• Welcome to Brann Bataljonen Bergen. Please login or sign up.
 

Show Posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Messages - Pancho P

1
Brann / Re: Ulrik Mathisen
February 16, 2025, 08:28:40 AM
Dei ser ut til å ha større spesialferdigheiter, samtidig som dei kan brukast i ulike posisjonar, noko som kan vere gull verdt med ein taktisk fleksibel trenar. Både Mathisen, Hansen, Eggert og fleire av ungfolane er i utgangspunktet like mykje kantspelarar som indreløparar og enkelte er kanskje også best som 10'arar. Håpar at det ikkje blir surmuling blant dei som får minst speletid i den litt rolegare delen av sesongen, fram til europacupane begynner.
2
Brann / Re: Ulrik Mathisen
February 15, 2025, 21:38:43 PM
God dekning er fint, men eg har ein følelse av at MKH blir eit fast innslag i førsteellevaren. Så får vi håpe at Freyr er betre enn Horneland til å rotere på laget. Det positive er at mange av spelarane ser ut til å kunne bekle fleire ulike posisjonar på bana.
3
Brann / Re: Ulrik Mathisen
February 15, 2025, 19:45:07 PM
Quote from: Gulløl on February 15, 2025, 19:31:46 PM
Quote from: Churchill on February 15, 2025, 16:18:11 PMHvis Freyr tør å spille med Mathisen og Eggert på hver sin kant, kan det bli mye kaos i boksen til motstanderlaget.
Eggert på høyre indreløper og Mathisen på høyre kant kan bli virkelig noe som kan gå unna. En duo som det kan lukte svidd av.

Er det då plass til Mads Hansen?
4
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
February 13, 2025, 21:20:55 PM
Molde ligg i skrivande stund også rundt midten av tabellen i Eliteserien.
5
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
February 09, 2025, 20:39:12 PM
Quote from: andreas1989 on February 09, 2025, 20:33:38 PMBåde Per-Ove og Freyr siteres nå i BA på at man ønsker 2 nye inn.

Synest eg høyrest ut som eit fornuftig antal.
6
Brann / Re: Freyr Alexandersson
February 09, 2025, 10:38:54 AM
Quote from: haak on February 09, 2025, 09:56:18 AMThomas arbejder særligt med fokus på individuel og positionelt tilpasset træning i hold kontekst.

Her har vi kanskje litt å hente, ja.
7
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
February 08, 2025, 15:52:16 PM
Quote from: Kjell249 on February 08, 2025, 15:28:55 PMVeldig mye fokus på kamp, jeg tror vel så viktig er å få inn spillere som sørger for at kvaliteten og kvantiteten på treningene er høy nok. Vi har blitt en klubb som utvikler spillere. Det er viktig å fortsette med.

Antall tilgjengelige spillere på trening etter nyttår har vært svært lavt, og skaper veldig dårlige utviklingsforhold.

Også de unge talentene blir bedre av økt kvalitet i hverdagen. Selv om det gjør konkurransen større. Så forsterkninger er det absolutt behov for, og så snart som mulig.

Det er eit godt poeng, men samtidig er speletid på eit høgare nivå også viktig  for vidare utvikling. Om talenta trener saman med førstelaget samtidig som dei berre speler for Brann 2, er eg redd for at utviklinga kan stoppe opp.
8
Brann / Re: Treneren etter Freyr Alexandersson
February 08, 2025, 11:47:59 AM
Quote from: Superjack on February 08, 2025, 11:10:25 AMJeg la merke til denne i BA sin artikkel om trenerjakten:
"Noen var helt uaktuelle på grunn av økonomi, som Kjetil Knutsen, Ronny Deila og Ole Gunnar Solskjær."

Dette synest jeg er uheldig om det stemmer. Om KK hadde vært tilgjengelig så hadde det vært helt greit å sprenge banken for Kjetil.
Om Kjetil hadde krav om 8-10 millioner i årslønn, så hadde Brann fint klart det. Det hadde også garantert økt verdien på Brann i sponsormarked og ikke minst, spillermarkedet, umiddelbart.

Nå kan det hende at dette er en unøyaktighet og at Kjetil hverken ville, og kanskje også Brann heller ikke ønsket, å gå den veien. Uavhengig av økonomi.

