• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Topics - Yngve

1
Brann / Pub på Stadion
March 27, 2014, 18:59:38 PM
http://www.brann.no/news/article/cpfroglfqh2z19q2utrt6eco3/title/etablerer-pub-pa-stadion

No kjem det endeleg pub på stadion, men me på Hansa får ikkje ta del i gledene. Diverre.

2
Tifo, sanger o.l.... / ... Hamburg Hamburg - St.Pauli
September 06, 2006, 21:46:12 PM
Burt for tida i Hong Kong, og forige laurdag gjekk eg i bar-området av byen med nokre tyskarar. Plutseleg møtte dei nokre andre tyskarar i st.paulidrakt og byrja og synge: o  ya yippi ya, Hamburg, Hamburg - St.Pauli, og så repeterete dei denne nokre gonger, i ein utruleg fengande melodi. Så for dei som er flinke til å finne melodiar på nette for å illustrere, så trur eg dette kunne vorte ein klassikar i ein versjon nokonlunde som dette:

O ya yippi ja, Brann Bergen - hatar vif.. og så repterer me den nokre gonger. Kan verte trøkk i denne om nokre prøver.

Men klarar nokre å finne ein link der tyskarane syng denne, så vert det enklare for andre å skjøne kva eg vil fram til. Men songen er stilig den.
3
Brann / Landslagsspiller, landslagspiller lalalalala...
September 16, 2005, 13:03:42 PM
Ser i dagens avis at "Mr masse støttepassningar for 15 mill" vil få fri frå klubben i enkelte kampar framover slik at han kan få lov til å spele nokre landskampar i oktober.

Om Brann gjer han fri for dette synst eg dette er ein skandale. Sist eg sjekka så var det Brann som betalte lønna hans, det er Brann som fortsatt har noko å kjempe for, og det er Brann som har manko på dugandes midtbane spelarar.

Om eg ikkje hugsar feil så var det vel på landslaget mot italia han skada seg og, same skada som han slit med.

Argumentasjonen hans om at han slit seg heilt ut etter kvar kamp underbyggjer vel berre påstanden om at han bør ta seg fri frå landslaget, ikkje klubblaget.  hadde han sagt nei til plass i troppen mot slovenia og skottland for å få i litt grunntrening mykje det same no i neste landslagstropp, då hadde eg skjønt han. Men eg meiner at det ikkje er akseptabelt at han skal ha fri frå klubben for å spele på landslaget.

Det er ovafor Brann han har forpliktelsar, det er i Brann han ikkje har vore på topp, då får han for sin del, klubben sin del og suportararne sin del gjere det han kan for at me får ei ok avslutning på sesongen, me har fortsatt ein (teoretisk) sjangs for å klare kongeligaen, så prioriter Brann her andresen.

Landslaget klarar seg utan deg, det gjer ikkje Brann. Sanne kan IKKJE erstatte deg..
4
Brann / NSA, for NFF eller suportarane?
June 02, 2005, 17:03:31 PM
Kan nokon forklare meg kvem NSA eigentleg er til for? Eg les på framsida deira at det er heilt feil at NRK får rettigheitene til tippeligaen, dei meiner heller at den som byr høgast, bør får dei. I år er dette med stort sannsyn TV3, dvs ein kanal som dekker 63 % av noregs befolkning.

Skandale spør du meg.

Ein ting er at "NSA representerer de mest dedikerte tilhengerne av norsk fotball. Vi representerer de som ikke blunker over å kjøre 130 mil i buss en søndag for å stå i striregn å støtte laget vi elsker. Vi ønsker at fotballen skal utvikle seg." Det vil seie at dei definitivt ikkje er for dei som har ei generell interesse for foppallen.

Kor mange er det i Noreg som eigentleg reiser rundt på bortekampar? Eg vil tippe 5 000 mennesker.

Maks.

Eg definerer meg som rimeleg foppallinteresert, og som student har eg moglegheit for å reise på mange bortekampar, men ikkje råd til fleire enn 2 -3. Når eg kjem i yrkeslivet har eg trua på at økonomien kjem seg, men ikkje tida. Ergo, det er berre dei mest ihuga som reiser fast rundt.

Tenk no og på tilhengarar til lag som Tromsø og Bodø/Glimt som definitivt ikkje har råd til å reise på så mange bortekampar i året, rett og slett for at det vert for dyrt. Det er på mange måtar det same for oss og Viking. Me kan ikkje berre setje oss på trikken eller bussen og rekke i maks ein time og då rekkje over størstedelen av bortekampane. Frå bergen tar det 4 timar for eit "nabo" oppgjer.

