller annan grunn. Tek han på nytt her, så det blir litt system i sakene.)

21
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 11, 2018, 21:02:22 PM
BA-journalist Steffen Opheim melder på Twitter at Vega ikkje går til Sverige.
Det blir ingen overgang til Sverige for Deyver Vega. Han er enn så lenge Brann-spiller.
https://twitter.com/SteffenO/status/1028370548668223488
Det blir ingen overgang til Sverige for Deyver Vega. Han er enn så lenge Brann-spiller.
https://twitter.com/SteffenO/status/1028370548668223488
22
Brann / Re: Talentarbeid
August 11, 2018, 18:29:53 PM
Brann 2 slo Sogndal 2 3-0. Korkje Bildøy eller Stenevik var i troppen. Det gjev vel større sjanse for at me finn dei på benken i morgon.
Ian Bull kom inn og skåra to, Westrheim skåra eitt.
Sogndal 2 hadde mellom andre Jonas Fredriksen, Joachim Soltvedt og Ulrik Flo i aksjon.
Ian Bull kom inn og skåra to, Westrheim skåra eitt.
Sogndal 2 hadde mellom andre Jonas Fredriksen, Joachim Soltvedt og Ulrik Flo i aksjon.
23
Kamper / Re: Molde - Brann 12.08.2018 kl 18:00
August 11, 2018, 14:36:10 PM
Reknar med både RYJ og Bildøy startar på benken, om RYJ er klar til det.
Om alle er friske, tippar eg same laget som sist.
Radlinger
Teniste - Vito - Acosta - Kristiansen
Barmen
Haugen - Ordagic
Koomson - Skålevik - Gilli
Det som er usikkert, er om Gilli er frisk og Ordagic får fornya tillit. Om ikkje tippar eg Orry startar. RYJ tek den plassen neste helg mot Sarpsborg.
Radlinger
Teniste - Vito - Acosta - Kristiansen
Barmen
Haugen - Orry
Koomson - Skålevik - Marengo

24
Brann / Re: Peter Orry Larsen (POL)
August 11, 2018, 00:19:51 AM
I ligaen har han 169 minutt på bana per mål.
25
Kamper / Re: Molde - Brann 12.08.2018 kl 18:00
August 10, 2018, 16:36:05 PM
Start har vel like store problem med utanlandskvota som Brann har?
26
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 08, 2018, 18:02:20 PM
Svensk midtstoppartalent skal trene med Brann og så Malmø.
https://www.bt.no/100Sport/fotball/Svensk-talent-landet-i-Bergen-Denne-midtstopperen-testes-av-Brann-259467b.html
https://www.bt.no/100Sport/fotball/Svensk-talent-landet-i-Bergen-Denne-midtstopperen-testes-av-Brann-259467b.html
27
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 07, 2018, 18:40:22 PM
Eventuelt tredje venstreback. Dei brukte Birk Risa på venstrebacken denne runden. I alle fall dei første femti minutta, før Grøgaard kom inn. Men dette gjer det i alle fall ikkje enklare for Brann å hente Grøgaard no.
28
Kamper / Re: Brann - Start, Mandag 7. August kl 19.00
August 07, 2018, 16:51:41 PMQuote from: Spelaren on August 07, 2018, 13:46:31 PMEg synes Koomson bruker Teniste for lite. Gang på gang kommer estlenderen som et lite tog nedover vingen men Koomson heller vil danse rundt med motstanderen på jakt etter noen runder applaus frå publikum.
Heilt samd. Noko av det beste frå vårsesongen, var då Koomson slo ned i rom 2 medan Teniste kom rundt backen og slo innlegget. Det er betre å ha Teniste og Kristiansen på dødlina for å for å slå innlegga og Koomson og Gilli i returrommet enn omvendt.
Eg skal ikkje leggje for mykje i kampen i går, sidan det var éin kamp og mot svak motstand, men eg synest det var mange glimt av vårherlegheita. Då meiner eg i hovudsak tre ting: Plassere laget høgt i etablert spel, halde tungskytset frå dødballane oppe lenge etter dødballen er over og å halde ballen i laget når eit angrep ikkje går etter planen. Då greier dei å skape ettertrykk og konstant press mot motstandarboksen. Tilfeldigheiter er viktig i fotball, men det handlar om å skape situasjonar der tilfeldigheiene kan oppstå.
29
Brann / Re: Spillerbørs 2018
August 07, 2018, 16:45:35 PM
Eg tenkte det same. Difor har nokre gongar prøvd å samanlikne børsane i BA og BT. Eg har berre teke nokre kampar som stikkprøvar og sett opp mot kvarandre, ikkje samanlikna heile sesongar. Men det verkar som dei er relativt like, sjølv om dei vektlegg litt ulikt.
30
Brann / Re: Halldor �?stervold Stenevik
August 05, 2018, 15:59:24 PM
Reknar med Brann ikkje har gjort noko ut av det sjølv fordi det ikkje er avklart om han skriv ny kontrakt med klubben.
31
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 05, 2018, 10:16:03 AM
Pamer på Twitter:
Da er infoen jeg fikk feil. Men nå skjer det noe annet der oppe.
[...]
Ja, når vi har info klar og kvalitetssikret, kommer det nok på bt.no. Mange baller i luften!
https://twitter.com/Pamerotti/status/1026010769845112832