Spørsmålet er korleis forholdet mellom Knutsen og omgivelsane hadde blitt. Brann har blitt ekstremt opptatt av "totalpakken", der både det sportslege, omdømmemessige og identitetsmessige  står i sentrum. Ikkje minst med tanke på supportarane sin posisjon i klubben.

Ein kan få inntrykk av at Knutsen, Thomassen & co krever fullstendig lydigheit mot styret og den sportslege leiinga og at supportardemokratiet står særdeles svakt i Bodø for tida.

Eg er redd det hadde blitt stygge scener i Bergen med Kjetil Knutsen på trenarbenken, om han ikkje hadde klart å belite seg nokonlunde. Og då hadde han vel ikkje vore Kjetil Knutsen lenger?

9
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
February 08, 2025, 11:37:12 AM
Dersom vi ikkje kan hente klare oppgraderingar, bør vi i størst mogleg grad gi sjansen til dei lovande unggutane våre. Ikkje alle vil ta steget, men det er påfallande kor ofte dei unge spelarane har gjort det bra når vi har blitt tvungne til å bruke dei. I tillegg har det vel sjeldan vore like mange store talent i dei yngre rekkene våre?
10
Brann / Re: Hvor er de nå? Tidligere Brannspillere
February 05, 2025, 19:38:12 PM
Han virkar å slite med noko i kvardagen. Lurer på korleis han vil takle pipekonserten på Stadion.
11
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
February 05, 2025, 19:33:40 PM
Quote from: BrannAnd on February 05, 2025, 13:39:20 PM
Quote from: andreas1989 on February 05, 2025, 09:28:56 AMBak har en profil som er spennende, men koster vel fort mer enn Alexander Andersen.
Og der kom det nyheter fra Danmark om at en av de andre venstrebackene, Christian Sørensen, har avslått en låneovergang til Molde av familiære årsaker. Kanskje en låneovergang til Bergen kunne vært mer interessant? Enten i form av lettere reisevei til/fra Danmark eller en mer attraktiv by å flytte til. Samtidig ville 32-åringen bare vært en midlertidig løsning, men det kunne kjøpt oss tid med tanke på hvor Torsvik står. Dumt å investere tungt i en ung venstreback, så viser det seg at Torsvik kommer tilbake for fullt.

Eg ser ikkje på venstrebacken som den store akilleshælen (eller "fettputen", som det heiter i Ballspark). Med Torsvik på veg tilbake og ein lovande Kvale i bakhånd, bør ein ikkje hente inn eldre spelarar som gjer vegen lengre til førstelaget for dei unge håpefulle.  Og eg meiner det også er altfor tidleg å avskrive Soltvedt. No er han endeleg smertefri for første gang på ti månader og eg trur det ligg eit stort potensial i samarbeidet mellom han og Heggebø.  I enkelte kampbilete treng vi meir gode innleggsføter og dødsballskvalitetar enn backar som spring som piska skinn ned langs sidelinja.
12
Brann / Re: Brann i media
February 01, 2025, 20:08:47 PM
BA er klasse for tida. Ikkje ute etter krisemaksimering eller slå-oss-sjølve-på-brystet-fordi-vi-var tre-minutt-før-andre-med-breaking-news, men heller analyser og gode vinklingar. Wathne og Mjelde blir gode og interessante tilvekstar i år og eg ser ingen grunn til å halde fram med abonnementet mitt på BT.
13
Brann / Re: VAR- tråden
January 29, 2025, 17:37:40 PM
Quote from: Henki on January 29, 2025, 17:01:44 PMEg trur løysinga på denne saka ligg i eit kompromiss, og eg trur òg at det kompromisset ligg i ei utvikling og forbetring av VAR.

For så vidt eit interessant forslag, men kan vi då vente med å bruke verktøyet til det er kraftig forbetra?
14
Brann / Re: VAR- tråden
January 29, 2025, 17:17:24 PM
Ein oppnår absolutt ingenting med aksjonar, bortsett frå meir fokus på utanomsportslege hendingar og ein større avstand mellom leiinga i NFF/klubbane og dei mest ihuga supportarane. Eg er moderat VAR-motstandar sjølv og er ikkje tilknytt noko supportargruppering. Eg står fast på Frydenbø, men identifiserer meg ikkje med grupper som tyr til sabotasje og protestar som går ut over vanlege publikumarar.