Og kva med dei som ikkje er så fanatisk engasjert at dei ikkje vil reise på kvar bortekamp , eller som berre har ei middels foppallinteresse men som gjerne kan sjå kampen, eller dei som faktisk bur slik til at dei faktisk ikkje får inn tv3. Altså fleirtalet av den norske befolkninga. Skal dei måtte betale ekstar i parabol og tuner og ikkje minst abbo berre for dette?

Slik som det er no støttar nsa NFF og dei som set på pengane. Ikkje den jamne norske foppallintereserte.

Hadde dei berre jobba for laurdagskampar slik at fleire faktisk får tid og råd til og reise rundt. Ikkje som no når Brann spelar enten på måndagar eller på sundagar klokka 2005.


PAF, forklar deg!
5
Brann / Kva betyr dette?
May 19, 2005, 12:31:21 PM
BILLETTINFORMASJON:

Kommende kamper:

Brann - FC Lyn Oslo, søn 29.mai 8056 ledige plasser*
Brann - Rosenborg, søn 19.juni 4621 ledige plasser

Total kapasitet: 15042. Ant. ledige plasser er oppdatert: torsdag 19.mai kl.09.35
*= Totalkapasitet 17500


Betyr dette at RBK skal stille med 2500 suportarar, eller betyr det noko anna?
6
Brann / UEFA cupen
March 04, 2005, 22:25:25 PM
Slik ser UEFA cupen ut foreløpig, ser ut til at me vert seeda i andre kvalifiseringsrunde:

Qualifying round 2

Northern-zone
seeded
1 Genk Bel 19,477 U Q2
2 Standard Bel 18,477 U Q2
3 Halmstad Swe 13,076 U Q2
4 Viking Nor 12,666 U Q1 (FP)
5 Hibernian Sco 12,477 U Q2
6 Aberdeen Sco 11,477 U Q2
7 Djurgården Swe 10,076 U Q2
8 OB Den 8,676 U Q2
9 Midtjylland Den 8,676 U Q2
10 Brann Nor 7,666 U Q2
11 EfB Den 6,676 U Q1 (FP)

Om me då skulle klare å kvalifisere oss til fyrste runde, noko me bør og skal klare, så vert me ikkje seeda og kjem til å møte STERK motstand... her er dei ti fyrste seeda laga:

Round 1
seeded
1 Valencia Spa 122,996 U 1
2 Liverpool Eng 102,544 U 1
3 Deportivo Spa 95,996 Int
4 Roma Ita 71,918 U 1
5 Leverkusen Ger 65,025 U 1
6 Parma Ita 62,918 U 1 (TH)
7 Feyenoord Net 61,099 U 1
8 Stuttgart Ger 58,025 U 1
9 Monaco Fra 52,759 U 1
10 Ajax Net 51,099 U 1

Men klarar me å unngå dei er det realistiske sjangsar til å kvalifisere seg til gruppespelet, og då kan det verte særs moro å gå på stadion i år! Her er dei neste 15 laga som er seeda:

11 Galatasaray Tur 50,872 U 1
12 AEK Athene Gre 47,714 U 1
13 Hertha Ger 46,025 U 1
14 Boavista Por 45,135 U 1
15 Auxerre Fra 44,759 U 1
16 Besiktas Tur 37,872 U Q2
17 PAOK Gre 35,714 U 1
18 Sochaux Fra 34,759 Int
19 Betis Spa 33,996 U 1
20 Basel Swi 33,889 C Q3
21 Wisla Pol 32,930 C Q3
22 Liberec Cze 32,223 Int
23 Middlesbrough Eng 31,544 U 1
24 Espanyol Spa 28,996 U 1
25 Partizan Ser 28,929 C Q2


Vanskelig, men slettest ikkje uoverkommeligt!

Eg gler meg som den ungen eg er!

Alle tal finn ein her

http://home.wanadoo.nl/g.mentink/seedings%20Europacup%2005-06.html
7
Brann / Gaia stadion..
February 10, 2005, 14:29:26 PM
No risikerer me rbk tendensar på Brann stadion, eg veit at det alt er i gang men namnet hansa tribunen (evt cola svingen) er eit så innarbeidd namn at ingen reagerer på det. Umbro tribunen har aldri slått heilt igjennom, og vert vel berre kalla det av den administrative leiinga av klubben sjølv.

men i følge denne linken her http://fotball.bt.no/nyhetsarkiv/article.jhtml?articleID=73598 så er det reele sjangsar for at me får toro stadion og ba tribunen. dette likar eg ikkje i det heile, det må då vere betre måtar å lure pengar ut av sponsorane på?