32
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 04, 2018, 13:49:02 PM
Reknar med dei ikkje har flydd han nokon stad, men henta han på Flesland når han først er her. Ikkje første gongen nokon kjem til Bergen, byrjar med Brann og går nedover i bergenslaga etterkvart som avslaga kjem. Når det er seriøst, hentar Rune spelarane sjølv. Er nok ein grunn til at materialforvaltaren var der.
BA har ikkje skrive eitt ord om Mo Mo fordi dei har vore sikre på at det ikkje er noko seriøst. BT hadde fire journalistar på saka og éin av dei på Flesland. Éi av avisene har dårlegare kjelder enn den andre.

33
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 04, 2018, 12:24:39 PM
Petter Strand har uttalt at han vil ha ei fast rolle, og at dette vert viktig når han bestemmer seg for kva lag han signerer for.
34
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 03, 2018, 19:19:33 PM
Tormod Bergersen melder på Twitter at Brann ikkje kjem til å signere Mohammed Mohammed, og at han truleg ikkje skal trene med dei eingong. Kva han gjer i Bergen i det heile, får me i så fall berre spekulere i. Det forklarer i alle fall kvifor BA ikkje har skrive noko om han. https://twitter.com/TormodBA/status/1025436388441968640?s=19
35
Kamper / Re: Brann - Start, Mandag 7. August kl 19.00
August 02, 2018, 12:12:53 PM
Me har jo sett at mange lag heilt forventa legg seg mykje lågare mot Brann. Det gjer det vanskelegare for Skålevik å få brukt styrkene sine. Å snu trekanten kan gjere arbeidsforholda hans nokre hakk betre. Når eg har leika med tanken tidlegare, er alltid problemet at det er umogleg å ta Sivert ut av laget.
36
Brann / Re: Rune Soltvedt
August 02, 2018, 08:29:36 AM
Komplett skandale, seld seg ut av medaljekampen, 20 millionar kroner. For ein spelar mange meinte ikkje burde starte. Ja, ja.
Me må nok innsjå kva for posisjon Brann har på overgangsmarknaden. Piotr for under to, Skaanes og Børven í same sjiktet, og dei to fekk me godt betalt for, Haugen har blitt prissett til om lag to og ein halv. Vindheim gjekk for litt meir og Badji endå meir, han gjekk for rundt seks millionar, men hugs at det var med tap.
Brann har ein så svak posisjon på overgangsmarknaden at det skal litt til å få pengar for spelarane. Nokre få landslagsspelarar, hadde ingen i VM, den einaste europacupprestasjonen på år og dag er å rykke ut mot ein fjellandsby i Slovakia, den norske ligaen ikkje har særleg godt rykte og møter mykje billig konkurranse frå andre stader i verda.
Det tek tid å byggje opp statusen som gjev oss godt betalt, i tillegg speler ikkje Sivert ein posisjon der det renn i bod heller.
Eg skal ikkje lande på at det var eit smart val å selje, det er eg fór usikker til, men me kan ikkje leve i ei verd med fantasisummar.