Det er NFF si handsaming av saka som står til stryk her og som gjer at eg forstår at protestane blir voldsomme. Innføringa av VAR var på ingen måte demokratisk, og NFF tok til og med sjølvkritikk for prosessen. Når dei i tillegg ser dei voldsomme reaksjonane på VAR i løpet av fjorårssesongen, inviterer medlemmene til å delta i dei demokratiske prosessane og til tross for fagre ord ikkje legg særleg vekt på medlemmene i toppklubbane sitt syn, må det bli bråk.

Og nei, eg kjem ikkje til å kaste fiskekaker eller tømme fiskesuppe på motstandarkeeperen, om det er dét du trur.
15
Brann / Re: VAR- tråden
January 29, 2025, 16:52:36 PM
Eksempelet til Lasaron var kanskje ikkje realistisk, men i sin urealisme viser den den absurde realismen i NFF sitt skinndemokrati. Beskjeden frå Klaveness og co er klar: viktige spørsmål som VAR kan ein ikkje overlate til følelsesstyrte og lite rasjonelle supportarar. Dei kan ein bruke for å skape engasjement rundt og reklame for "produktet Eliteserien", men berre gløym at dei skal bestemme over eit inngripande element som berre angår éin av dei utallige divisjonane i det norske seriesystemet.

Så legg vekk snakket om medlemsdemokrati og medbestemming. I vår kjem dessverre VAR-bråket til å overskygge det meste i den øverste divisjonen. Og hovudskulda for det må leggast på NFF
16
Brann / Re: Sesongen 2025
January 28, 2025, 22:21:44 PM
Pokker så imponert eg blir om Freyr klarer å stabilisere Brann på eit høgt nivå denne sesongen.

Dei tre viktigaste kontinuitetsberarane frå det forrige trenarteamet er borte, eit trenarteam som etter sigande har fått maks ut av spelargruppa gjennom hard og god trening. I tillegg er to av dei faste spelarane frå sist haust, som er ganske så sentrale i det viktige presspelet, borte. Fleire av våre beste menn kan følge etter.

Legg til at pressa og omgivelsane, som nok ville ha gitt Horneland mykje slack for ein mellomsesong i serien, vil vere i hælsenene på Freyr & co om vi skulle oppleve den same forventa nedturen. For ikkje å snakke om all driten POL og Kalvenes må tole pga trenartilsetjinga og den gamle assistenten sin plutselege avgang.

Gangi þér vel, Freyr.
17
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
January 28, 2025, 21:04:58 PM
Vi vil aldri kunne erstatte ein spiss av Heggebø sitt kaliber med ein like god spiss frå Eliteserien. Med mindre vi sprenger sparegrisen, noko vi heldigvis ikkje kjem til å gjere. Å miste Heggebø vil vere nesten like kritisk som å miste Felix.
18
Brann / Re: Brann i media
January 27, 2025, 15:48:18 PM
Då kan BT iallefall takke seg sjølve om BA (for)blir det einaste seriøse alternativet i bergenspressa. Blir ingen "breaking news" på Bøyum & co framover.
19
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
January 25, 2025, 21:45:52 PM
Skal eg tippe på islandske backar, vil Karl Friðleifur Gunnarsson hamne høgt på lista. Eg må innrømme at eg veit lite eller ingenting om han, bortsett frå at han er 23 år, er høgreback på Vikingur og har u-21-kampar for Island. Han vart, utfrå mine begrensa islandskkunnskapar, kåra til Vikingur sin beste spelar i fjor og han skal visstnok også vere rask.
20
Brann / Re: VAR- tråden
January 18, 2025, 23:46:23 PM
Re:Brannkake. Det er den fullstendig grunnlause generaliseringa og i enkelte tilfelle demoniseringa av VAR-motstandarar og enkelte supportargrupper (ikkje nødvendigvis frå deg) eg reagerer mest på. For ein liberal fyr som meg sjølv, som ikkje har noko tilknytning til ei einaste supportargruppe eller har noko stort ønske om å vende tilbake til gjørmete baner og "jumpers for goalposts", er det ganske forstemmande å bli slått i hartkorn med reaksjonære nostalgikarar, eller endå verre, høgreekstreme realitetsfornektarar. VAR-motstandarane er truleg ei like heterogen "gruppe" som VAR-tilhengarane.

