Buss frå Helteplassen

Helteplassen i Budapest. Foto: Wikipedia Commons

Bergensarane som samlast i Budapest før kamp, vert passande nok henta av bussar på Helteplassen.

For å komme deg dit kan du ta M1 frå sentrum, som ein av Europas eldste metrolinjer, til stoppet «Hősök tere» – Helteplassen. Sjå kartet under.

Bussane går presis klokka 11:00. Oppmøte er seinast klokka 10:45. Hugs å ta ut kontantar før turen. Billettar skal betalast kontant – i Euro – på stadion i Ružomberok. Dei kostar €5, og du må vise ID sidan billettane er registrert på namn.