37
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 01, 2018, 21:22:52 PM
Håvard Nielsen er garantert til overs i Düsseldorf etter dei rykka opp. Eg har ikkje sett så mykje til han i utanlandstida, men kan jo vere eit aktuelt namn. Valsvik det same. Reknar med at han ikkje kjem til å spele 3. Bundesliga i år, det har han for store ambisjonar til.
Elles driv klubblause Keita og trener med Godset for å halde forma ved like, men eg veit ikkje om det er det me ser etter.
«Diverre» byrjar det å bli tynt med utanlandsproffar som treng speletid. Sakor og Ingebrigtsen har vel fått ein tøff konkurrent, så kanskje ein av dei vil vekk. Men kanskje ikkje posisjonane me ser etter.
Å hente tilbake spelarar som treng å restarte karrieren kan vere veldig smart. Me ser korleis det har fungert med VIF-benken me har gjort til stjerner, men så har me jo òg Børven.

38
Brann / Re: Treneren etter LAN
August 01, 2018, 20:14:47 PM
Haugen har fått ein lovnad om å gå for om lag to og ein halv million kroner. Vekslepengar, eit par Bugg, eller kva ein vil kalle det. Men det er trass alt ingen som har bydd det, og det var lovnaden som gjorde at den nye kontrakta blei mogleg. Merkeleg om det skal avgjere LANs lagnad.
39
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 01, 2018, 18:25:10 PM
Det hadde ikkje gjort meg noko om Brann hadde forsvaret som den største forsterkinga i dette vindauget. Acosta er på nedadgåande kurve, og det er gode sjansar for at Vito forsvinn. Me får berre krysse fingrane for nokre sånne kampar som mot Molde, så får me halde på han lenger ... Difor synest eg heller Brann bør leite på hylla som kan utfordre Acosta heller enn ein soleklar backup.
40
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 01, 2018, 14:10:37 PMQuote from: ACHTUNG on August 01, 2018, 14:08:15 PMDersom Brann virkelig har innbilt seg at de hadde en sjanse på Kehinde, så er det toppen av naivitet.Det hadde dei jo.
Men han valde ein dårlegare/mindre klubb i ein større liga. Hmmm, kvar har eg høyrt det før?
41
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
August 01, 2018, 13:35:50 PM
Agenten som er knytt til både Kehinde og Lokosa, jobbar i eit større agentfirma. Han har truleg ikkje visst særleg mykje meir enn Rune om saka, medan han har gått rundt i Bergen og fotografert til Instagram. Men det er ikkje uvanleg at spelarar har fleire agentar som har kvart sitt område dei prøver å selje inn spelaren. Så nokon andre har nok fått ein meir interessant avtale ein annan stad. Dette var nok den første tanken mange hadde då me først fekk høyre om visumtrøbbelet, men det har i det minste vore artig å håpe litt i mellomtida.
42
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 30, 2018, 00:06:25 AM
Gøyalt å sjå den Instagram-profilen. Det gav meg litt håp. Kehinde verkar som eit kupp om me får han, og Instagram-profilen til agenten såg ikkje akkurat ut som ein som gjer på noko anna enn å vente på spelaren sin.
Sidan dette er ein heilt konkret agent klubben ikkje ønskjer å lage dårleg stemning med, er det heilt openbert ikkje lurt å gå offentleg ut med at han kjem for seint til treningar og ikkje er profesjonell nok. Det ville sett rart ut sjølv om det ikkje var noko med akkurat denne agenten.
Eg har berre sett Kehinde på YouTube-videoar. Det har sjølvsagt den ulempa at me berre får sjå dei gode sidene. Men etter mitt syn verkar han som ein veldig god fotballspelar, målt etter norske standardar.
Held ballen langs bakken, god i gjenvinningar, set fart og skapar overgangar, slår i romma til kant eller spiss. Perfekt venstre indreløpar om Brann har tenkt å spele meir på bakken og mindre vinne andreballar på Barmen. Og det kan det jo hende dei skal endre litt på, no når Barmen må spele anker.
Sjølv om skrytevideoar på YouTube ikkje er det beste analyseverktøyet, er det i alle fall nok til å gjere meg interessert. Og me treng jo litt håp og nokre gode nyheiter no.