Om du synest VAR utgjer ei ekstra spenning i ein kjedeleg kamp, heilt greit. Om du meiner at vi må ha teknologi for å unngå feil avgjersler, er det også eit legitimt argument som du skal få lov til å ha. Eg diskuterer både med tilhengarar og motstandarar av VAR på ein jamnleg basis, utan at vi blir rykande ueinige for det. Men eg synest det er problematisk når meiningsmotstanderar blir tillagt haldningar eller blir assosiert med t.d. radikale grupper for å diskreditere synet deira.
21
Brann / Re: VAR- tråden
January 18, 2025, 19:35:38 PM
Re: Brannkake. Du må gjerne forklare kvifor du meiner teksten, som er milevis betre begrunna enn t.d. Hangeland si udokumenterte synsing, er "ekkokammer". Dessutan håpar eg du ikkje set likheitstrekk mellom ytterleggåande politiske rørsler og ei mangslungen gruppe som "VAR-motstandarane" tross alt er. For sjølv om du meiner at eit par vitenskapar (og då brukar eg "vitenskapar" i ordets vidaste forstand) bygger opp under synet ditt, er det relativt voldsomme insinuasjonar du kjem med her.
22
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 13, 2025, 22:45:42 PM
Eg såg også på BT og synest Bøyum elles stilte gode spørsmål. Vi verkar hakket meir entusiastiske over trenarvalget enn det Molde-supportarane gjorde. Men igjen, det er sjeldan du ser orda "Molde" og "entusiasme" i same setning. Kulaste prosjektet i Norden? Då skal du ha spesielle preferansar.
23
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 13, 2025, 22:32:25 PM
Blei det spurt spesifikt om akademiet og utvikling av spelarar frå eigne rekker? Fekk ikkje med med det verken på pressekonferansen eller intervjua etterpå.
24
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 12, 2025, 18:37:38 PM
På ingen måte ei samanlikning, Andreas, men begge innehar verbale attributtar som uinnvidde ville peike på som typisk "bergenske".
25
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 12, 2025, 18:32:43 PM
Om Høibraaten og Davyen er velkomstkommité, trengs jo ingen vidare innføring i  "det bergenske folkelynnet", som visstnok er så viktig.
26
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 12, 2025, 18:28:14 PM
Eg burde vite betre, men eg trur dette blir bra!
27
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 12, 2025, 16:32:15 PM
Absolutt, Corran, og dessutan er det snakk om beskjedne investeringar i sjølve verktøya. Det handlar mest om å ha rett folk til å analysere tala slik at ein finn spelarar som passar best til spelemåten ein vil bruke.

Akkurat no trur eg Brann har mykje meir utviklingspotensiale på rekruttering enn treningskultur, treningsfasilitetar og spelarutvikling. Iallefall har Brann verka som det best trente laget i Norge, både fysisk og når det gjeld individuell og kollektiv utvikling. Med dei nye treningsbanene på Nymark vil eg tru at det blir endå betre.
28
Brann / Re: Freyr Alexandersson
January 12, 2025, 15:46:45 PM
Quote from: Kagain on January 12, 2025, 11:00:07 AM"Der har været ting, som jeg aldrig har oplevet før. Jeg havde næsten ingen magt i forhold til rekruttering.

- Vi havde mulighed for at hente rigtig, rigtig dygtige spillere på højt niveau, som 100 procent ville forstærke holdet. Men de ville ikke hente dem, og det var på grund af mit netværk. Det havde jeg svært med til sidst. "


Det ser altså ut som at de som mener at sportslig ledelse skal styre showet og hente spillere uten at trenerne får noe å si, muligens har laget en god unnskyldning videre.

Han snakker også om at de i Kortrijk ikke var like profesjonaliserte med tanke på kompetanse hos de som styrte i klubben. Eller som han blir sitert

"Så den know-how, som vi har, er helt anderledes end den i Kortrijk, som var præget af følelser"
 

Eg meiner bestemt at ein moderne klubb av ein viss størrelse bør ha ei analyseavdeling i tillegg til eit speidarnettverk, som begge jobbar tett opp mot rekrutteringsavdelinga. Dette er rett og slett fordi det finst så omfattande og presise analyseverktøy som lett kan identifisere spelarar som elles ikkje hadde vore så lette å snappe opp.