Eg liker betre namn som kniksen park (stadion) og pesen tribunen mykje betre, det er noko som viser at ein klub har sjel og tradisjonar. toro tribunen gjer ikkje det.
8
Brann / Ny stadion
November 09, 2004, 00:24:58 AM
QuoteForfatter: KR
Dato:   08.11.2004 20:10

Det lar seg ikke gjøre å bygge ut stadion der den ligger idag. UEFA eller NFF, husker ikke i farten, hadde et krav om at Brann Stadion skulle ha en minstekapasitet på 18 000. Brann fikk ikke lov til å gjøre Stadion høyere av naboene, dermed klarte Brann såvidt å innfri dette kravet på 18 000.

Personlig trodde jeg at en mulig løsning kunne vært å bygge nedover istedenfor i høyden, og flytte nordre tribune noen meter nærmere Haukelandshallen. Dette lar seg dog ikke gjøre av to årsaker:
A) Matten ligger oppå et vann som er 18 meter på det dypeste. Om du stikker et spett ned i matten på en regnværsdag vil du få en fontene når du drar opp igjen spettet.
B) Brann eier ikke tomten utenfor, ergo ville det ikke latt seg gjøre å flytte nordre tribune.

Skal Brann ha en stadion med større tilskuerkapasitet må det bygges en ny stadion et annet sted. Dessverre.



Fann dette på  //www.skbrann.org   Om det stemmer det som KR seier så endrar det heile min argumentasjon for utbygging av stadion. For fornying av stadion må me ha, spørsmålet er plaseringa.. Det beste hadde vel å hatt alt av idrettsanlegg i byen på ein plass, dvs Stor håndballhall,riksanlegg i svømming og norges flottaste stadion på ein plass, men om det ikkje går så er eg for bygging av ein foppallstadion, ikkje kjøpesenter/hotell/leiligheitskompleks/badeland/friidrettsarena.

Men ein reindyrka raud Brann stadion, kun berekna for foppall med ein publikumskapasitet på 25 000, allseater. Og kanskje med moglegheit for fjerning av 5000 seter og å gjere desse plassane om til ståplassar, noko ( dette for å oppretthalde krava om 80/20 fordeling, noko som eg i utgangspunktet støttar.) Vert setene fjerna vert det då raskt plass til 28000 menneske. (Men dette kan fort sjå tomt ut.) nede på nygårdstangen støttar eg no. Me må byggje sentralt når me kanskje ikkje kan byggje på minde. Bilkaos vert det uansett, men slik som området nyg¨rdstangen ser ut no er det ein skam, området rundt store lungeren har stort utviklingspotensial.

No vil tilogmed parkeringsselskapet (og med det bergen kommune) ha moglegheit til å tene nokre pengar ved at det vert utvida bruk av parkeringshus og andre avgiftsbelagde plassar i sentrum som kanskje ikkje ville vore så mykje brukt ellers på ein sundags ettermiddag.

Kanskje dette og er årsaka til at Brann har utsatt bygginga av stadion til etter 2005 sesongen?

Kva meiner folk?
9
Brann / Miller vil vekk!
September 15, 2004, 02:16:56 AM
Seri dagens bt & ba at Miller vil vekk, han seier han er lei av å spele andrelagsfoppall. Toskete sagt av han, det er han som er for feit, det er han som er utrent og jeklig. Han har ikkje gjort mykje for å halde vedlike formen i tida han gjekk utan kontrakt. Dette tyder på at han ansåg nivået i noreg for å vere så lågt at han kunne gå rett inn på laget.

Det er berre for dumt.

Eg syns dette er useriøst av mannen om det er sant, og er dette haldninga hans kan han like godt reise. Eg personleg har sansen for mannen, og håpar han vil bli. Er me heldige vert me kvalifisert for royal league, og det vil jo vere perfekt kamptrening for spelarar som ikkje akkurat er i støytet og har behov for å kome opp på eit høgare nivå asap zulu. ( les opdal, miller og mcallister).

Håpar berre mannen slenger med leppa, for i den tilstanden han er i no fortida er han uansett ikkje god nok for nokre andre klubbar, men vil vere fantastisk å ha i Brann når neste sesong byrjar. Berre tenk dykk miller og scharner sentralt. Ein herlig frekk tanke.
10
Brann / Kva skjer med stadion?
September 08, 2004, 14:44:29 PM
Eg veit at dette emnet er diskutert hundrevis av gonger før, men det er noko med det viktigaste me diskuterer, difor har eg ein del spørsmål rundt stadion det hadde vore artigt å få svar på..Noko må skje, og det snarast mogleg.