43
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 28, 2018, 16:29:40 PM
Østli har sju kampar for AC Horsens, så det er utvilsamt kvalitet her.
44
Brann / Re: Talentarbeid
July 24, 2018, 08:31:54 AM
Eurosport har ei sak der Soltvedt meiner klubbane ikkje har mykje å stille opp med når utanlandske akademi trålar etter unge talent.
- Når det samles så mange rundt landslagene, og alle vet at spillerne ikke har proffkontrakt, så er det klart at man jobber hardt for å sikre seg spillerne der. Det kan være lukrativt for klubben som henter dem og for agenter, men det er veldig lite lukrativt for den klubben spillerne egentlig hører til, og som har vært med å utvikle dem.
- Nå er det sånn at vi må vurdere å signere proffkontrakt med spillere, før vi sender dem av gårde på landslagsoppdrag, for å sikre oss at andre ikke stjeler dem fra oss, sukker Soltvedt.
https://www.eurosport.no/fotball/eliteserien/2018/frustrert-brann-sjef-onsker-regelendring-far-stotte-fra-konkurrent_fot_sto6854069/story.shtml

45
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
July 23, 2018, 19:52:55 PM
Bjørn Inge Utvik bør stå på blokka. 22 år, har eliteserieerfaring og utanfor laget i Sarpsborg. Har fire kampar i år, to frå start og to korte innhopp. Var lenge ute med knekt fot i Sogndal, så han har eit hovud som toler opp- og nedturar.
Problemet der er jo at han er under kontrakt og truleg i framtidsplanane deira. Dei vil nok heller ikkje selje til ein konkurrent, og må i så fall sjølv ha ein ny tredjestoppar.
Problemet der er jo at han er under kontrakt og truleg i framtidsplanane deira. Dei vil nok heller ikkje selje til ein konkurrent, og må i så fall sjølv ha ein ny tredjestoppar.
46
Tifo, sanger o.l.... / Re: Tribunekultur
July 04, 2018, 19:21:33 PM
Ringnes, homohets, Fagermo, Bård Fi**e, rasisme, sensur, valdtekt, forbode i Bergen.
47
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 21, 2018, 17:09:28 PM
Ingen tvil om at Brann bør ha augo på Carvalho. Spørsmålet der er vel om han blir i Noreg i det heile. Om det ikkje er interesse for han i utlandet no, bør europacup i Brann friste han ein del.
48
Brann / Re: Overganger sommeren 2018
June 20, 2018, 23:01:06 PM
Ikkje at Christian Gauseth er noko orakel, men eg siterer om Løkberg: «Han er ein målskårar, han er ein ekstrem leiar ... Altså, fyren er gal. På å setje krav, til seg sjølv og til medspelarane er han heilt, heilt i toppen.» Høyrest ut som ein LAN-type.
49
Brann / Re: Taijo Teniste
May 25, 2018, 07:55:24 AM
Etter trening i går, sa LAN at han ikkje reknar med å ha Teniste tilbake før til haustsesongen. Intervju på Facebook-sida til Hordalandsfotball.
50
Brann / Re: Billettsalgstall
May 15, 2018, 12:05:19 PM
29 sekund, ifølgje Brann sjølv. Eg visste ikkje at det gjekk an å kjøpe billettar så fort. https://twitter.com/skbrann/status/996344564523917313