Det er ikkje snakk om at sportsleg leiing skal styre showet åleine eller at trenaren ikkje skal få komme med innspel. Men heile rekrutteringsprosessen må verte meir profesjonell, slik at ein ikkje blir avhengig av kjennskap, kontaktar og preferansar til den enkelte trenaren. Heller ikkje at nokre speidarar reiser rundt i heile Skandinavia og noterer ned namn på hundrevis av spelarar på eit papir, som POL deretter krøllar ihop og kastar i bossbøtta.

Om Brann har ei nokonlunde oppegåande rekrutteringsavdeling har eg mine tvil om. Mest pga POL sine uttalelsar då Opsahl blei henta og at Horneland henta så mange spelarar frå Haugesund. Så det er fint om Freyr kan skaffe toppspelarar til Brann gjennom kontaktene sine, men det er ikkje slik vi bør drive på sikt.
29
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
January 10, 2025, 20:05:36 PM
Visstnok Ole Sæter. Han har takka nei i påvente av eit betre tilbod frå Årdal FK.
30
Brann / Re: Sesongen 2025
January 07, 2025, 19:55:12 PM
Korleis står det til med Martin Hellan?
31
Brann / Re: Partoutkort 2025
December 24, 2024, 00:50:24 AM
Det er nesten alltid ein del ledige plassar på Frydenbø, sjølv når kampane er utselde. Tippar det er partoutkortinnehavarar som av ein eller annan grunn aldri kan gå. Flott om dei i så fall ikkje fornyer korta sine.
32
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 17:30:12 PM
Quote from: Nixon on December 20, 2024, 11:59:49 AMDette er en "Goddag mann økseskaft"-diskusjon der det diskuteres to ulike ting.

Eg veit ikkje om det er eg som er den impliserte døve gubben her, men då får vi droppe den overordna transferstrategien frå diskusjonen.

Eg kan vere med på at ein trenar kan ha gode innspel når ein skal ha ein viss spelartype inn, men samtidig meiner eg det potensielt kan vere øydeleggande om ein trenar skal legge ned veto mot ein kandidat som speidarane/analysefolka meiner er ideell for klubben og dens spelestil.

Min påstand er at dei fleste trenarar har minimal innsikt i dei fysiske, tekniske og mentale eigenskapane til 90% av dagens spelarar. Så på kva grunnlag, bortsett frå at dei har trena dei sjølve, sett dei i kamp eller har høyrt om dei via andre, kan dei vurdere om akkurat denne spelaren er den beste å hente? Eg fryktar at eit eventuelt "stort" trenarnamn vil vere ekstra "påståeleg" i diskusjonen med den sportslege leiinga.

Når det gjeld spelarperspekrivet, bør det vere opplagt at om du signerer for Brann inneber det at du går til eit lag som spelar offensiv og underhaldande fotball og det er fokus på utvikling, relasjonar og blodig seriøsitet. Uansett kven som er trenar. Det er ikkje sikkert vi er der enno, men det bør jo bli målet på sikt.

Av desse grunnane meiner eg at Brann må kunne signere spelarar utan at ein hovedtrenar er på plass. Kanskje er dette nokre år fram i tid, kanskje er det utopisk, men eg trur det er vegen å gå dersom Brann skal bli ein stabil og forutsigbar klubb.

Pokker, det blei mykje overordna transferstrategi her også, men eg klarer ikkje å sjå at det to separate diskusjonar.
33
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 11:59:04 AM
Og igjen, frå perspektivet til ein potensiell signering: om du ikkje blir overbevist av visjonane og innsalget til den sportslege leiinga, og må ha stadfesting frå hovedtrenaren på at du er ønska, er det ikkje sikkert du er typen til å signere for Brann.
34
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 11:54:51 AM
Nei, det er lett å forstå, Gladiporno, men ueinigheita vår går kanskje på kor stor makt trenaren skal ha i å bestemme kven som skal hentast. Eg trur faren er stor, iallefall i den moderne fotballen, at trenarar har begrensa innsikt i kva som finst på markedet. Dessutan, om historikken til trenaren er at han spelar defensiv og kjedeleg fotball og at han er ein tverr kødd, bør han jo ikkje trene SK Brann.
35
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 11:40:35 AM
Eg har ikkje tid til å gi lange svar til dei gode innlegga her, men eg vil klargjere nokre ting.