Det er ein viss sansynlegheit for at Brann klarar å kvalifisere seg for e-cup spel etter denne sesongen, enten ved å ta 4de plassen i serien eller ved å kvalifisera seg gjennom å vinna cup finalen. Og i dagens stand er jo ikkje Brann stadion godkjend for å spela e cup foppall, dette gjeld då grasmatta som ikkje har undervarme o.l. Dette er vel ikkje godkjend for tippeliga spel heller, me har vel dispensasjon for det denne sesongen. Må søke på nytt for neste sesong og det er det ikkje sikkert me fer. Meiner å hugse at det kosta 2 mill kroner.

I tillegg må me vel bygga ein ny mastodont. Kravet er vel at me ska l ha lika mange sitteplassar som gjennomsnittleg tilskodar tal. Etter fjorårssesongen måtte me jo bygge cirka (!) 1086 nye plassar, etter å ha hatt eit tilskodar snitt på 12160. Dette kosta oss cirka 1 mill. Foreløpigt i år har me hatt eit snitt på 13833 med 3 heimekampar igjen. Dvs at me må byggje 1673 nye sitjeplassar, og om me betalte 1 mill i fjor må me vel rekne med 1,5 mill no då. og i tillegg forsvann det 1500 ståplassar, noko som betyr minka billett inntekter. Med 1600 nye sitjeplassar forsvinn anslagsvis 2500 nye sitjeplassar. ( reknar 1,6 ståplassar pr sitjeplass)

Det vil sei at etter å ha bygd 2600 nye sitjeplassar har me mista rundt 4100 ståplassar.

Ikkje nok med det, men Nff og fifa har ein regel som seier det at det skal vere ei 80/20 fordeling i antal sitje/ståplassar. Noko som Betyr at Brann må strupe kapasiteten 15250 plassar. ( http://www.brann.no/index.php?valg=nyhet&nyhet=3250) om dei ikkje byggjer ut. Det er ikkje mange kampane som er over dette antalet, men dei er der, i 2003 var det 3 kampar, til no i år er det og 3 kampar, i tillegg 4 kampar som ligg tett oppunder dette.

Konklusjonen på dette lange innlegget er at noko må skje på Brann stadion snarast råd, millionutgiftene står i kø berre på enkel oppgradering for å tilfredstille krav me sjølve har vore med på å stemme ijennom, og billett inntektene vil synke med minka kapasitet. Og ikkje minst, me står i fare for å ikkje få spele e cup kampar på vår eigen arena. Latterlegt.

Eg håpar Brann har byrja med ein ny taktikk der dei jobbar i det skjulte og så kjem opp med finansieringsplan, slik dei har gjort det når det gjeld spelarkjøp i den siste tida.
Og sist men ikkje minst håpar eg Brann stadion vert liggande der den er i dag, med naturlegt gras!

Veit det var langt, men hadde vore artig med ein ny debatt rundt dette.
11
Brann / Europas 139 mest populære klubb..
July 04, 2004, 23:25:03 PM
rekna i tilskodarsnitt er SK Brann med 12334 i følge lista på denne sida :http://www.european-football-statistics.co.uk/attn/2004/aveeur.htm, Skal me fylgje bt.no sin statistikk på denne sidahttp://fotball.bt.no/stats/leagueAttendance.jhtml?leagueID=1&year=2004 så skal me faktisk ha 125 plass. Ikkje så verst det eigentleg med tanke på at lista ombefattar dei 30 største europeiske landa. Og det er ikkje umogleg å kome inn på lista over dei 100 mest populære klubbane, laget på 99 plass har 16341 i snitt.
12
Brann / Skammeligt
June 27, 2004, 18:51:01 PM
Einaste eg har å seie. Skammeligt.
13
La særleg på sist heime kamp mot Fredrikstad kor utruleg lite song repetoar dagens SS har, hovudsakleg er det ein 4-5 songar som går om igjen og omigjen kamp etter kamp. Kvifor dette? er dei gammle songane for kompliserte? har ikkje dagens unge SS høyrd dei gammle songane? eller kva er det? Og å syng "å selv om vi rykkar ned gjør vi alt for Brann for det.." når me ledar 4-1 er jo heilt på trynet, hadde me låge under 4-1 så skulle eg skjønt det, men ikkje når me leder kampen og faktisk kjempar om tredje plass på tabellen..
Like tåpligt er det å synge "kan vi høre bøndar synge" når me faktisk kan det, klart og tydlegt.. Hadde det vert det faktum at FFK hadde hatt med seg like mange og me ikkje kunne ha høyrd dei då hadde eg skjønt det, men ikkje når me høyrer dei klart og tydlegt..

Ein annan ting eg merka meg på FFK kampen var den evinlege 2 stemte synginga, den er eit gammalt problem så den skal eg ikkje rippa opp i. Men der eg stod, til høgre for inngangen, heilt nede så var det ein fyr som var fantastisk god til å¨synge og til tider å starte songar, men heile tida i utakt med den sida som sang, og så fort nokon gjorde han oppmerksom på det vart han provosert og ville banke vedkommande som nemde det for han (Ikkje meg..). Har nokon gong gong uttrykket "kan vi høre bøndar synge" passa, så var det då.. Skal folk reagere slik når andre gjer han oppmerksom på slikt vert det aldri noko betre..
14
http://oddrane.no/vis/?ID=1118&handling=Meny&type=1&x=vis Følg denne oppskrifta som Odd suportarane har laga, er ikkje så vanskelegt. Alle studentar/skuleelevar skal ha moglegheita til å laga detta (lærarar og..)

For å få litt inspirasjons på kvamotivet kan vera sjå på klanen sine flagg her: http://www.klanen.no/index.php/content/view/full/5401

Veit at dette er ei Brann side, men for å få inspirasjon så kan det til tider vere greit å sjå på kva andre gjer. Og då er dei to linkane eg la ut no veldig bra. Får me håpe at i løpet av sesongen ser nokre slike flagg på stadion. Dess fleire dess betre!
15
så viser desse om ikkje anna ein fantastisk innlevelse!!! http://hem.bredband.net/b250693/clip/simplythebest.wmv Suverent!
16
http://www.servecast.com/asx/celtic/mail/ynwa.asx

 Fy f*** til stemmnig!

For å få linken til å funka: klypp og lim, eller berre slett desse teikna:<br%20/><br%20/> etter add. så funkar den fint som berre det.
17
Brann / Kor mange sesonkort...
March 30, 2004, 18:07:52 PM
Er solgt på Store Stå i år? Hadde vore artig me ein oppdatering, for å sjå om me, som yndar å kalle oss norges beste suporerar kan samanlikne oss med suportargjengar som oddrane ( 84 solgte kort pr i dag), kjernen (1042 per idag(!)) og klanen (1650). Veit det er solgt omtrent 5000 på heile stadda, men som sagt, så lurer eg på SS..
18
For lag utan tilhengarar...   http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=219356
19
Brann / Ny spelar krise?
December 04, 2003, 02:34:44 AM
Er me i ferd med å oppleve ei ny spelarkrise i Brann? PFO er vekke, med stor sannsynlegheit forsvinn både Winters og Olofinjana i løpet av desember/januar,Winters pga kona ikkje vil vere her i landet, og olofinjana ved å spele godt i arfika cupen.
alex valencia og tommy knarvik har og signalisert eit sterkt ønske om å reise frå klubben og kva sit me igjen med av offansiv slagkraft då?

Desse spelaranae skåra i fjor 26 av 45 seriemål for Brann, og den einaste nye spelaren me har skaffa oss e defansiv, kor er det vorten av dette med å vere ute i god tid for å skape tryggheit osb osb osb? no er me i ferd med å oppleve mykje av det same som i denne sesongen, nye spelarar må kjøpast inn, laget vert ikkje samspeld før juli månad og då startar me klatringa frå plass nr 14 til 6. det held ikkje mål. Eg vil klatre frå plass nr 6 til plass nr 1 eg!

håpar leiinga har ein plan, og hugsar litt tilbake, sjølv om gullfisk hukommelse er godt utbredt i idretsveien..

Me kan ikkje basere oss på at det skal dette nokre gode fotballspelarar av bussen der oppe heller...
20
Brann / Kvifor stikk pubikum 10 min før slutt?
August 26, 2003, 00:06:36 AM
Det er heilt utruleg, og eg skjønar godt at andre lags supportarar ler av oss. I dag, når me knuser Sogndal 6-1, og viser at me er eit av laga som ikkje har minus i målfoskjellen, så går 20 - 30 % av folk på sitteseksjonane 10 min før kampslutt. kva er dette for noko? me er jo ikkje akkurat bortskjemd med gode kampar på stadion siste åra, så eg synst det er ein skandale at folk går før kampslutt berre fordi dei vil komme seg ut før det vert trafikk kork.

skandale spør du meg.

og det gjeld om det er fordi me tapar eller spelar gode kampar.