1. Det er ikkje POL åleine som skal rekruttere spelarar. Dagens scoutingverktøy er så avanserte og gode at ein ikkje skal vere avhengige av enkeltpersonar for å rekruttere nye folk. Det er ikkje nødvendigvis ein hemsko at trenaren skal få komme med innspel, men i tilfellet Horneland trur eg han har hatt for mykje makt. Jamfør alle potetene frå Haugesund.

2. Vi snakkar ikkje om to vidt forskjellige måtar å spele fotball i frå kamp til kamp. Grunnspelet (Plan A) bør så langt som mogleg perfeksjonerast, men som vi har sett i år, har Plan A ikkje alltid lukkast. Å få inn t.d. Mathisen for Blomberg har endra kampbiletet fleire gongar i år. Ein god trenar vil også kunne nytte seg av egenskapane til ulike spelarar til å endre/variere taktikk/formasjon.

3. Med ein sportsplan som den som føreligg no må aldri typar som LAN hentast.
36
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 10:38:48 AM
Trenaren skal ta ut laget, ja. Men ikkje rekruttere eller overbevise spelarar til å komme til klubben. Det er det heilt andre som skal ta seg av. Og om spelarar er mest opptatt av kven trenaren for laget er, er det kanskje best at dei held seg borte.
37
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 10:28:01 AM
No er ikkje Saint Etienne akkurat gastrohovudstaden Lyon, men eg tvilar på at marknaden for poteter frå Haugalandet er spesielt stort der heller.
38
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 10:16:44 AM
Quote from: Nixon on December 20, 2024, 09:38:15 AMEllers for å spørre på denne måten: Hvilken samtale tror du er viktigst for en ny spiller? Den med sportsjefen eller den med treneren?

Det bør jo vere samtalen med den sportslege leiinga. Det er jo dei som skal "selge inn" prosjektet og fortelle deg kva rolle dei ser for seg for deg i klubben. Om leiinga ikkje klarer det, bør dei kanskje vurdere stillinga si. Igjen, det er ikkje trenaren som bør vere ledestjerne, klubbyggar og selgar. Då står ein igjen på bar bakke ved kvart trenarbytte.
39
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 10:03:44 AM
Eg er med på den, Kagain, men samtidig bør klubben ha ulike spelartypar med ulike kvalitetar, som gjer at ein kan endre kampbilete i løpet av ein kamp. Uansett er det klubben sin sportsplan/sportslege leiing som bør legge føringane her.

Visst klubben har bestemt seg for å spele ein aggressiv, offensiv og høgtpressande fotball, der spelarane skal vere pressresistente ha gode tekniske ferdigheiter, er det den type spelarar klubben må gå for, uavhengig av om trenaren ønsker dei. Trenaren sin jobb bør vere å få det beste ut av spelartroppen han har til rådigheit, ikkje å rekruttere spelarar til klubben.
No har vel alle klubbane i Norge tilgang til Glimt sitt analyseverktøy, så jobben med å finne rett spelartype bør vere enklare.

Summa summarum er poenget mitt at Brann ikkje bør vere ein trenarstyrt klubb. Det å vere topptrenar i dag er så krevande at vedkommande bør bruke kreftene i garderoben og på treningsfeltet. Om ting går i dass no som Horneland er borte, understrekar det berre poenget om at det er den sportslege leiinga som bør sitte med styringa, og ikkje den til einkvar tid sittande trenaren.
40
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 09:34:51 AM
Eg trur fokuset på trenaren er overdrive, Nixon. Har dei fleste spelarane forutsetningar til å vurdere kva kvalitetar dei ulike trenarane har, om dei ikkje har spela for dei tidlegare? Eg kan forstå at ein del spelarar vil gå til Glimt pga Kjetil Knutsen, men i Bodø er faktorar som lønn og sportslege utfordringar minst like viktige.

Brann leitar etter sigande etter ein trenar som skal spele offensiv og underhaldande fotball. Det er engasjement på tribunene og vi skal ut i kvalik til Champions League. Om dét ikkje nok å lokke med, lurer eg litt på kva som skal til.

Når det er sagt, håpar eg ikkje på altfor mange kjøp. Brann har landets beste junioravdeling og hovudfokus bør vere på å rekruttere derfrå.
41
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 09:07:32 AM
Det kan så vere, Gladiporno, men hovedpoenget mitt er at det er den sportslege leiinga som bør vere den aktive parten i overgangane, og ikkje trenarar eller agentar. Sjå berre på det salige kaoset som oppstår i andre klubbar som ikkje har hatt ei fungerande sportsleg leiing eller eit godt speidarnettverk.

Og dessutan bør jo det å spele for Brann i den posisjonen klubben er i no vere nok til å lokke spelarar til klubben uavhengig av kven som sit i trenarstolen.
42
Brann / Re: Overgangsvinduet vinteren 2024/2025
December 20, 2024, 08:31:23 AM
Må ein vente til ein ny trenar er på plass før ein hentar nye spelarar? Bør ikkje ein framoverlent klubb med god sportsleg leiing kunne hente spelarar med rett profil? Det er vel ikkje trenaren som skal rekruttere nye spelarar, men heller sportssjefen, godt hjulpen av speidarnettverket? Når ein har så tydelege føringar på kva ein ser etter i ein ny trenar, bør ein vel også ha det når det gjeld spelarar? Vi bør aldri la trenarar og agentar styre kva spelarar som kjem inn portane på Stadion.
43
Einig med alt her, krakra. I begynnelsen var jo Knutsen i stor grad avhengig av å satse på unge lokale talent pga små økonomiske musklar og Bodø si i utgangspunktet minimale tiltrekningskraft.

Brann anno 2024 har eit heilt anna utgangspunkt og eg er redd draumen om Champions League vil legge ambisjonslista for høgt med tanke på investeringar i nye spelarar. Eg fryktar lojaliteten mot ein sunn og bærekraftig sportsplan må vike for jaget etter kortsiktig suksess.

Og vil Knutsen vere villig til "skru klokka tilbake" seks år og igjen bygge lag med lokale talent etter den suksessen han har oppnådd, når europacupspel er så innanfor rekkevidde? Eg tvilar sterkt.
44
Det ville vere ei fallitterklæring av dimensjonar å ikkje satse knallhardt på å rekruttere frå Norges beste junioravdeling. Glimt si satsing på eigne ungdommar er ikkje-eksisterande og eg tippar Knutsen har ein pølsefinger eller to med i det spelet.

Eg håpar den neste trenaren blir endå flinkare enn Horneland til å bruke talent frå eigne rekker og at POL, Kalvenes og resten av klubben står imot press for å vike endå meir frå sportsplanen. Hentar dei Knutsen, er eg redd dei vil gi han frie tøylar og alle mulige og umulige midlar til lukkast. Om han då mislukkast, er vi tilbake i den negative spiralen vi kjenner så altfor godt frå historia til SK Brann.
45
Brann / Re: VAR- tråden
November 20, 2024, 21:06:35 PM
Er det der vi har komme? At vi tillegg meiningsmotstandarar meiningar og haldningar basert på alder og motvilje mot endring? Visst pokker pushar eg 50, men eg synest stort sett nymotens ting er kjekke og spennande. Og VAR er noko drit, for ordens skuld.
46
Brann / Re: Skader og karantener
November 13, 2024, 18:47:38 PM
Ballspark-gjengen hevdar hardnakka at Kristian Eriksen må stå over p.g.a. gule kort. Det er vel berre tull? Breivik og Amundsen må sone karantene mot Brann.
47
Håpar det, Nixon. Satsar på at klubben har gjort alle nødvendige undersøkelsar.
48
Quote from: Utmedsnolken on October 19, 2024, 21:54:34 PMhvordan skal store stå fungere neste år? Gamle oppe og unge nede? Eller varierer det med været?

Eg sende ein epost til Brann og dei skreiv at øvre Store Stå skulle vere uendra neste år. Ganske merkverdig om ein lar fleire hundre plassar ståande tomme i europacupane. Hadde det kosta skjorta å montere godkjente sete på øvre Store Stå og i borteseksjonen? Tippar det blir megen tenners gnissel når det drar seg til med e-cup og det berre er plass til 15 000.